Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-55. Organisering av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering

Organisering av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva og for å gjere kandidatane kjende med reglane for prøva. Prøva skal som hovudregel haldast før læretida er over, men ikkje tidlegare enn tre månader før. Kandidatane må fullføre læretida for å få fag- og sveinebrev og praksisbrev. Dei som har opplæring i bedrift, skal som hovudregel ta prøva i den lærebedrifta der dei har fått det meste av opplæringa. Prøva skal tilpassast verksemda i lærebedrifta. Fylkeskommunen kan etter råd frå prøvenemnda avgjere at heile eller delar av prøva skal haldast ein annan stad. Praksiskandidatar kan bli bedne av prøvenemnda om å komme med forslag til kvar eller korleis fag- eller sveineprøva kan gjennomførast.

Fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre og informere om fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva. Prøva skal som hovudregel haldast i lærebedrifta mot slutten av læretida.AI

Les hele forskriften i sammenheng →