Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6-35. Utsett eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa

Privatskoleforskrifta·Kapittel 6. Individuell vurdering

Utsett eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa

Elevar i den vidaregåande opplæringa som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til utsett eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen. Elevane må leggje fram dokumentasjon på at dei var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa ikkje kunne føreseiast, og at dei ikkje kan lastast for hindringa. Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell eventuell standpunktkarakter i faget bort. Dersom elevane består utsett eksamen, kan dei ikkje få meir opplæring, jf. § 4-2 første ledd. Avgjerda av om ein elev skal få utsett eksamen eller ikkje, er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Elever i videregående opplæring kan få utsett eksamen ved dokumentert fravær. For å få dette må hindringen ha vært uforutsett og ikke skyldt eleven selv. Bestemmelsen gjelder for første påfølgende eksamen.AI

Se ogsåPrivatskoleforskrifta § 4-2referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 6-35 i privatskoleforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →