Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Nærings- og fiskeridepartementet

Lov om samvirkeforetak

Samvirkelova

lov/2007-06-29-81·168 paragrafer·Sist endret 1. november 2024·Utforsk grafen
I kraft 2008-01-01Kunngjort 2007-06-29Sist endret ved lov/2024-06-21-42 fra 2024-11-01
Innhold168 paragrafer

Kapittel 1. Innleiande føresegner

Verkeområde

(1) Lova gjeld for samvirkeforetak. (2) Med samvirkeforetak er meint ei samanslutning som har til hovudformål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte, og der 1) avkastinga, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, anten blir ståande i verksemda eller fordelt mellom medlemmane på grunnlag av deira andel i omsetninga med samanslutninga, og 2) ikkje nokon av medlemmane har personleg ansvar for skyldnadene til samanslutninga, udelt eller for delar som til saman utgjer dei samla skyldnadene. (3) Eit samvirkeforetak ligg også føre dersom interessene til medlemmane som nemnt i andre ledd, blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som samvirkeforetaket eig åleine eller saman med andre samvirkeforetak, medrekna eit sekundærsamvirke etter § 4 andre ledd. Det same gjeld dersom interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som sekundærsamvirket eig åleine. Kongen kan ved enkeltvedtak i særlege tilfelle godkjenne at det ligg føre eit samvirkeforetak også om interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med andre samanslutningar enn dei som er nemnde i dette leddet. (4) Lova gjeld ikkje for: 1) aksjeselskap 2) allmennaksjeselskap 3) bustadbyggjelag 4) burettslag 5) gjensidige forsikringsselskap 6) dottersamvirkeforetak.

Loven gjelder for samvirkeforetak, som er foretak der hovedmålet er å fremme medlemmenes økonomiske interesser gjennom deres deltakelse i virksomheten. Medlemmene har ikke personlig ansvar for foretakets gjeld.AI

Se ogsåSamvirkelova § 4omtalt i 2 kilderreferert av 11 forskrift

Høve til å fråvike lova

Føresegnene i denne lova kan fråvikast når det er særskilt fastsett i lova eller følgjer av samanhengen.

Reglene i denne loven kan fravikes dersom loven selv åpner for det, eller hvis det følger av sammenhengen.AI

omtalt i 1 kilde

Ansvarsavgrensing o.a

(1) Medlemmane heftar ikkje overfor kreditorane for foretaksskyldnadene. (2) Medlemmane har ikkje plikt til å gjere innskot i foretaket, om ikkje den einskilde medlemmen har vedtatt dette skriftleg ved teikninga av medlemskap eller ved særskilt avtale. Ei plikt til å gjere innskot må vere avgrensa beløpsmessig eller på annan måte. Kravet til vedtaking etter første punktum gjeld ikkje for plikt etter vedtektene til å betale andelsinnskot. (3) Skjerpingar i plikta til å gjere innskot kan berre skje med samtykke frå den einskilde medlemmen eller ved vedtektsendring etter § 54 andre og tredje ledd.

Medlemmer i et samvirke er ikke ansvarlige for foretakets gjeld til kreditorer. Medlemmer har som hovedregel ikke plikt til å skyte inn penger i foretaket, med mindre dette er avtalt skriftlig eller følger av vedtektene.AI

Se ogsåSamvirkelova § 54

Føderativt samvirke

(1) Eit sekundærsamvirke utgjer saman med to eller fleire primærsamvirke eit føderativt samvirke. (2) Eit samvirkeforetak er eit sekundærsamvirke dersom alle medlemmane er samvirkeforetak, eller dersom dei medlemmane som er samvirkeforetak, har avgjerande innverknad over foretaket. Andre samvirkeforetak er primærsamvirke. (3) Eit sekundærsamvirke som er medlem i eit anna sekundærsamvirke, skal i rettsforhold mellom desse reknast som eit primærsamvirke.

Loven definerer hva et føderativt samvirke er. Det består av et sekundærsamvirke og to eller flere primærsamvirker. Et sekundærsamvirke er et foretak der medlemmene er samvirkeforetak, eller der disse har avgjørende innflytelse.AI

referert av 1

Konsern

(1) Eit morforetak utgjer saman med eitt eller fleire dotterforetak eit konsern. (2) Eit samvirkeforetak er eit morforetak dersom det på grunn av avtale eller vedtekter eller som eigar av aksjar eller andelar har avgjerande innverknad over eit anna foretak. Eit samvirkeforetak skal alltid reknast for å ha avgjerande innverknad dersom foretaket: 1) har så mange aksjar eller andelar i eit anna foretak at dei representerer fleirtalet av stemmene i det andre foretaket, eller 2) har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemmane i styret til det andre foretaket. (3) Eit foretak som står i forhold som nemnt i andre ledd til eit morforetak, er eit dotterforetak. Eit samvirkeforetak etter § 1 i lova her kan ikkje vere dotterforetak. (4) Ved fastsetjinga av stemmerettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemmar skal ein rekne med rettar som morforetaket og dotterforetaka til morforetaket har. Det same gjeld rettar som høyrer til nokon som handlar i eige namn, men for rekninga til morforetaket eller dotterforetaket.

Et konsern består av et morforetak og ett eller flere dotterforetak. Et samvirkeforetak er et morforetak hvis det har avgjørende innflytelse over et annet foretak, for eksempel gjennom eierskap eller styrekontroll.AI

Se ogsåSamvirkelova § 1referert av 6

Elektronisk kommunikasjon

(1) Dersom ein medlem uttrykkeleg har godtatt det, kan foretaket bruke elektronisk kommunikasjon når det skal gi meldingar, varsel, informasjon, dokument og liknande etter denne lova til medlemmen, om ikkje noko anna følgjer av lova her. (2) Når ein medlem skal gi meldingar o.a. etter denne lova til foretaket, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten foretaket har fastsett for dette formålet.

Foretaket kan sende meldingar og dokument elektronisk til medlemmer som har sagt ja til dette. Medlemmer kan også sende meldingar elektronisk til foretaket dersom foretaket har fastsett ein e-postadresse eller annan metode for dette.AI

omtalt i 1 kildereferert av 2

Møte

Med møte er meint i denne lova møte kor dei som deltar anten er fysisk til stades på møtet (fysisk møte), eller deltek ved bruk av elektroniske hjelpemiddel (elektronisk møte).

