Forskrift
Nynorsk
§ 6-4. Korleis den nasjonale klagenemnda skal nemnast opp og vere samansett
Korleis den nasjonale klagenemnda skal nemnast opp og vere samansett
Departementet nemner opp klagenemnd for opptak til høgare utdanning.
Klagenemnda skal ha sju medlemmer og vere slik samansett:
a) ein leiar og ein nestleiar skal vere juristar, jf. advokatloven § 67. Departementet utpeikar leiar og nestleiar. Nestleiar er vara for leiar.
b) to medlemmer og to numeriske varamedlemmer frå dei institusjonane forskrifta gjeld for.
c) éin medlem med personleg varamedlem frå forvaltingsområdet for vidaregåande opplæring.
d) to medlemmer og to numeriske varamedlemmer som representerer studentane. Medlemmene skal oppnemnast i samsvar med forslag frå representative studentorganisasjonar.
Medlemmene oppnemnast for inntil fire år, med unntak av studentrepresentantane som oppnemnast for inntil to år. Medlemmene kan gjenoppnemnast éin gong. Personar som har vore varamedlemmer kan oppnemnast i to periodar som fast medlem.
Krava i likestillings- og diskrimineringsloven § 28 første ledd skal oppfyllast for studentrepresentantane og dei andre medlemmene kvar for seg.
Departementet utnevner en klagenemnd for opptak til høyere utdanning. Nemnda består av sju medlemmer, inkludert jurister, representanter fra utdanningsinstitusjoner, videregående opplæring og studenter.AI
Se ogsåAdvokatloven § 67Likestillings- og diskrimineringsloven § 28referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 6-4 i opptaksforskrifta.