Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 7-7. Klage på karakter ved skriftleg eksamen

Privatskoleforskrifta·Kapittel 7. Klage på sluttvurderingar

Klage på karakter ved skriftleg eksamen

Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, kan klage på karakteren. Ei klagenemnd som er oppnemnd av statsforvaltaren, er klageinstans for klager på fastsetjing av karakter ved skriftleg eksamen. Når det er ein elev som klagar, skal skolen skal sende statsforvaltaren klaga og eksamenssvaret til eleven. Klagenemnda skal ha tilgang til eksamenssvaret og skal få greie på den opphavlege karakteren, men ho skal ikkje kjenne til innhaldet i klaga. Medlemmene av klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga av eksamenssvaret til klagaren. Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justere karakteren opp eller ned. Klagenemnda treng ikkje grunngi avgjerda si.

Elever som har tatt skriftlig eksamen kan klage på karakteren. En klagenemnd utnevnt av statsforvalteren avgjør saken. Nemnda kan beholde karakteren, endre den opp eller ned, eller avvise klagen.AI

Les hele forskriften i sammenheng →