Loven definerer hva et møte er. Det kan være et møte der deltakerne er fysisk til stede, eller et møte som foregår elektronisk.AI

Noter (1)
  • EndringTilføyd med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

Fastsetjing av fristar

(1) Fristar som er rekna i veker, månader eller år, endar på den dag i den siste veka eller den siste månaden som etter sitt namn eller tal svarer til den dagen då fristen startar. Har ikkje månaden dette talet, endar fristen på den siste dagen i månaden. (2) Endar ein handlingsfrist på ein laurdag, heilagdag eller dag som etter lovgivinga er likestilt med heilagdag, blir fristen forlenga til nærmast følgjande vyrkedag.

Reglene forklarer hvordan tidsfrister regnes når de er oppgitt i uker, måneder eller år. Hvis fristen utløper på en helgedag eller helligdag, forlenges den til neste virkedag.AI

Kapittel 2. Stifting av samvirkeforetak

Stifting av foretaket

(1) Eit samvirkeforetak kan stiftast av minst to personar og må alltid ha minst to medlemmar. Blir det færre medlemmar, skal foretaket oppløysast. (2) Både fysiske og juridiske personar kan vere stiftarar. (3) Stiftarane daterer og signerer eit stiftingsdokument. Når alle stiftarane har signert stiftingsdokumentet, er medlemskapane teikna og foretaket stifta.

Et samvirkeforetak må stiftes og drives av minst to medlemmer. Dersom antallet medlemmer faller under to, skal foretaket oppløses. Både enkeltpersoner og selskaper kan stifte foretaket ved å signere et stiftingsdokument.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 26 mars 2010 nr. 9 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 5 apr 2013 nr. 338) som endra med lov 5 apr 2013 nr. 12, 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 2 kilderreferert av 3

Krav til innhaldet i stiftingsdokumentet

(1) Stiftingsdokumentet skal innehalde vedtekter for foretaket, jf. § 10. (2) Stiftingsdokumentet skal dessutan opplyse om: 1) namn eller foretaksnamn, adresse og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for stiftarane, 2) namn, adresse og fødselsnummer for dei som skal vere medlemmar av styret. (3) Dersom stiftarane skal gjere innskot i samband med stiftinga, skal stiftingsdokumentet også opplyse om: 1) det beløpet som kvar stiftar skal betale, 2) summen av innskotsskyldnadene til stiftarane, 3) tidspunktet for oppgjer av innskotsskyldnadene. Skal ein eller fleire stiftarar gjere opp innskotsskyldnaden med anna enn pengar, skal stiftingsdokumentet opplyse om kva eigedelar det gjeld, namnet og adressa til innskytaren og kva vilkår som skal gjelde. (4) Departementet kan utarbeide standard stiftingsdokument.

Denne bestemmelsen fastslår hva som må stå i dokumentet når man stifter et samvirkeforetak. Det inkluderer vedtekter, informasjon om stifterne og styremedlemmene, samt detaljer om eventuelle innskudd.AI

Se ogsåSamvirkelova § 10

Vedtekter for samvirkeforetak

Vedtektene skal minst innehalde føresegner om: 1) foretaksnamn for foretaket, 2) den kommunen i riket der foretaket skal ha forretningskontor, 3) kva verksemd foretaket skal drive, 4) storleiken på eventuelle andelsinnskot, om dei skal forrentast, og om dei skal betalast tilbake ved utmelding, 5) kor vidt det skal betalast medlemskontingent, 6) korleis årsoverskotet skal kunne nyttast, jf. § 26, 7) talet på eller det lågaste og høgaste talet på styremedlemmar, 8) kva saker som skal opp på det ordinære årsmøtet, 9) korleis nettoformuen skal fordelast ved oppløysing.

Vedtektene til et samvirkeforetak må inneholde bestemte opplysninger. Dette gjelder blant annet navn, formål, styrets sammensetning og hva som skjer med pengene ved en avslutning.AI

Se ogsåSamvirkelova § 26referert av 3

Opningsbalanse

(1) Dersom ein eller fleire stiftarar skal gjere opp ein eventuell innskotsskyldnad med anna enn pengar, skal stiftarane setje opp, datere og signere ein opningsbalanse for foretaket som er i samsvar med lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap mv. Innskot med anna enn pengar skal vurderast til verkeleg verdi på dagen for opningsbalansen, dersom det ikkje følgjer av reglane i rekneskapslova at innskotet skal vidareførast til balanseførte verdiar. (2) Opningsbalansen skal tidlegast vere datert fire veker før stiftinga, jf. § 8 tredje ledd. Opningsbalansen skal leggjast ved stiftingsdokumentet.
Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 8omtalt i 1 kilde

Melding av foretaket til Foretaksregisteret

(1) Foretaket skal meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet er signert. (2) Før foretaket blir meldt til Foretaksregisteret, skal ein eventuell innskotskapital frå stiftarane vere fullt innbetalt. I meldinga til Foretaksregisteret skal det opplysast om at foretaket har mottatt eventuelle innskot. Ein statsautorisert eller registrert revisor skal stadfeste at innskotskapitalen er fullt innbetalt. Dersom innskota utelukkande er gjort med pengar, kan i staden eit finansforetak gi stadfesting. (3) Er foretaket ikkje meldt til Foretaksregisteret innan fristen, kan foretaket ikkje registrerast. I så fall fell stiftinga bort, og eventuelle krav på innskot er ikkje lenger bindande. Det same gjeld dersom registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.

Et samvirkeforetak må meldes til Foretaksregisteret innen tre måneder etter at stiftelsesdokumentet er signert. Eventuell innskuddskapital må være fullt innbetalt og bekreftet av revisor eller finansforetak før meldingen sendes.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 apr 2015 nr. 17 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 10 apr 2015 nr. 350), 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Verknader av registreringa

(1) Før foretaket er registrert, kan det ikkje erverve andre rettar og pådra seg andre skyldnader overfor tredjepersonar enn dei som følgjer av stiftingsdokumentet eller av lov. (2) For skyldnader som er pådregne i foretaket sitt namn før registreringa, og som foretaket ikkje heftar for etter første ledd, er dei som har pådrege skyldnaden, personleg og solidarisk ansvarlege når ikkje noko anna er avtalt med kreditor. Ved registreringa overtek foretaket skyldnaden. (3) Er det før registreringa inngått ein avtale som ikkje bind foretaket etter første ledd, og visste den andre parten i avtalen at foretaket ikkje var registrert, kan denne gå frå avtalen dersom foretaket ikkje er meldt til Foretaksregisteret innan fristen i § 12, eller dersom meldinga blir avvist innan fristen. Var parten ukjent med at foretaket ikkje var registrert, kan parten gå frå avtalen fram til foretaket blir registrert. Føresegnene i dette leddet kan fråvikast ved avtale.

