Forskrift
Nynorsk
§ 9-56. Oppmelding til fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Oppmelding til fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Lærebedrifta skal melde opp ein som har læretid i bedrift til fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Skolen skal melde opp elevar til fag- eller sveineprøva.
Oppmeldinga av dei som har læretid i bedrift skal sendast til den fylkeskommunen der kontrakten om opplæring er godkjend, seinast innan to månader før kontraktstida er ute. Oppmeldinga av elevar skal sendast til fylkeskommunen der skolen ligg.
Praksiskandidatar må sjølve melde seg opp til fag- eller sveineprøva til fylkeskommunen innan den fristen som fylkeskommunen fastset. Praksiskandidatane skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Dei skal ikkje betale for utsett prøve etter § 9-67, eller for ny prøve ved medhald i klage på bortvising eller annullering etter §§ 9-68 og 9-69.
Lærebedrifta og skolen har ansvar for å melde opp lærlingar og elevar til fagprøver. Praksiskandidatar må melde seg opp sjølve og betale ei avgift til fylkeskommunen.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
Se ogsåOpplæringsforskrifta § 9-67Opplæringsforskrifta § 9-68Opplæringsforskrifta § 9-69referert av 1 →
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-56 i opplæringsforskrifta.