Forskrift
Nynorsk
§ 5-1. Generelle krav til læreplanane
Generelle krav til læreplanane
Alle læreplanane som blir godkjende etter privatskolelova § 2-3 første ledd, må oppfylle krava i denne paragrafen. Læreplanane må vere jamgode med læreplanane i læreplanverket for Kunnskapsløftet.
Læreplanen for skolen skal omfatte
a) overordna del eller annan tilsvarande plan
b) læreplanar for fag, med omtale av dei same delane som læreplanane etter Kunnskapsløftet
c) fag- og timefordeling
d) ein omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal bruke.
Læreplanane for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlege vidaregåande skolen.
Ved internasjonale skolar gjeld andre og tredje ledd så langt dei passar, jf. § 5-4.
Læreplanene ved private skoler må være like gode som i det offentlige læreplanverket. De skal inneholde overordnet plan, fagplaner, timefordeling og beskrivelse av vurdering og dokumentasjon.AI
Sammenheng
Koblinger for § 5-1 i privatskoleforskrifta.