Før et samvirkeforetak er registrert, kan det i utgangspunktet ikke få rettigheter eller plikter overfor andre. Personer som pådrar seg forpliktelser på vegne av foretaket før registrering, kan bli personlig ansvarlige. Foretaket overtar pliktene når det blir registrert.AI

Se ogsåSamvirkelova § 12referert av 2

Kapittel 3. Medlemskap i samvirkeforetak

Innmelding

(1) Forbrukarar, næringsdrivande og andre som kan få sine økonomiske interesser varetatt av eit samvirkeforetak, har rett til å bli medlem av foretaket ved innmelding. Foretaket kan berre nekte nokon å bli medlem dersom det er sakleg grunn for det. Vedtektene kan innehalde vilkår for å bli og for å vere medlem så langt det er sakleg grunn for det. (2) Innmelding skal skje ved søknad til foretaket. Det høyrer under styret å avgjere søknader om medlemskap. Styret kan delegere sin avgjerdskompetanse til einskilde styremedlemmar, dagleg leiar eller andre personar og organ i foretaket. Innmelding kan ikkje skje i perioden mellom stiftinga av foretaket og registreringa av foretaket i Foretaksregisteret. (3) Søkjaren skal få melding om utfallet av søknaden snarast mogleg, og seinast to månader frå den dagen foretaket mottok søknaden. Har søkjaren ikkje fått melding innan to månader, skal søknaden reknast for godkjent. I sekundærsamvirke er fristen seks månader. Søkjer fysiske personar medlemskap i eit sekundærsamvirke, er fristen likevel to månader overfor desse. Vedtektene kan fastsetje kortare fristar enn dei som følgjer av dette leddet. (4) Dersom søkjaren blir tildelt medlemskap, skal innføring i medlemsregisteret skje utan ugrunna opphald. Når medlemmen er innført i registeret, skal foretaket gi medlemmen ei melding om tidspunktet for innføringa og om kva slags opplysingar som er registrert om vedkomande. Blir det som er registrert endra, skal medlemmen ha melding med opplysing om kva endringane går ut på.

Personer og bedrifter som kan få ivaretatt sine økonomiske interesser, har som hovedregel rett til å bli medlem i et samvirkeforetak. Foretaket kan bare nekte medlemskap dersom det finnes en saklig grunn til det.AI

Medlemsrettar

(1) Medlemmar av samvirkeforetak har desse rettane: 1) rett til å bli innkalla og til å delta i årsmøtet, jf. §§ 46 og 36, jf. § 37, 2) rett til å få tatt opp saker på årsmøtet, jf. § 47, 3) rett til å røyste på årsmøtet, jf. § 38, 4) rett til å få tilgjengelege opplysingar på årsmøtet frå leiinga, jf. § 51, 5) rett til å få tilsendt årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga til foretaket, jf. § 41 tredje ledd, 6) rett til del av overskotet i foretaket basert på medlemmen si omsetning med foretaket, jf. § 27, 7) andre rettar som følgjer av lov eller vedtekter. (2) Ein medlem kan ikkje utøve medlemsrettane tidlegare enn den dagen medlemmen blir innført i medlemsregisteret. (3) Ved overgang av medlemskap, jf. § 20, kan avhendaren utøve medlemsrettar inntil desse har gått over på ervervaren, dersom ikkje vedtektene fastset at medlemsrettane til avhendaren skal falle bort tidlegare.

Medlemmer i et samvirkeforetak har rett til å delta, foreslå saker og stemme på årsmøtet. De har også rett til informasjon, regnskap og en del av overskuddet basert på omsetningen sin. Rettighetene gjelder fra man er ført inn i medlemsregisteret.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 46Samvirkelova § 36Samvirkelova § 41Samvirkelova § 37omtalt i 1 kilde

Medlemsplikter

(1) Medlemmar av samvirkeforetak har desse pliktene: 1) plikt til å betale eit eventuelt innskotsbeløp, 2) plikt til å etterleve vedtak som er lovleg treft av eit foretaksorgan, 3) andre plikter som følgjer av lov eller vedtekter. (2) Medlemspliktene oppstår den dagen medlemmen blir innført i medlemsregisteret, dersom ikkje noko anna følgjer av lov eller vedtekter. Vedtektene kan ikkje fastsetje at plikter som medlemmane har etter lova, skal oppstå seinare enn det som følgjer av første punktum. (3) Ved overgang av medlemskap fell avhendaren sine medlemsplikter bort den dagen ervervaren blir innført i medlemsregisteret, dersom ikkje eit seinare tidspunkt følgjer av lov eller vedtekter.

Medlemmer i et samvirkeforetak må betale innskudd og følge lovlige vedtak og vedtekter. Pliktene starter vanligvis når man føres inn i medlemsregisteret. Ved overdragelse av medlemskap overtas pliktene av den nye medlemmen.AI

Likskapsprinsippet

Eit samvirkeforetak skal behandle alle medlemmar likt. Forskjellsbehandling krev sakleg grunn.

Et samvirkeforetak skal behandle alle sine medlemmer likt. Det er bare lov å behandle medlemmer forskjellig dersom det finnes en saklig grunn for det.AI

Medlemsregister

(1) Når eit samvirkeforetak er stifta, skal styret utan opphald syte for at det blir oppretta eit register over medlemmane i foretaket. Medlemsregisteret skal førast på forsvarleg vis og kan førast elektronisk. (2) I medlemsregisteret skal medlemmane førast inn med opplysingar om namn eller foretaksnamn, fødselsdato eller organisasjonsnummer og adresse. Medlemmane skal førast inn i alfabetisk orden eller på annan oversiktleg måte. Registeret skal innehalde datoen for innføringa av kvar einskild medlem. (3) Registeret skal for kvar medlem opplyse om storleiken på eventuelle andelsinnskot. (4) Registeret skal vere tilgjengeleg for alle hos foretaket. Ein medlem har krav på å få utskrift frå registeret med oversikt over dei opplysingane som er registrert om vedkomande. Kongen kan gi forskrift om rett til innsyn etter første punktum og kan gi reglar om at foretaket kan krevje vederlag for utskrift frå medlemsregisteret.

