Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 7-8. Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg

Privatskoleforskrifta·Kapittel 7. Klage på sluttvurderingar

Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg

Dei som har vore oppe til munnleg eksamen eller eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg, kan berre klage på formelle feil ved gjennomføringa av eksamen som kan ha hatt noko å seie for resultatet. Statsforvaltaren er klageinstans. Skolen skal sende klaga til statsforvaltaren, saman med eksamensoppgåva og ein kopi av dei retningslinjene kommunen eller fylkeskommunen har fastsett for gjennomføringa av lokalt gitt eksamen. I tillegg skal skolen sende statsforvaltaren ei fråsegn frå dagleg leiar om gjennomføringa av eksamen og ei fråsegn som dagleg leiar har henta inn frå sensor og eksaminator, om gjennomføringa av eksamen. Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller annullere karakteren. Dersom statsforvaltaren kjem fram til at formelle feil kan ha verka inn på karakteren, skal karakteren annullerast. Elevar som får karakteren annullert, kan velje å gå opp til ny eksamen, jf. § 6-36. Om dei vel å gå opp på nytt i eit trekkfag, skal faget trekkjast på nytt.

Det er mogleg å klage på formelle feil ved gjennomføringa av munnleg eller kombinert eksamen dersom feila kan ha påverka resultatet. Statsforvaltaren avgjer om klaga skal avvisast, om karakteren står fast, eller om karakteren skal annullerast. Ved annullering kan eleven velje ny eksamen.AI

Se ogsåPrivatskoleforskrifta § 6-36

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 7-8 i privatskoleforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →