Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7-2 c. Lovbrotsgebyr

Privatskolelova·Kapittel 7. Diverse·Sist endret 1. august 2025

Lovbrotsgebyr

Departementet kan ileggje skolar godkjende etter denne lova lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt i denne lova eller føresetnadene for godkjenninga. Ved vurderinga av ilegging og utmåling av lovbrotsgebyr kan det også leggjast vekt på om det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, dersom forholdet svekkjer tilliten til skolen. Departementet kan gi forskrift om lovbrotsgebyr, og departementet kan i forskrift fastsetje at skolar godkjende etter denne lova kan ileggjast lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i forskrifter som er fastsette med heimel i lova.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 20 juni 2025 nr. 98 (i kraft 1 aug 2025 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1091).

referert av 3

Sammenheng

Referert av3

Koblinger for § 7-2 c i privatskolelova.

Les hele loven i sammenheng →