Lov
Nynorsk
§ 3-10 b. Fysiske inngrep for å avverje skade m.m
Fysiske inngrep for å avverje skade m.m
Tilsette i skolen kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elev
a) krenkjer ein person fysisk eller psykisk eller utsett seg sjølv for fysisk fare
b) skader eigedom
c) viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
d) vesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevar
Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.
Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.
Noter (1)
- EndringTilføyd ved lov 14 juni 2024 nr. 36 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 960), endra ved lov 23 mai 2025 nr. 16 (i kraft 1 aug 2025 iflg. res. 23 mai 2025 nr. 840).
Sammenheng
Koblinger for § 3-10 b i privatskolelova.