Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11-7. Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering

Opplæringslova·Kapittel 11. Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging

Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering

Før kommunen eller fylkeskommunen avgjer om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring, skal dei hente inn ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal ta stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging etter §§ 11-4 og 11-5, skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng. Kommunen og fylkeskommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket. I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå reglane om innhaldet i og organiseringa av opplæringa. Eleven eller foreldra må samtykkje før kommunen eller fylkeskommunen gjer ei sakkunnig vurdering, og før dei gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Eit tilbod om individuelt tilrettelagd opplæring skal utarbeidast i samråd med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på kva eleven og foreldra meiner.

Kommunen eller fylkeskommunen må hente inn en sakkunnig vurdering før de bestemmer om en elev har krav på individuelt tilrettelagt opplæring. Eleven og foreldrene må samtykke til vurderingen og vedtaket, og skal involveres i utformingen av tilbudet.AI

Se ogsåOpplæringslova § 11-4Opplæringslova § 11-5referert av 5

Sammenheng

Se også2
Referert av5

Koblinger for § 11-7 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →