Lov
Nynorsk
§ 4-1. Rett til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen
Opplæringslova·Kapittel 4. Skyss, leksehjelp, skolefritidsordninga, skoletur og overgang frå barnehage til skole
Rett til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen
Elevar på 1. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn to kilometer frå skolen. Elevar på 2. til 10. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå skolen.
Elevar har rett til gratis skyss dersom ein del av vegen er særleg farleg eller vanskeleg.
Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis.
Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen og skolefritidsordninga. Retten til skyss til og frå skolefritidsordninga gjeld ikkje i skoleferiane.
Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss.
Elevar i grunnskolen kan ha rett til gratis skyss basert på avstand til skolen eller om vegen er farleg eller vanskeleg. Retten gjeld også for båttransport, ved nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, og for elevar med fleire heimar.AI
Sammenheng
Referert av2
Nevnt i2
Koblinger for § 4-1 i opplæringslova.