Lov
Nynorsk
§ 5-1. Styret
Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.
Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:
a) ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,
b) ein representant frå elevane,
c) ein representant frå foreldra i grunnskolar,
d) ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
e) ein representant for andre tilsette ved skolen,
f) dagleg leiar av skolen.
Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.
Ved behandling av saker der det gjeld lovfesta teieplikt, skal styret sørgje for at personar under 18 år med møterett forlet møtet.
Alle privatskoler skal ha et styre som det øverste ansvarlige organet. Enkelte grupper, som elever, foreldre og ansatte, har rett til å delta i styremøter og uttale seg. Personer under 18 år må forlate møtet når det behandles saker med lovfestet taushetsplikt.AI
Endret 29. juni 2007
Endringshistorikk (2)
- 29. juni 2007Endringslov til friskolelova
- 26. november 2004Endringslov til friskolelova
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).
Sammenheng
Referert av1
Endringshistorikk2
Koblinger for § 5-1 i privatskolelova.