Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6-42. Vitnemål i grunnskolen

Privatskoleforskrifta·Kapittel 6. Individuell vurdering

Vitnemål i grunnskolen

Alle elevar skal få vitnemål når dei har fullført grunnskoleopplæringa. Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og opplysningar om fråvær. Skolen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og til andre elevar som ber om det. Dersom ein elev ikkje har fått standpunktkarakter i eit fag, skal det i staden for karakter førast ein merknad om at det ikkje er grunnlag for vurdering i faget. Elevar som har hatt individuelt tilrettelagd opplæring, skal få ført ein merknad om dette på vitnemålet dersom dei ønskjer det.

Alle elever får vitnemål etter fullført grunnskole. Dokumentet skal inneholde karakterer og fravær. Elever kan be om tekst på samisk, og de som har hatt tilpasset opplæring kan velge at dette føres opp.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 6-42 i privatskoleforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →