Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-27. Oppmelding til eksamen

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering

Oppmelding til eksamen

Utdanningsdirektoratet skal fastsetje fristar og rutinar for oppmelding til eksamen. Alle elevar som deltar i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen, skal bli melde opp til eksamen av skolen. Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg opp til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. Oppmeldinga skjer til skolen. Lærlingar og kandidatar for fagbrev på jobb blir melde opp til eksamen av lærebedrifta. Privatistar må sjølve melde seg opp til eksamen ved den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset. Privatistar kan berre melde seg til same eksamen éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen fastset, avgjer om oppmeldinga kan godkjennast. Privatistar skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Privatistar skal ikkje betale for utsett og ny eksamen.

Reglene bestemmer hvem som skal melde elevene opp til eksamen. Skolen melder normalt opp elevene, mens lærlinger meldes opp av bedriften. Enkelte må melde seg opp selv, og privatister må betale en avgift.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 9-27 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →