Forskrift
§ 4-1. Krav til politiattest
Krav til politiattest
(1) I utdanningar der studentar kan kome i kontakt med mindreårige som del av klinisk undervisning eller praksis, skal fagskulen krevje at studenten legg fram politiattest som omtalt i politiregisterloven § 39 første ledd. Fagskulen kan krevje at politiattest blir lagt fram både ved opptak og undervegs i utdanninga, jf. fagskoleloven § 27 første ledd.
(2) Fagskulen har plikt til å gjere kravet om politiattest kjent for studentar ved opptak til studium som er omfatta av desse krava, jf. fagskoleforskriften § 19.
(3) Søkjarar som er teke opp til studium der det blir kravd politiattest skal, saman med melding om at dei tek imot tilbod om studieplass, stadfeste at dei kjenner regelverket om politiattest, og at dei innan fristen vil levere denne, jf. fagskoleforskriften § 21. Søkjar må leggje fram politiattest til fagskulen innan fire veker etter at søkjaren har fått tilbod om studieplass, og attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader på det tidspunktet den blir lagt fram for fagskulen, jf. fagskoleforskriften § 20.
(4) Ein student som ikkje legg fram politiattest i samsvar med reglane har normalt ikkje rett til å ta del i klinisk undervisning eller praksis ved fagskulen, og får ikkje utdelt vitnemål, jf. fagskoleloven § 27 tredje og fjerde ledd.
Studenter som skal ha praksis eller undervisning med mindreårige må legge fram politiattest. Fagskulen skal informere om dette kravet, og manglende attest kan føre til at studenten ikke får gjennomført praksis eller mottatt vitnemål.AI
Se ogsåPolitiregisterloven § 39Fagskoleloven § 27 første leddFagskoleforskriften § 19Fagskoleforskriften § 21
Sammenheng
Se også5
Koblinger for § 4-1 i opptaksforskrift-for-fagskulen-vestland.