Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5. Kven som skal avlevera m.m

Pliktavleveringslova·Sist endret 1. januar 2016

Kven som skal avlevera m.m

Avleveringsplikt kan påleggjast utgjevar, produsent og importør av dokument som vert gjort tilgjengeleg for allmenta. Dokument skal avleverast utan vederlag. Når avleveringseksemplara representerer ein svært stor kostnad for den avleveringspliktige, kan mottaksinstitusjonen etter søknad gje heil eller delvis refusjon for produksjonskostnadene. Sending av dokument til mottaksinstitusjonen skal kostast av den avleveringspliktige. Kongen fastset nærare reglar om kven som har avleveringsplikt, kvar avleveringspliktig dokument skal sendast, tidspunktet for innsending og korleis sendinga skal skje.

Utgjevarar, produsentar og importørar av dokument for allmenta kan påleggjast å levere eksemplar gratis. Kostnader for sending skal betalast av den som leverer, men det kan i visse tilfelle søkast om refusjon for produksjonskostnadene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 72 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 732).

omtalt i 2 kilder

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 5 i pliktavleveringslova.

Les hele loven i sammenheng →