Forskrift
Nynorsk
§ 6-41. Annullering av eksamen på grunn av juks eller forsøk på juks
Annullering av eksamen på grunn av juks eller forsøk på juks
Dagleg leiar sjølv skal annullere eksamenen til ein elev dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at eleven har juksa eller forsøkt å jukse. For elevar som får ein eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren i det aktuelle faget bort.
Elevar som har blitt tatt i å jukse eller forsøkje å jukse, har rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen.
Elevar skal få uttale seg om saka før det blir avgjort om eksamenen deira skal annullerast. Avgjerda om annullering er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.
Elevar i den vidaregåande opplæringa som har fått ein eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan gå opp til eksamen på nytt tidlegast eitt år etter at eksamenen blei annullert.
Rektor skal annullere eksamen dersom en elev jukser eller forsøker å jukse. Dette fører til at karakteren i faget bortfaller. Elever i videregående skole kan tidligst ta eksamen på nytt etter ett år.AI
Sammenheng
Referert av1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 6-41 i privatskoleforskrifta.