Et samvirkeforetak skal ha et oversiktlig register over alle sine medlemmer. Registeret skal inneholde personopplysninger, informasjon om andelsinnskudd og dato for når medlemmet ble ført inn. Registeret skal være tilgjengelig for alle i foretaket.AI

referert av 11 forskrift

Sams medlemskap

(1) To eller fleire personar kan ha ein medlemskap saman. Dei må i så fall oppnemne ein av dei til å opptre overfor foretaket. (2) Når fleire personar har ein medlemskap saman, skal alle førast inn i medlemsregisteret, jf. § 18 andre og tredje ledd. Det skal gå fram at kvar av dei har medlemskapen saman med andre. (3) Første ledd første punktum kan fråvikast i vedtektene.

Flere personer kan dele ett medlemskap i et samvirkeforetak. De må da velge én person som skal representere dem overfor foretaket. Dette kan endres gjennom foretakets vedtekter.AI

Se ogsåSamvirkelova § 18

Overgang av medlemskap

(1) Medlemskap i samvirkeforetak kan ikkje gå over til ein ny medlem. Medlemskap som er knytt til fast eigedom, kan likevel gå over til ein ny medlem saman med eigedomen dersom ikkje vedtektene seier noko anna. (2) Vedtektene kan fastsetje at medlemskap skal kunne gå over til ein ny medlem med samtykke frå styret, dagleg leiar eller andre. Den som har søkt om samtykke, skal få melding om utfallet snarast råd, og seinast to månader frå den dagen foretaket mottok søknaden. Har søkjaren ikkje mottatt melding innan to månader, skal samtykke reknast for å vere gitt. I sekundærsamvirke er fristen seks månader. Har ein fysisk person søkt om samtykke til medlemskap i eit sekundærsamvirke, er fristen likevel to månader i forhold til denne. Vedtektene kan fastsetje kortare fristar enn dei som følgjer av dette leddet. (3) Innføring i medlemsregisteret skal skje straks det er på det reine at det ikkje ligg føre hindringar for ervervet. Når medlemmen er innført i registeret, skal foretaket gi medlemmen ei melding om kva slags opplysingar som er registrert om vedkomande. (4) Overgangen av medlemskap medfører at avhendaren sine samla rettar og plikter overfor foretaket går over på ervervaren. Dette gjeld likevel ikkje rettar og plikter som har oppstått uavhengig av medlemskapen. Den tidlegare medlemmen held fram med å hefte for sine økonomiske skyldnader overfor foretaket, dersom ikkje noko anna følgjer av vedtektene eller av særskilt avtale med foretaket. (5) Første til fjerde ledd gjeld også dersom ein medlem dør. Ved dødsfall må ein søknad om å ta over medlemskapen setjast fram innan seks månader. Elles fell medlemskapen bort. Dersom medlemskapen ikkje blir overtatt, gjeld § 22 tredje ledd tilsvarande. Andre til fjerde punktum i leddet her gjeld ikkje for medlemskap som er knytt til fast eigedom, unntatt der vedtektene gjer overgang av medlemskap avhengig av samtykke frå foretaket.

Se ogsåSamvirkelova § 22referert av 2

Pant i medlemskap

(1) Medlemskap i samvirkeforetak kan pantsetjast i same utstrekning som medlemskapen kan avhendast, jf. § 20 første og andre ledd. Vedtektene kan innehalde ytterlegare skrankar for pantsetjing. (2) Panteretten får rettsvern ved at foretaket får melding om pantsetjinga. Pantelova § 1-4 gjeld ikkje for panterett i medlemskap som får rettsvern på denne måten. Er medlemskapen knytt til fast eigedom (jf. pantelova § 2-2 første ledd bokstav c), får panteretten rettsvern ved tinglysing i grunnboka. (3) Når foretaket mottek melding om pantsetjing etter andre ledd første punktum, skal meldinga utan opphald førast inn i medlemsregisteret med opplysing om dagen for innføringa. Registeret skal opplyse om namnet og adressa til panthavaren eller – for juridisk person – foretaksnamn, organisasjonsnummer og adresse. Dersom panthavaren ber om det, skal foretaket utferde ei fråsegn om at panteretten er innført. (4) Ved tvangssal av medlemskapen gjeld reglane om overgang av medlemskap i kapitlet her.

Medlemskap i et samvirkeforetak kan brukes som sikkerhet for lån (pantsettes) i samme grad som det kan selges. Foretaket skal føre pantet inn i medlemsregisteret når de får beskjed om det.AI

Se ogsåSamvirkelova § 20 første leddPanteloven § 1-4Panteloven § 2-2referert av 1

Utmelding

(1) Ein medlem kan bringe medlemskapen til opphøyr ved skriftleg utmelding til foretaket. Dersom medlemskapen går ut på ein bestemt dato, treng medlemmen ikkje å gi melding til foretaket om opphøyr av medlemskapen. (2) Vedtektene kan fastsetje ein utmeldingsfrist som ikkje kan vere lenger enn tre månader rekna frå den dagen meldinga om utmelding kom fram til foretaket. I sekundærsamvirke kan fristen ikkje vere lenger enn tolv månader. Har eit sekundærsamvirke fysiske personar som medlemmar, kan fristen overfor desse ikkje vere lenger enn tre månader. Dersom det ligg føre tungtvegande, saklege grunnar, kan vedtektene fastsetje skrankar for høvet til å tre ut utover det som følgjer av første til tredje punktum. (3) Ved utmelding har medlemmen krav på å få tilbakebetalt eit eventuelt andelsinnskot, dersom ikkje vedtektene seier noko anna. Renter på andelsinnskotet har medlemmen berre krav på å få utbetalt dersom det følgjer av vedtektene at andelsinnskota skal forrentast. Medlemmen og foretaket har ved utmelding ein gjensidig rett til å gjere opp kontraktsrettslege rettar og plikter som har oppstått i tilknyting til medlemskapen. Dersom det blir gjort vedtak om etterbetaling innan eitt år etter utløpet av det kalenderåret utmeldinga fann stad, har medlemmen også krav på etterbetaling basert på medlemmen si omsetning med foretaket i den perioden etterbetalinga knyter seg til. Vedtektene kan fastsetje at ein utmeld medlem ikkje skal ha krav på etterbetaling. (4) I samvirkeforetak der medlemmane er tilsette i foretaket, kan vedtektene fastsetje at ein medlem som melder seg ut, skal ha krav på å få utbetalt sin andel av nettoformuen i foretaket.

Et medlem kan avslutte medlemskapet sitt ved å sende en skriftlig melding til foretaket. Ved utmelding har medlemmen som hovedregel krav på å få tilbakebetalt andelsinnskuddet sitt, med mindre vedtektene bestemmer noe annet.AI

referert av 2

Utestenging

(1) Ein medlem kan ved skriftleg påbod stengjast ute frå foretaket når medlemmen har krenka foretaket ved vesentleg mishald, eller når tungtvegande grunnar elles tilseier utestenging. Vedtektene kan fastsetje at utestenging også skal kunne skje dersom ein medlem ikkje har omsetning med foretaket i ein periode på minst eitt år. (2) Styret gjer vedtak om utestenging. Den som er stengt ute, kan krevje at styret legg vedtaket fram for årsmøtet. Kravet må vere sett fram innan ein månad etter at medlemmen tok imot skriftleg melding med opplysing om utestenginga og om fristen for å krevje vedtaket lagt fram for årsmøtet. Kravet har utsetjande verknad. (3) Føresegnene i § 22 tredje og fjerde ledd om det økonomiske oppgjeret ved utmelding gjeld tilsvarande ved utestenging. Vedtektene kan fastsetje at ein medlem skal ha meir avgrensa økonomiske rettar ved utestenging enn ved utmelding. (4) Kompetansen til styret etter andre ledd kan i vedtektene leggjast til eit anna organ. Vedtektene kan fastsetje at krenking av foretaket kan medføre andre reaksjonar enn utestenging.

Et medlem kan kastes ut av et samvirkeforetak dersom medlemmen har brutt reglene grovt eller det finnes andre tungtveiende grunner. Vedtektene kan også tillate utestenging ved manglende omsetning over minst ett år. Styret tar vanligvis avgjørelsen.AI

Se ogsåSamvirkelova § 22

Mishald frå foretaket si side o.a

(1) Dersom eit foretak har krenka rettane til ein medlem ved vesentleg mishald, kan medlemmen straks melde seg ut av foretaket. Skrankar etter vedtektene for høvet til å melde seg ut gjeld ikkje. Medlemmen har krav på å få tilbakebetalt andelsinnskotet og inneståande på medlemskapitalkonto, eventuelt med renter. Dersom det blir gjort vedtak om etterbetaling innan eitt år etter utløpet av det kalenderåret utmeldinga skjedde, har medlemmen også krav på etterbetaling basert på medlemmen si omsetning med foretaket i den perioden etterbetalinga knyter seg til. (2) Retten kan påleggje foretaket å utløyse ein medlem dersom tungtvegande grunnar talar for utløysing som følgje av at 1) foretaket har krenka rettane til ein medlem ved vesentleg mishald, eller 2) styret, årsmøtet eller nokon som representerer foretaket, har handla i strid med §§ 55 eller 90, eller 3) det har oppstått eit alvorleg og varig motsetningsforhold mellom medlemmen og andre medlemmar om drifta av foretaket. (3) Ein påstand om utløysing kan ikkje takast til følgje dersom utløysing vil verke urimeleg mot foretaket. Sak med påstand om utløysing må reisast innan rimeleg tid. Utløysingssummen skal svare til verdien på medlemmen sin andel i nettoformuen til foretaket rett før utløysingsgrunnen låg føre. (4) Vedtektene kan fastsetje at mishald frå foretaket si side skal ha andre verknader enn dei som følgjer av paragrafen her.

Hvis et samvirkeforetak gjør et vesentlig kontraktsbrudd mot en medlem, kan medlemmen melde seg ut umiddelbart og få tilbakebetalt innskudd. Retten kan også pålegge foretaket å løse ut en medlem ved alvorlige konflikter eller lovbrudd, så lenge det ikke er urimelig overfor foretaket.AI

Se ogsåSamvirkelova § 55Samvirkelova § 90referert av 1

Kapittel 4. Økonomiforhold

Krav til forsvarleg eigenkapital

(1) Samvirkeforetaket skal alltid ha ein eigenkapital som er forsvarleg utfrå risikoen ved og omfanget av verksemda i foretaket. (2) Dersom det må leggjast til grunn at eigenkapitalen er lågare enn det som er forsvarleg utfrå risikoen ved og omfanget av verksemda i foretaket, skal styret straks behandle saka. Styret skal innan rimeleg tid kalle inn årsmøtet, gi ei utgreiing om den økonomiske stillinga og gjere framlegg om tiltak som vil gi foretaket ein forsvarleg eigenkapital. (3) Dersom styret ikkje finn grunnlag for framlegg om tiltak som nemnt i andre ledd, eller slike tiltak ikkje let seg gjennomføre, skal styret gjere framlegg om å løyse opp foretaket.

Et samvirkeforetak må alltid ha en egenkapital som er forsvarlig i forhold til virksomhetens risiko og omfang. Hvis egenkapitalen blir for lav, må styret behandle saken, informere årsmøtet og foreslå tiltak eller oppløsning av foretaket.AI

referert av 3

Bruk av årsoverskot

(1) Vedtektene kan fastsetje at årsoverskotet skal nyttast til etterbetaling (jf. § 27), avsetjast til etterbetalingsfond (jf. § 28), avsetjast til medlemskapitalkonti (jf. § 29) eller nyttast til forrenting av andelsinnskot og medlemskapitalkonti (jf. § 30). (2) Vedtak om bruk av årsoverskotet som nemnt i første ledd, blir gjort av årsmøtet etter framlegg frå styret. Årsmøtet kan ikkje vedta eit høgare beløp enn det styret foreslår eller godtek, men årsmøtet kan sjølv avgjere korleis beløpet skal nyttast innanfor dei rammene som følgjer av §§ 27 til 30.

Vedtektene kan bestemme hvordan et samvirkes årsoverskudd skal brukes, for eksempel til etterbetaling eller renter. Det er årsmøtet som bestemmer bruken etter forslag fra styret, men årsmøtet kan ikke vedta et høyere beløp enn det styret foreslår.AI

Se ogsåSamvirkelova § 27Samvirkelova § 30Samvirkelova § 28Samvirkelova § 29referert av 4

Etterbetaling

(1) Vedtektene kan fastsetje at medlemmane kan få utbetalt heile eller delar av årsoverskotet på grunnlag av deira omsetning med foretaket (etterbetaling). (2) Berre medlemmer kan ha krav på etterbetaling. I salsorganisasjonar av fiskarar som nemnt i fiskesalslagslova § 4 kan også andre som har omsett med organisasjonen, ha krav på etterbetaling. Dei kan også ha økonomiske rettar etter §§ 28 og 29 på linje med medlemmane. (3) Etterbetaling kan berre skje av den delen av årsoverskotet som står att etter at det er gjort frådrag for udekka underskot og i tilfelle den delen av årsoverskotet som etter vedtektene skal avsetjast til fond o.a. Det kan ikkje betalast ut meir enn det som vil vere i samsvar med forsiktig og god forretningsskikk.

