Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-3. Karakterar i fag

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering

Karakterar i fag

Frå og med 8. trinn skal elevane få vurdering med karakter i faga. Det er berre krav om karakterar ved halvårsvurdering og sluttvurdering. Det skal brukast heile talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Karakterane skal vise til desse gradane av ferdigheit hos elevane: a) karakteren 6: framifrå kompetanse i faget b) karakteren 5: mykje god kompetanse i faget c) karakteren 4: god kompetanse i faget d) karakteren 3: nokså god kompetanse i faget e) karakteren 2: låg kompetanse i faget f) karakteren 1: svært låg kompetanse i faget. I vidaregåande opplæring består ein eit fag med karakteren 2 eller betre. Med karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag blir faget rekna som bestått når eksamenskarakteren i faget er 2 eller betre. Dette gjeld ikkje for tverrfagleg eksamen. Departementet kan fastsetje i læreplanen i eit fag om uttrykka «bestått» og «ikkje bestått» eller «deltatt» og «ikkje deltatt» skal brukast i staden for talkarakterar.

Elever fra 8. trinn skal få karakterer i fagene ved halvårs- og sluttvurdering. Det brukes en skala fra 1 til 6, der 6 er fremifrå og 1 er svært lav kompetanse. I videregående opplæring må man ha karakteren 2 eller bedre for å bestå faget.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 9-3 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →