Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 3. Definisjonar

Pliktavleveringslova·Sist endret 1. januar 2016

Definisjonar

I denne lova vert desse omgrepa nytta slik: -) Medium: noko som kan lagra informasjon. -) Dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lyding, framsyning, overføring eller liknande. -) Utgjevar: den som for eiga rekning lagar eller får laga eit dokument for å gjera det tilgjengeleg for allmenta. -) Produsent: den som framstiller eksemplar av eit dokument for ein utgjevar. -) Importør: den som for eiga rekning tek inn i landet dokument utgjeve i utlandet, for å gjera det tilgjengeleg for allmenta i Noreg. Eit dokument er gjort tilgjengeleg for allmenta når -) eksemplar av dokumentet vert bode fram for sal, utleige eller utlån, eller når dokumentet på annan måte vert spreidd utanfor ein privat krins, -) informasjonen i dokumentet vert gjord tilgjengeleg utanfor ein privat krins gjennom framføring, framsyning, kringkasting, direktekopling e.l.

Bestemmelsen forklarer hvilke begreper som brukes i loven. Den definerer hva som regnes som et medium, et dokument, utgiver, produsent og importør, samt når noe anses for å være gjort tilgjengelig for allmennheten.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 72 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 732).

omtalt i 2 kilder

Sammenheng

Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 3 i pliktavleveringslova.

Les hele loven i sammenheng →