Vedtektene kan bestemme at medlemmer får utbetalt hele eller deler av årsoverskuddet basert på hvor mye de har omsatt med foretaket. Utbetalingen kan kun skje etter at underskudd og lovpålagte fond er dekket, og i tråd med god forretningsskikk.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 21 juni 2013 nr. 75 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 726).

Se ogsåSamvirkelova § 28Samvirkelova § 29Fiskesalslagslova § 4omtalt i 1 kildereferert av 9

Etterbetalingsfond

(1) Når det er fastsett i vedtektene, kan årsmøtet vedta at årsoverskot som kan delast ut etter § 27 tredje ledd, heilt eller delvis skal avsetjast til eit etterbetalingsfond. (2) Årsmøtet kan vedta at heile eller delar av etterbetalingsfondet skal delast ut til medlemmane. Utdeling må skje på grunnlag av medlemmane si omsetning med foretaket i ein periode som er fastsett i vedtektene. Perioden kan ikkje vere under eitt år. På same vilkår kan årsmøtet vedta at heile eller delar av etterbetalingsfondet skal avsetjast til medlemskapitalkonti, jf. § 29. (3) Årsmøtet kan også redusere etterbetalingsfondet utan at det skjer utbetaling til medlemmane eller overføring til medlemskapitalkonti som nemnt i andre ledd.

Hvis vedtektene tillater det, kan årsmøtet bestemme at deler av årsoverskuddet settes av i et etterbetalingsfond. Fondet kan senere utbetales til medlemmene basert på deres omsetning med foretaket, eller overføres til medlemskapitalkonti.AI

Se ogsåSamvirkelova § 27Samvirkelova § 29referert av 2

Medlemskapitalkonti

(1) Når det er fastsett i vedtektene, kan årsmøtet vedta at årsoverskot som kan delast ut etter § 27 tredje ledd, heilt eller delvis skal avsetjast til konti i medlemmane sine namn (medlemskapitalkonti) på grunnlag av deira omsetning med foretaket. Inneståande på medlemskapitalkonti skal dekkje elles udekka tap. (2) Årsmøtet kan vedta at heile eller delar av inneståande på medlemskapitalkonti skal delast ut til medlemmane. Ved opphøyr av medlemskapen har ein medlem krav på å få utbetalt inneståande på medlemskapitalkonto. Første og andre punktum kan fråvikast i vedtektene.

Årsmøtet kan bestemme at deler av overskuddet settes inn på egne kontoer for medlemmene basert på hvor mye de har omsatt med virksomheten. Pengene på disse kontoene skal brukes til å dekke tap. Medlemmer kan ha krav på utbetaling av beløpet når de melder seg ut.AI

Se ogsåSamvirkelova § 27referert av 7

Forrenting og annan auke av andelsinnskot og medlemskapitalkonti

(1) Når det er fastsett i vedtektene, kan årsmøtet vedta at årsoverskot som kan delast ut etter § 27 tredje ledd, heilt eller delvis skal brukast til forrenting av andelsinnskot og medlemskapitalkonti. Renta kan ikkje vere høgare enn tre prosentpoeng over renta på statsobligasjonar med fem års løpetid. (2) Auke av andelsinnskota kan berre skje ved at innskota blir forrenta etter første ledd, eller ved at medlemmane gjer ytterlegare innskot. Inneståande på medlemskapitalkonti kan ikkje aukast på andre måtar enn ved forrenting etter første ledd og ved ytterlegare avsetjingar etter § 29 første ledd.

Årsmøtet kan bestemme at deler av overskuddet skal brukes til å gi rente på medlemskapital og innskudd, dersom dette står i vedtektene. Det er satt en øvre grense for hvor høy denne renten kan være.AI

Se ogsåSamvirkelova § 29Samvirkelova § 27referert av 3

Utdelingsskranke. Ulovlege utdelingar

(1) Foretaket kan berre vedta etterbetaling og utbetaling frå etterbetalingsfond og medlemskapitalkonti så langt det er forsvarleg etter § 25 første ledd. Andre former for utdeling til medlemmane er berre tillatne dersom lova gir særskilt heimel for det. (2) Utdeling i strid med paragrafen her skal mottakaren føre tilbake til foretaket. Det gjeld likevel ikkje dersom mottakaren, då utdelinga vart mottatt, verken kjente eller burde kjenne til at utdelinga var ulovleg. (3) Den som på vegner av foretaket medverkar til eit vedtak om eller gjennomføring av ulovleg utdeling, og som forstod eller burde ha forstått at utdelinga er ulovleg, er ansvarleg for at utdelinga blir ført tilbake til foretaket. Ansvaret kan lempast etter skadeserstatningslova § 5-2.

Et samvirke kan bare utbetale penger til medlemmer dersom det er forsvarlig og loven tillater det. Ulovlige utbetalinger skal betales tilbake, med mindre mottakeren ikke visste at utbetalingen var ulovlig.AI

Se ogsåSamvirkelova § 25Skadeserstatningsloven § 5-2referert av 2

Konserntilskot

(1) Vedtektene kan fastsetje at eit samvirkeforetak skal kunne yte konserntilskot til eit anna konsernforetak eller til eit foretak som inngår i same føderative samvirke. (2) Føresegnene i § 26 andre ledd og § 27 tredje ledd gjeld tilsvarande for yting av konserntilskot. Konserntilskotet må ikkje overstige det som er forsvarleg etter § 25 første ledd.

