Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Kultur- og likestillingsdepartementet

Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument

Pliktavleveringslova

lov/1989-06-09-32·13 paragrafer·Sist endret 1. januar 2016·Utforsk grafen
I kraft 1990-07-01Sist endret ved lov/2015-06-19-72 fra 2016-01-01
Innhold13 paragrafer

Føremål

Føremålet med denne lova er å tryggja avleveringa av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verta bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Loven skal sikre at dokument med offentlig informasjon leveres til nasjonale samlinger. Dette gjøres for at norsk kultur og samfunnsliv skal bevares som kilder til forskning og dokumentasjon.AI

omtalt i 1 kilde

Geografisk verkeområde

Kongen kan fastsetja at lova òg skal gjelda for Svalbard og den norske delen av kontinentalsokkelen.

Regjeringen kan bestemme at loven om pliktavlevering også skal gjelde for Svalbard og den norske delen av kontinentalsokkelen.AI

Definisjonar

I denne lova vert desse omgrepa nytta slik: -) Medium: noko som kan lagra informasjon. -) Dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lyding, framsyning, overføring eller liknande. -) Utgjevar: den som for eiga rekning lagar eller får laga eit dokument for å gjera det tilgjengeleg for allmenta. -) Produsent: den som framstiller eksemplar av eit dokument for ein utgjevar. -) Importør: den som for eiga rekning tek inn i landet dokument utgjeve i utlandet, for å gjera det tilgjengeleg for allmenta i Noreg. Eit dokument er gjort tilgjengeleg for allmenta når -) eksemplar av dokumentet vert bode fram for sal, utleige eller utlån, eller når dokumentet på annan måte vert spreidd utanfor ein privat krins, -) informasjonen i dokumentet vert gjord tilgjengeleg utanfor ein privat krins gjennom framføring, framsyning, kringkasting, direktekopling e.l.

Bestemmelsen forklarer hvilke begreper som brukes i loven. Den definerer hva som regnes som et medium, et dokument, utgiver, produsent og importør, samt når noe anses for å være gjort tilgjengelig for allmennheten.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 72 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 732).

omtalt i 2 kilder

Kva som skal avleverast

Både fysiske og digitale dokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta skal avleverast i inntil sju eksemplar. Digitale grunnlagsdokument kan krevjast avleverte i tillegg til utgjevingsmedium. Dokument laga i utlandet skal berre avleverast dersom det er laga for norsk utgjevar eller særskilt tilpassa allmenta i Noreg. Kongen kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta og gje særskilde føresegner om talet på eksemplar, kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha, og om kva opplysningar som skal følgja dokumentet.

Både fysiske og digitale dokument som er tilgjengelige for offentligheten skal leveres inn i opptil sju eksemplarer. Dokumenter laget i utlandet skal kun leveres dersom de er laget for en norsk utgiver eller spesielt tilpasset det norske publikummet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 72 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 732).

omtalt i 2 kilder2 forskrifter

Innsamling av digitale dokument

Norsk materiale som vert gjort allment tilgjengeleg gjennom elektronisk kommunikasjonsnett, kan samlast inn. Digitale dokument som er verna med passord, skal ikkje samlast inn eller avleverast. Unnataket er dei tilfella der det passordverna dokumentet ville ha vore omfatta av avleveringsplikt om det vart utgjeve i eit anna format. Passordverna dokument som ikkje er omfatta av avleveringsplikta, og som inneheld personopplysningar, kan samlast inn eller avleverast dersom den personopplysningane gjeld, har gjeve eit uttrykkjeleg og informert samtykke. Når det er naudsynt for å gjennomføra digital innsamling, kan det framstillast nye eksemplar uavhengig av åndsverklova.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 19 juni 2015 nr. 72 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 732).

Handsaming av personopplysningar i det digitale nettarkivet

Informasjon som er lagra i nettarkivet, skal som hovudregel ikkje slettast. Personar kan knyta merknader til personopplysningar om dei sjølve som er lagra i nettarkivet. Eit digitalt dokument som er lagra i det digitale nettarkivet og som inneheld personopplysningar, kan krevjast klausulert eller sletta dersom informasjonen er gjord allment tilgjengeleg ved ein feil. Eit digitalt dokument som er lagra i det digitale nettarkivet, som er utgjeve utan ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar, kan likevel krevjast klausulert eller sletta dersom eitt eller fleire av vilkåra nedanfor er oppfylte: a) Informasjonen ikkje har vore spreidd utanfor ein lukka krins, og informasjonen aldri var meint å verta gjord allment tilgjengeleg. b) Informasjonen er lagt ut av ein tredjeperson utan samtykke, og den omtalte sjølv ikkje har gjort informasjonen allment kjend. c) Det vil vera til vesentleg ulempe for den opplysningane gjeld, at informasjonen blir oppbevart til forskingsføremål. Informasjon som ikkje er allment kjend, og som omhandlar mindreårige eller personar som er sette under verjemål, skal på førespurnad klausulerast eller slettast. Avslag på ein søknad om klausulering eller sletting kan påklagast til ei særskild nemnd. Kongen gjev føresegner om ei slik nemnd.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 19 juni 2015 nr. 72 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 732).

referert av 1

Tilgang til det digitale nettarkivet

Det digitale nettarkivet kan nyttast til forsking og dokumentasjon. Digitale dokument i nettarkivet som er utgjevne utan ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar som ikkje er allment kjende, skal etter søknad berre gjerast tilgjengelege for forskarar på særskilde terminalar hos Nasjonalbiblioteket. Klausulerte digitale dokument i nettarkivet kan berre gjerast tilgjengelege etter særskild avtale. Kongen gjev føresegner om tilgang til det digitale nettarkivet. Føresegnene i åndsverklova gjeld for tilgang til materiale som er verna med opphavsrett.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 19 juni 2015 nr. 72 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 732).

