Forskrift
Nynorsk
§ 5-9. Spesielle kvotar
Spesielle kvotar
Når særskilde omstende gjer det ønskeleg, kan departementet fastsette spesielle kvotar for einskilde studium. Universitet og høgskular som ønsker å bruke spesielle kvotar, må søke departementet om det. Dei spesielle kvotane følger av vedlegg IV.
Studieplassane i ein spesiell kvote skal fordelast slik at 65 prosent av plassane blir sette av til søkarar i førstegongsvitnemålskvoten og 35 prosent til søkarar i ordinær kvote. Søkarar som fyller kriteria for opptak i ein spesiell kvote, men ikkje får tilbod om studieplass, konkurrerer vidare utanfor den spesielle kvoten, jf. § 5-5. Sjå likevel § 5-10.
Departementet kan bestemme at enkelte studium skal ha spesielle kvotar. Universitet og høgskular må søke om å få bruke slike kvotar. Plassane i desse kvotane blir fordelt mellom søkarar i førstegongsvitnemålskvoten og ordinær kvote.AI
Sammenheng
Koblinger for § 5-9 i opptaksforskrifta.