Habilitet
Domstollova §§ 106 til 108 gjeld tilsvarande for dei tilsette i Patentstyret og dei tilsette og medlemmene i Klagenemnda ved behandling av saker etter lovgivinga om industrielt rettsvern. Det same gjeld for behandling av saker i Patentstyret etter lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett mv. og etter åndsverkloven § 63.
Ein tilsett i Patentstyret eller ein tilsett i eller eit medlem av Klagenemnda kan ikkje delta i behandlinga av eit krav om administrativ overprøving når overprøvingssaka gjeld ein industriell rett som vedkomande har vore med på å behandle i tidlegare sak. Dette gjeld likevel ikkje dersom overprøvingssaka berre gjeld spørsmål som ikkje var aktuelle i den tidlegare saka.
Reglene om habilitet fra domstolloven gjelder for ansatte i Patentstyret og Klagenemnda. Personer som har behandlet en sak tidligere, kan som hovedregel ikke delta i en senere administrativ overprøving av samme rettighet.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 49 (ikr. 1 juli 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1685).
Se ogsåDomstolloven § 106 første leddDomstolloven § 108Åndsverkloven § 63 første leddomtalt i 1 kilde →
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 6 i patentstyrelova.