Vedtektene kan bestemme at et samvirkeforetak kan gi økonomisk støtte i form av konsernbidrag til andre foretak i samme konsern eller føderative samvirke. Slike bidrag må være forsvarlige.AI

Se ogsåSamvirkelova § 26Samvirkelova § 27Samvirkelova § 25omtalt i 1 kildereferert av 1

Kreditt og trygdgiving til medlemmar o.a

(1) Eit samvirkeforetak kan berre gi kreditt eller trygd til fordel for ein medlem innanfor ramma av dei midlane foretaket kan bruke til etterbetaling, og berre når det blir stilt fullgod trygd for kravet på tilbakebetaling eller tilbakesøking. (2) Forbodet i første ledd gjeld ikkje 1) kreditt på vanlege vilkår i samband med forretningsavtalar og omsetning med medlemmane, 2) kreditt eller trygd frå eit sekundærsamvirke til fordel for medlemsforetaka, 3) kreditt eller trygd til fordel for tilsette i hovudstilling i foretaket, dersom kreditten eller trygda er i samsvar med det som er vanleg ved finansiell støtte til tilsette. (3) Føresegnene i første og andre ledd gjeld tilsvarande for høvet til å gi kreditt eller stille trygd til fordel for ein styremedlem, ein dagleg leiar, ein medlem av eit anna foretaksorgan eller ein som er nærståande til desse eller til ein medlem i foretaket etter reglane i aksjelova § 1-5 første ledd. Forbodet i første ledd er likevel ikkje til hinder for at foretaket gir kreditt eller stiller trygd til fordel for ein tilsett eller hans eller hennar nærståande dersom: 1) den tilsette er valt som representant for dei tilsette i styret etter reglane i lova her eller i vedtektene, og 2) skyldnaren er tilsett i hovudstilling i foretaket eller i eit anna foretak i same konsern eller i same føderative samvirke, og 3) kreditten blir ytt i samsvar med det som er vanleg ved finansiell støtte til tilsette. (4) Har foretaket handla i strid med reglane i paragrafen her, er disposisjonen ugyldig. Er det gitt trygd, kan det likevel ikkje gjerast gjeldande at disposisjonen er ugyldig overfor ein medkontrahent som var i aktsam god tru då trygda vart gitt. Midlar som er ulovleg overført frå foretaket, eller eit beløp tilsvarande verdien av midlane, skal straks førast tilbake til foretaket. Den som på vegner av foretaket har gjort eller godkjent ein ulovleg disposisjon, er ansvarleg etter reglane i § 31 tredje ledd.

Se ogsåAksjeloven § 1-5Samvirkelova § 31

Gåver

(1) Årsmøtet kan vedta å gi høvesgåver, og dessutan gåver til samvirkeformål eller allmennyttige formål som er rimelege utfrå formålet med gåva, stillinga til foretaket og omstenda elles. Retten til å gi gåver kan delegerast til styret eller eit anna organ. (2) Styret kan til same formål gi gåver som har lite å seie i forhold til stillinga til foretaket.

Årsmøtet kan bestemme at foretaket skal gi gaver til samvirkeformål eller allmennyttige formål dersom dette er rimelig. Denne myndigheten kan gis videre til styret. Styret kan også selv gi små gaver til samme formål.AI

Kapittel 5. Årsmøtet o.a.

IAllmenne reglar

Mynde

Årsmøtet har øvste myndet i foretaket.

Årsmøtet er det øverste beslutningsorganet i et samvirkeforetak.AI

Rett til å delta. Fullmektig

(1) Alle medlemmane har rett til å delta i årsmøtet. Ein medlem kan delta ved fullmektig etter eige val, dersom ikkje vedtektene seier at medlemmane ikkje kan delta ved fullmektig. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein medlem, men der fleire har ein medlemskap saman, kan dei ha sams fullmektig. Retten til å delta kan ikkje avgrensast i vedtektene på anna vis enn det som følgjer av § 37. (2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg og datert fullmakt. Dersom fullmakta blir lagt fram ved bruk av elektronisk kommunikasjon, skal det vere nytta ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. Fullmakta gjeld berre for det førstkomande årsmøtet dersom det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Medlemmen kan når som helst kalle tilbake fullmakta. (3) Kvar medlem kan delta med ein rådgivar, som årsmøtet kan gi talerett. Første punktum kan fråvikast i vedtektene.

Alle medlemmer har rett til å delta på årsmøtet. Man kan bruke en fullmektig hvis vedtektene tillater det, og man kan ha med seg en rådgiver.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 37omtalt i 1 kildereferert av 1

Utsendingar

(1) I landsdekkande foretak eller foretak med meir enn 100 medlemmar kan vedtektene fastsetje at medlemmane skal vere representerte ved utsendingar på årsmøtet. Det skal i så fall fastsetjast i vedtektene korleis utsendingane skal veljast, om det skal veljast varamedlemmar for desse, og kor lang valperioden skal vere. Valperioden kan ikkje vere lengre enn fire år. Berre medlemmar kan vere utsendingar. (2) Føresegner i lova som vedkjem medlemmane, gjeld tilsvarande for utsendingane så langt dei høver. Medlemmar som er representerte ved utsendingar, har vanlege medlemsrettar og medlemsplikter så langt ikkje noko anna følgjer av lova. Likestilt med medlemmer som er representerte ved utsendingar, er fiskarar eller organisasjonar av fiskarar, jf. fiskesalslagslova § 4. (3) Utsendingar kan ikkje delta ved fullmektig, men kvar utsending kan delta med ein rådgivar, som årsmøtet kan gi talerett. Første punktum kan fråvikast i vedtektene.

Store samvirke kan bestemme i vedtektene at medlemmer skal representeres av utsendinger på årsmøtet. Kun medlemmer kan være utsendinger, og valgtiden kan maksimalt være fire år. Utsendingene har i utgangspunktet samme rettigheter og plikter som medlemmene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 21 juni 2013 nr. 75 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 726), 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåFiskesalslagslova § 4omtalt i 4 kilderreferert av 5

Røysterett

(1) Kvar medlem har ei røyst på årsmøtet. Ein medlem kan dessutan røyste som fullmektig for ein annan medlem. Personar som har ein medlemskap saman, kan berre gi ei røyst. (2) Vedtektene kan innehalde føresegner om at medlemmane kan ha fleire røyster, dersom røystene blir fordelte på medlemmane etter deira omsetning med foretaket. I sekundærsamvirke kan vedtektene dessutan fastsetje at røystene blir fordelte etter medlemstala eller den geografiske tilhøyrsla til primærsamvirka. Ein medlem kan ikkje ha eit fleirtal av røystene i foretaket. (3) Vedtektene kan fastsetje at medlemmane skal kunne røyste skriftleg, også ved bruk av elektronisk kommunikasjon, i ein periode før årsmøtet. For slik røysting skal det nyttast ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. Vedtektene kan fastsetje nærmare krav til slik røysting.

