Lov
Nynorsk
§ 28-4. Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar
Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for dei som er innlagde i helseinstitusjonar i fylket. Fylkeskommunen skal også oppfylle denne retten for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn fjorten dagars fråvær per skoleår for barnet eller søskenet.
Ansvaret til fylkeskommunen omfattar berre innlagde som får spesialisthelsetenester finansierte av staten, og barn og søsken til innlagde som får slike tenester.
Fylkeskommunen der ein helseinstitusjon ligg, har rett til refusjon for kostnader til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten eller barnet eller søskenet til pasienten var busett på innleggingstidspunktet. Refusjonsretten gjeld berre ved innlegging i institusjonar som tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige, og innlegging i institusjonar i det psykiske helsevernet. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.
Blir opplæringa gitt i helseinstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.
Fylkeskommunen har ansvaret for at personer innlagt i helseinstitusjoner får grunnskole, videregående opplæring og forberedende opplæring for vaksne. Dette gjelder også barn og søsken til innlagte dersom fraværet sannsynligvis blir mer enn fjorten dager per skoleår.AI
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Referert av4
- Opplæringsforskrifta § 21-2Økonomisk ansvar for elevar som får grunnskoleopplæring utanfor bustadkommunen
- Opplæringsforskrifta § 21-3Økonomisk ansvar for grunnskoleopplæringa til elevar som blir plasserte i fosterheim eller i institusjon utanfor bustadkommunen
- Opplæringsforskrifta § 22-2Vilkår for refusjon av vertsfylket sine utgifter til gjesteelevar og storleiken på refusjonsbeløpet
- Opplæringsforskrifta § 22-3Satsar for refusjon av utgifter til opplæring i institusjonar
Koblinger for § 28-4 i opplæringslova.