Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6-43. Føring av fråvær i grunnskolen

Privatskoleforskrifta·Kapittel 6. Individuell vurdering

Føring av fråvær i grunnskolen

Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet frå og med 8. trinn. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar. Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet, dersom dei legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet. Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet, dersom a) det er dokumentert med legeattest at årsaka til fråværet er sjukdom eller andre helseforhold b) eleven har fått godkjent permisjon etter privatskolelova § 3-13. Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

Fra 8. trinn skal fravær i dager og timer føres på vitnemålet. Elever eller foreldre kan be om at årsaken til fraværet føres i et vedlegg eller at opptil ti dager slettes under visse vilkår om dokumentasjon.AI

Se ogsåPrivatskolelova § 3-13

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 6-43 i privatskoleforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →