Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 5-1. Om rangering, kvotar og karakterar

Opptaksforskrifta·Kapittel 5. Rangering av søkarar ved opptak

Om rangering, kvotar og karakterar

Opptak til studium skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som skal fordelast mellom søkarar som tilfredsstiller nærare bestemte krav. Alle kvalifiserte søkarar som innan fastsette fristar for opptaket dokumenterer at dei oppfyller kriteria for ein kvote, konkurrerer om studieplass i kvoten. Rangering i førstegongsvitnemålskvoten skjer på grunnlag av karakterpoeng og eventuelle poeng etter § 5-7. Rangering i ordinær kvote skjer på grunnlag av karakterpoeng og eventuelle poeng etter § 5-7 og § 5-8. Ved berekning av karakterpoeng i ordinær kvote skal karakterforbetringar erstatte tidlegare karakter(ar) i same faget. Karakterpoeng er gjennomsnitt av talkarakterar, med to desimalar, multiplisert med ti. Søkarar med høg poengsum skal rangerast framfor søkarar med låg poengsum. Søkarar med lik poengsum i ein kvote skal rangerast etter loddtrekning. Ved opptak til spesielt tilrettelagde studium på grunnlag av fag- eller sveinebrev (Y-veg), jf. § 3-4, avgjer institusjonen korleis poenga skal bereknast. Søkarar med karakteren mykje godt på fag- eller sveineprøven skal rangerast framfor søkarar med karakteren godt når søkarane elles har den same poengsummen. Søkarar som ikkje kan poengbereknast, skal rangerast i høve til poengberekna søkarar ved hjelp av ei individuell skjønnsmessig vurdering. For å få tilbod om opptak må søkaren ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkarar som får tilbod om opptak etter rangering på grunnlag av poengberekning.

Opptak til studier skjer ved at søkere rangeres innenfor ulike kvoter. De med høyest poengsum kommer først i rekken, mens lik poengsum avgjøres ved loddtrekning. Søkere som ikke kan poengberegnes, vurderes individuelt.AI

Se ogsåOpptaksforskrifta § 5-7Opptaksforskrifta § 5-8Opptaksforskrifta § 3-4referert av 2

Sammenheng

Se også3
Referert av2

Koblinger for § 5-1 i opptaksforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →