Forskrift
§ 3-3. Rangering av søkjarar som ikkje kan poengbereknast (realkompetansevurdering)
Rangering av søkjarar som ikkje kan poengbereknast (realkompetansevurdering)
(1) Kvalifiserte søkjarar som ikkje kan poengbereknast, og som er 23 år eller eldre i opptaksåret, blir rangert etter ei individuell vurdering basert på skjønn, jf. fagskoleforskriften § 17 (1), jf. fagskoleloven § 16 første ledd. Fagskulen Vestland fastset sjølv kriteria for denne vurderinga, jf. fagskoleforskriften § 17 (1).
(2) Formålet med vurderinga er å avdekke om søkjaren har likeverdige ferdigheiter og kunnskapar jamført med søkjarar som får tilbod om opptak etter rangering på grunnlag av poengberekning, jf. fagskoleforskriften § 17 (1). Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre gjelde for den utdanninga søkjaren blir realkompetansevurdert til.
(3) Kompetansen til søkjaren blir vurdert opp mot læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevante programområde. Informasjon om kva som er relevant yrkesutdanning er nedfelt i studieplanane. Søkjaren må dokumentere kompetanse i felles allmenne fag som svarer til nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), jf. fagskoleforskriften § 7 (1).
(4) Søkjarar som søkjer studieplass ved Fagskulen Vestland på bakgrunn av realkompetanse kan vere:
a) søkjarar som har fullført vidaregåande opplæring, men i eit anna utdanningsprogram enn det som er det formelle opptakskravet
b) søkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring
c) søkjarar med utanlandsk utdanning.
(5) Rektor er ansvarleg for å fatte vedtak om opptak på bakgrunn av realkompetanse etter innstilling frå opptakskomiteen, jf. § 1-3 i denne forskrifta.
Søkere fra 23 år som ikke kan poengberegnes, kan bli vurdert ut fra realkompetanse. Målet er å se om søkeren har kunnskaper som tilsvarer kravene for opptak til den spesifikke utdanningen.AI
Se ogsåFagskoleforskriften § 17Fagskoleloven § 16Fagskoleforskriften § 7Opptaksforskrift for Fagskulen Vestland § 1-3
Sammenheng
Se også4
Koblinger for § 3-3 i opptaksforskrift-for-fagskulen-vestland.