Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 18-10. Rett til opplæring for vaksne som ikkje har opphaldsløyve

Opplæringslova·Kapittel 18. Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Rett til opplæring for vaksne som ikkje har opphaldsløyve

Det er eit vilkår for rett til førebuande opplæring at ein har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til førebuande opplæring ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 18 år. Dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, har berre rett til førebuande opplæring fram til datoen for det endelege vedtaket. Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne.

For å ha rett til forberedende og videregående opplæring må man ha lovlig opphold i landet. Personer over opplæringspliktig alder som venter på svar om oppholdstillatelse kan ha rett til forberedende opplæring i en begrenset periode.AI

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 18-10 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →