Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 3-9. Opptak på vilkår på grunn av dokumentert fråvær ved eksamen

Opptaksforskrifta·Kapittel 3. Unntak frå krav om generell studiekompetanse og opptak på vilkår

Opptak på vilkår på grunn av dokumentert fråvær ved eksamen

Søkarar som har dokumentert fråvær ved eksamen, jf. opplæringsforskrifta § 9-36, kan få opptak til høgare utdanning på vilkår av at søkaren har karakteren to eller betre i standpunktkarakter og består eksamenen ved første avhaldne eksamen etter opptaket. Det er ein føresetnad for opptak at søkarane oppfyller spesielle opptakskrav med sin standpunktkarakter. Søkarar som får opptak etter første ledd, kan ikkje få reservert studieplassen til seinare opptak. Studentar med opptak etter første ledd som ikkje fyller opptakskrava til studiet innan den fastsette fristen, mistar studieplassen og studieretten. Studentar som går opp til eksamen i eit studium dei har fått opptak til etter første ledd, får ikkje utteljing i studiepoeng for denne eksamenen utan at opptakskrava er oppfylte. Institusjonar som gir opptak etter første ledd, skal så langt det er mogleg og rimeleg legge til rette for at studenten både kan gå opp til eksamen i vidaregåande opplæring, og gjennomføre studiet. Dersom institusjonane ikkje kan legge til rette på denne måten, skal studenten få forlenge studieretten på same vilkår til neste gong det blir arrangert eksamen i det aktuelle faget i vidaregåande opplæring.

Søkere med dokumentert fravær ved eksamen kan få opptak til høyere utdanning på vilkår. Dette krever standpunktkarakter på to eller bedre og at eksamenen bestås ved første anledning.AI

Se ogsåOpplæringsforskrifta § 9-36

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 3-9 i opptaksforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →