Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9-4. Oppfølgingsteneste for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid

Opplæringslova·Kapittel 9. Skyss, bustad, oppfølgingsteneste og overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

Oppfølgingsteneste for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid

Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste. Oppfølgingstenesta skal sørgje for at dei som har rett til opplæring etter § 5-1 og ikkje er i opplæring eller arbeid, får tilbod om vidaregåande opplæring, andre kompetansefremjande tiltak eller arbeid. Ein er omfatta av tenesta fram til utgangen av det året ein fyller 24 år. Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. Oppfølgingstenesta skal formidle og samordne dei ulike tilboda. Departementet kan gi forskrift om oppgåvene til oppfølgingstenesta.

Fylkeskommunen skal ha en oppfølgingstjeneste for personer som ikke er i arbeid eller videregående opplæring. Tjenesten skal sørge for tilbud om opplæring, arbeid eller andre tiltak som fremmer kompetanse for personer frem til utgangen av året de fyller 24 år.AI

Se ogsåOpplæringslova § 5-1 første leddomtalt i 5 kilderreferert av 3

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av3
Nevnt i5

Koblinger for § 9-4 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →