Forskrift
§ 2-4. Søkjarar med utanlandsk utdanning
Søkjarar med utanlandsk utdanning
(1) Søkjarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifiserte for opptak ved Fagskulen Vestland, utan tilleggskrav i norsk, når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gjev generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk fagskuleutdanning, jf. fagskoleforskriften § 9 (1).
(2) Søkjarar utanfor Nordan kan søkje NOKUT om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring, jf. opplæringslova § 3-4 a. Alternativt må ein dokumentere opplæring og praksis ved autorisert translatør og ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studieretningar. Søkjaren må i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk på nivå med B2 i «test i norsk, høyere nivå («Bergenstesten»)» eller tilsvarande, jf. fagskoleforskriften § 9 (3).
(3) Det blir vist til fagskoleforskriften § 9 om utfyllande reglar om språkkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning.
Søkere fra nordiske land kan tas opp uten ekstra krav til norsk dersom utdanningen gir tilgang til tilsvarende høyere utdanning. Søkere fra land utenfor Norden må ha godkjent utdanning eller dokumentert realkompetanse, samt dokumentere kunnskaper i norsk på nivå B2.AI
Sammenheng
Koblinger for § 2-4 i opptaksforskrift-for-fagskulen-vestland.