Kven som skal avlevera m.m

Avleveringsplikt kan påleggjast utgjevar, produsent og importør av dokument som vert gjort tilgjengeleg for allmenta. Dokument skal avleverast utan vederlag. Når avleveringseksemplara representerer ein svært stor kostnad for den avleveringspliktige, kan mottaksinstitusjonen etter søknad gje heil eller delvis refusjon for produksjonskostnadene. Sending av dokument til mottaksinstitusjonen skal kostast av den avleveringspliktige. Kongen fastset nærare reglar om kven som har avleveringsplikt, kvar avleveringspliktig dokument skal sendast, tidspunktet for innsending og korleis sendinga skal skje.

Utgjevarar, produsentar og importørar av dokument for allmenta kan påleggjast å levere eksemplar gratis. Kostnader for sending skal betalast av den som leverer, men det kan i visse tilfelle søkast om refusjon for produksjonskostnadene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 72 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 732).

omtalt i 2 kilder2 forskrifter

Når den avleveringspliktige ikkje er handlefør

Ved konkurs eller død skal buet oppfylla avleveringsplikta.

Hvis den som er pliktig til å levere fra seg eksemplarer av et verk dør eller går konkurs, er det boet som må sørge for at leveringen skjer.AI

Inndrege dokument

Kongen kan påleggja påtalemakta å syta for avleveringa, dersom avleveringspliktig dokument vert inndrege.

Hvis et dokument som skal leveres inn blir inndratt, kan Kongen pålegge påtalemyndigheten å sørge for at dokumentet likevel blir levert.AI

omtalt i 1 kildereferert av 1

Tvangsfullføring

Avleveringskrav etter føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova er tvangsgrunnlag.

Krav om avlevering etter denne loven kan tvangsgjennomføres. Dette betyr at kravet fungerer som et juridisk grunnlag for tvang.AI

Straff

Den som med vilje eller aktlaust handlar i strid med føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova, kan straffast med bøter.

Personer som bevisst eller uaktsomt bryter reglene i denne loven, kan bli straffet med bøter.AI

Ikraftsetjing

Kongen fastset når denne lova skal ta til å gjelda. – – –

Kongen bestemmer når denne loven skal begynne å gjelde.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 juli 1990 iflg. res. 25 mai 1990 nr. 366 .

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva er formålet med loven?

Loven skal sikre at dokument med offentlig informasjon leveres til nasjonale samlinger. Dette gjøres for at norsk kultur og samfunnsliv skal bevares som kilder til forskning og dokumentasjon.

Åpne § 1
Kan loven gjelde for Svalbard?

Regjeringen kan bestemme at loven om pliktavlevering også skal gjelde for Svalbard og den norske delen av kontinentalsokkelen.

Åpne § 2
Hva legges i begrepet medium?

Bestemmelsen forklarer hvilke begreper som brukes i loven. Den definerer hva som regnes som et medium, et dokument, utgiver, produsent og importør, samt når noe anses for å være gjort tilgjengelig for allmennheten.

Åpne § 3
Hvor mange eksemplarer av et dokument skal leveres?

Både fysiske og digitale dokument som er tilgjengelige for offentligheten skal leveres inn i opptil sju eksemplarer. Dokumenter laget i utlandet skal kun leveres dersom de er laget for en norsk utgiver eller spesielt tilpasset det norske publikummet.

Åpne § 4
Kven kan bli pålagde å levere dokument?

Utgjevarar, produsentar og importørar av dokument for allmenta kan påleggjast å levere eksemplar gratis. Kostnader for sending skal betalast av den som leverer, men det kan i visse tilfelle søkast om refusjon for produksjonskostnadene.

Åpne § 5
Hva skjer med leveringsplikten hvis den ansvarlige dør?

Hvis den som er pliktig til å levere fra seg eksemplarer av et verk dør eller går konkurs, er det boet som må sørge for at leveringen skjer.

Åpne § 6
Hva skjer hvis et dokument som skal leveres inn blir inndratt?

Hvis et dokument som skal leveres inn blir inndratt, kan Kongen pålegge påtalemyndigheten å sørge for at dokumentet likevel blir levert.

Åpne § 7
Kan krav om avlevering etter denne loven tvangsgjennomføres?

Krav om avlevering etter denne loven kan tvangsgjennomføres. Dette betyr at kravet fungerer som et juridisk grunnlag for tvang.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2015

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

4 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Pliktavleveringslova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.