Forskrift
§ 3-1. Poengutrekning ved rangering av søkjarar
Poengutrekning ved rangering av søkjarar
(1)
Omtale Poeng
Det generelle grunnlaget for opptak etter § 2-2 (1) 10 poeng
Relevant yrkespraksis i 100 % stilling utover det generelle grunnlaget for opptak, jf. gjeldande studieplan 1 poeng per 6 mnd. (inntil 10 poeng)
Fagprøve med «greidd mykje godt» 5 poeng
Relevant fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet inkl. praksistid 5 poeng
Relevant fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet med «greidd mykje godt» 2 poeng
Gjennomsnittleg karakterpoeng av talkarakterane i alle fag Multipliserast med 10
(2) Ved opptak på visse vilkår etter § 2-3 (1) i denne forskrifta blir søkjaren tildelt rangeringspoeng for å ha oppfylt det generelle grunnlaget for opptak, sjølv om fag- eller sveineprøven endå ikkje er fullført og bestått. Opptak ved ei slik førehandstildeling av rangeringspoeng inneber at eventuelle tilleggspoeng oppnådd etter søknadsfristen 15. april ikkje kan tilleggjast vekt.
(3) Ved opptak på visse vilkår etter § 2-3 (2) i denne forskrifta blir søkjaren poengberekna på bakgrunn av alle tilgjengelege karakterar som søkjaren har oppnådd på tidspunktet for opptak, sjølv om den vidaregåande opplæringa endå ikkje er fullført og bestått. Dette inneber at karakterar oppnådd etter søknadsfristen 15. april ikkje kan tilleggjast vekt.
Denne regelen forklarer hvordan søkere blir rangert ved opptak. Poeng gis for grunnlag for opptak, relevant yrkespraksis, fagprøver og gjennomsnittlig karakter. Det er mulig å få poeng basert på ufullstendige kvalifikasjoner, men nye resultater etter søknadsfristen telles ikke med.AI
Se ogsåOpptaksforskrift for Fagskulen Vestland § 2-2Opptaksforskrift for Fagskulen Vestland § 2-3 første leddreferert av 1 →
Sammenheng
Se også2
Referert av1
Koblinger for § 3-1 i opptaksforskrift-for-fagskulen-vestland.