Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2.

Oreigningslova·Kapittel I. Om kva som kan oreignast og kva det kan oreignast til. Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep.·Sist endret 1. januar 2012
Mot vederlag etter skjøn til den det råkar, kan oreigningsinngrep setjast i verk etter vedtak av eller samtykke frå Kongen, så langt det trengst til eller for: 1) Kyrkje og gravplass. 2) Universitet og høgskule. 3) Skule. 4) Museum. 5) Kringkasting. 6) Fengselstell. 7) Poststell. 8) Tollstell. 9) Telefon- og telegrafstell. 10) Fyrstell. 11) Hamnestell. 12) Brannstell. 13) Politistell. 14) Arbeidslæger for vernepliktige sivilarbeidarar. 15) Militærstell. 16) Luftferdsle. 17) Jarnveg, sporveg, kabelbane og hengjebane. 18) Bilrutedrift. 19) Varmekraftverk, vindkraftverk, kraftliner, transformatorstasjonar og andre elektriske anlegg. 20) Tiltak som tryggjer at kraftverk og kraftliner ikkje vert skadde eller øydelagde i ufredstid. 21) Tiltak som tryggjer at lager eller verk for drivemne ikkje vert skadde eller øydelagde i ufredstid. 22) Rettsrom. 23) Kontorrom for det offentlege. 24) Apotek. 25) Sjukehus og annan medisinal eller psykiatrisk heim og liknande. 26) Kommunale tiltak. 27) Samyrketiltak. 28) Fiske, fangst av sjødyr, akvakultur og verksemd i samband med slikt, medrekna undervisning, forskning og utvikling. 29) Velte- og opplagsplass for skogsvyrke, og tiltak for fløting. 30) Utnytting av skogsvyrke. 31) Bustadbygging eller å få eigar- eller bruksrett til tuft som det står hus på når huseigaren ikkje eig grunnen. 32) Industritiltak. 33) Hotell, herberge, matstove og liknande. 34) Møtehus og annan sams tilstelnad av liknande slag. 35) Barneheim, barnehage, leikeplass og liknande for born. 36) Ferieheim, helseheim, kvileheim og liknande. 37) Frimark, naturpark og anna markestykke der kven det er kan lauga seg eller halda til i friluft. 38) Idrottsplass. 39) Skibakke. 40) Skytebane. 41) Stasjon som tek imot oljerestar frå farkostar. 42) Opplagsplass eller destruksjonsverk for søppel eller anna avfall. 43) Plass til å grava ned, øydeleggja eller sterilisera dyreskrottar, smitteførande ting og liknande. 44) Atomverk. 45) Undersøking etter og utvinning av petroleum, og bygging og drift av røyrleidningar for transport av petroleum og av petroleumsprodukter med anlegg og sikringsfelt som høyrer til slike. 46) Kulturminnetiltak. 47) Vassforsyning og avløp. 48) Fjernvarmeanlegg 49) Vern og kultivering av anadrome laksefisk og innlandsfisk, og tiltak for fiske og anna verksemd i samband med dette. 50) Senking av grunnvassnivået. 51) Vasskraftproduksjon. 52) Tiltak for ferdsel og transport i vassdrag. 53) Tiltak til vern mot flom eller utrasing i vassdrag. 54) Øvrige vassdragstiltak som ikkje vert omfatta av nr. 29, 47 eller 50-53. 55) Skjøtsel og istandsetjing til naturvernformål. Vedtak eller samtykke kan ikkje gjerast eller gjevast utan det må reknast med at inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade.
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 apr 1965 nr. 3, 18 juni 1965 nr. 7, 4 mai 1973 nr. 21, 9 juni 1978 nr. 50, 13 mars 1981 nr. 6, 14 juni 1985 nr. 68, 18 apr 1986 nr. 10, 12 juni 1987 nr. 52, 9 juni 1989 nr. 36, 15 mai 1992 nr. 47, 31 mars 2000 nr. 18 (ikr. 1 mai 2000 iflg. res. 31 mars 2000 nr. 295), 24 nov 2000 nr. 82 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 24 nov 2000 nr. 1169), 21 des 2000 nr. 118 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 21 des 2000 nr. 1355), 17 juni 2005 nr. 79 (ikr. 1 jan 2006), 19 juni 2009 nr. 100 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 704), 26 aug 2011 nr. 40 (ikr. 1 jan 2012 iflg. res. 26 aug 2011 nr. 866).

referert av 8

Sammenheng

Referert av8

Koblinger for § 2 i oreigningslova.

Les hele loven i sammenheng →