Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 33. Kreditt og trygdgiving til medlemmar o.a

Samvirkelova·Kapittel 4. Økonomiforhold

Kreditt og trygdgiving til medlemmar o.a

(1) Eit samvirkeforetak kan berre gi kreditt eller trygd til fordel for ein medlem innanfor ramma av dei midlane foretaket kan bruke til etterbetaling, og berre når det blir stilt fullgod trygd for kravet på tilbakebetaling eller tilbakesøking. (2) Forbodet i første ledd gjeld ikkje 1) kreditt på vanlege vilkår i samband med forretningsavtalar og omsetning med medlemmane, 2) kreditt eller trygd frå eit sekundærsamvirke til fordel for medlemsforetaka, 3) kreditt eller trygd til fordel for tilsette i hovudstilling i foretaket, dersom kreditten eller trygda er i samsvar med det som er vanleg ved finansiell støtte til tilsette. (3) Føresegnene i første og andre ledd gjeld tilsvarande for høvet til å gi kreditt eller stille trygd til fordel for ein styremedlem, ein dagleg leiar, ein medlem av eit anna foretaksorgan eller ein som er nærståande til desse eller til ein medlem i foretaket etter reglane i aksjelova § 1-5 første ledd. Forbodet i første ledd er likevel ikkje til hinder for at foretaket gir kreditt eller stiller trygd til fordel for ein tilsett eller hans eller hennar nærståande dersom: 1) den tilsette er valt som representant for dei tilsette i styret etter reglane i lova her eller i vedtektene, og 2) skyldnaren er tilsett i hovudstilling i foretaket eller i eit anna foretak i same konsern eller i same føderative samvirke, og 3) kreditten blir ytt i samsvar med det som er vanleg ved finansiell støtte til tilsette. (4) Har foretaket handla i strid med reglane i paragrafen her, er disposisjonen ugyldig. Er det gitt trygd, kan det likevel ikkje gjerast gjeldande at disposisjonen er ugyldig overfor ein medkontrahent som var i aktsam god tru då trygda vart gitt. Midlar som er ulovleg overført frå foretaket, eller eit beløp tilsvarande verdien av midlane, skal straks førast tilbake til foretaket. Den som på vegner av foretaket har gjort eller godkjent ein ulovleg disposisjon, er ansvarleg etter reglane i § 31 tredje ledd.

Se ogsåAksjeloven § 1-5Samvirkelova § 31

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 33 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →