Hopp til innhold
Forskrift

§ 2-5. Bruk av falske dokument ved opptak

Bruk av falske dokument ved opptak

(1) Bruk av falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar er ved opptak til Fagskulen Vestland forbode, jf. fagskoleloven § 16a første ledd. Søkjarar som handlar i strid med denne føresegna ved opptak til utdanning vil bli meldt til politiet, jf. fagskoleloven § 16a andre ledd. (2) Ein søkjar som har søkt opptak til Fagskulen Vestland ved bruk av falske vitnemål, falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, vil få dokumenta inndratt og får ikkje opptak til utdanning ved fagskulen i inntil eitt år, jf. fagskoleloven § 16a tredje ledd. (3) Vedtak om inndraging og karantenetid etter denne føresegna blir treft av den lokale klagenemnda ved Fagskulen Vestland med to tredels fleirtal. Klage skal handsamast av Nasjonal klagenemnd for høyere yrkesfaglig utdanning, jf. fagskoleloven § 16a tredje ledd, jf. § 20. Klage blir handsama nærmare i kapittel 5 i studieforskrift for Fagskulen Vestland.

Det er forbudt å bruke falske vitnemål eller dokumenter ved opptak til Fagskulen Vestland. Dette fører til politianmeldelse, inndragning av dokumentene og at man ikke får opptak ved skolen i inntil ett år.AI

Se ogsåFagskoleloven § 20Fagskoleloven § 16 a

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 2-5 i opptaksforskrift-for-fagskulen-vestland.

Les hele forskriften i sammenheng →