Hvert medlem i et samvirke har i utgangspunktet én stemme på årsmøtet. Vedtektene kan gi regler for flere stemmer basert på omsetning, medlemstall eller geografi, men ingen kan ha flertallet av stemmene. Det kan være åpnet for skriftlig eller elektronisk avstemning før møtet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kildereferert av 2

Inhabilitet ved røysting på årsmøtet

Ingen kan sjølv eller ved fullmektig, som fullmektig eller som utsending røyste på årsmøtet om søksmål mot seg sjølv eller om eige ansvar overfor foretaket, og heller ikkje om søksmål mot andre eller om ansvar for andre overfor foretaket dersom medlemmen, fullmektigen eller utsendingen har ei vesentleg interesse i saka som kan stride mot interessa til foretaket.

Personer kan ikke stemme på årsmøtet i saker som gjelder søksmål eller ansvar mot dem selv. Det er heller ikke tillatt å stemme i saker som gjelder andre dersom man har en betydelig personlig interesse som strider mot foretakets interesse.AI

Rett og plikt for leiinga til å delta på årsmøtet

(1) Styreleiaren og dagleg leiar skal delta på årsmøtet. Blir årsmøtet halde som fysisk møte, skal styreleiaren og dagleg leiar delta fysisk. Ved gyldig forfall skal det peikast ut nokon til å delta i staden. Andre styremedlemmar kan delta på årsmøtet. Blir årsmøtet halde som fysisk møte, kan slike styremedlemmar delta elektronisk. (2) Styremedlemmane og dagleg leiar har rett til å uttale seg på årsmøtet.
Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

IIÅrsmøte

Ordinært årsmøte

(1) Foretaket skal halde ordinært årsmøte innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår. Foretak som ikkje har rekneskapsplikt, skal halde ordinært årsmøte ein gong kvart kalenderår. (2) Det ordinære årsmøtet skal ta opp og avgjere saker som etter lova eller vedtektene høyrer under årsmøtet. I foretak med rekneskapsplikt etter rekneskapslova skal årsmøtet godkjenne årsrekneskapen og årsmeldinga, medrekna disponering av årsoverskot. (3) Dokument som nemnt i andre ledd andre punktum og ei eventuell revisjonsmelding skal seinast ei veke før årsmøtet sendast til alle medlemmar med kjend adresse. Vedtektene kan setje ein lengre frist. Vedtektene kan fastsetje at dokumenta berre skal sendast til medlemmar som ber om det, eller at dokumenta kan gjerast tilgjengelege for medlemmane på anna forsvarleg vis enn ved utsending. Innkallinga til årsmøtet må i så fall opplyse om korleis medlemmane kan få tilgang på dokumenta. Skal medlemmane vere representerte ved utsendingar på årsmøtet, jf. § 37, er det nok å sende dokumenta til utsendingane, om ikkje vedtektene seier noko anna.

Samvirkeforetak skal holde et ordinært årsmøte hvert år. På dette møtet skal saker som hører hjemme der avgjøres, og for foretak med regnskapsplikt skal årsregnskapet og årsberetningen godkjennes.AI

Se ogsåSamvirkelova § 37omtalt i 6 kilderreferert av 1

Ekstraordinært årsmøte

(1) Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte. Vedtektene kan fastsetje at også andre organ skal kunne ha ein slik rett. Vedtektene til eit primærsamvirke kan fastsetje at styret i sekundærsamvirket skal kunne kalle inn til ekstraordinært årsmøte. (2) Styret skal kalle inn til ekstraordinært årsmøte når revisor eller minst ein tidel av medlemmane krev det skriftleg for å få tatt opp eit klart oppgitt emne. Styret skal syte for at årsmøtet blir halde innan ein månad etter at kravet er sett fram. Vedtektene kan fastsetje at styret også skal ha plikt til å kalle inn til ekstraordinært årsmøte etter oppmoding frå andre enn dei som er nemnde i første punktum.

Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte. Styret må kalle inn til slikt møte dersom revisor eller minst ein tidel av medlemmene krever det skriftlig for å behandle et bestemt emne.AI

referert av 1

Vedtak av forenkla årsmøte

(1) I eit foretak som har færre enn 20 medlemmar, kan styret leggje fram ei sak til avgjerd av eit årsmøte som blir halde utan møte. Dette gjeld berre dersom styret finn at saka kan behandlast forsvarleg ved at den blir lagt fram skriftleg for medlemmane til avgjerd. (2) Styret skal sende saksdokumenta med forslag til vedtak og grunngiving for forslaget til alle medlemmar med kjend adresse, og til dagleg leiar. Revisor skal få tilsendt dokumenta dersom saka som skal behandlast, gjer dette nødvendig. Fristen for å røyste skal opplysast. Den kan ikkje vere kortare enn fristen for å kalle inn til årsmøte, dersom ikkje alle medlemmane er samde om ein kortare frist. Medlemmane skal gjerast kjende med at dei kan krevje at saka blir lagt fram for eit årsmøte som blir halde som møte. (3) Reglane i lova om årsmøte gjeld tilsvarande så langt dei høver. Resultatet av røystinga skal førast inn i årsmøteprotokollen, som skal daterast, signerast av styreleiaren og sendast til alle medlemmane. Gitte røyster med innlegg til saka skal leggjast ved protokollen. (4) Saka skal leggjast fram for eit årsmøte som blir halde som møte, dersom dette blir kravd av ein styremedlem eller ein medlem innan fristen for å røyste skriftleg.

I virksomheter med under 20 medlemmer kan styret avgjøre saker skriftlig uten fysisk møte, dersom behandlingen er forsvarlig. Medlemmer kan kreve at saken behandles på et vanlig årsmøte.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

Gjennomføring av årsmøte

(1) Årsmøtet skal haldast som møte. Styret avgjer møteforma. Styrets mynde etter andre punktum kan avgrensast i vedtektene. (2) Styret skal syte for ei forsvarleg gjennomføring av årsmøtet. (3) Blir årsmøtet gjennomført som fysisk møte, gjeld desse reglane: a) Årsmøtet skal haldast i den kommunen der foretaket har forretningskontoret, om ikkje anna er fastsett i vedtektene. Årsmøtet kan haldast ein annan stad dersom det trengst av særlege grunnar. b) Medlemmane har rett til å delta elektronisk, om ikkje styret meiner at det ligg føre sakleg grunn for å nekte. Reglane i fjerde ledd gjeld tilsvarande. (4) Blir årsmøtet gjennomført som elektronisk møte, skal styret syte for at det finst system som sikrar at krav til årsmøte i lova er oppfylt. Systema må sikre at deltakinga og røystinga kan kontrollerast på ein forsvarleg måte, og det må nyttast ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. I vedtektene kan det fastsetjast nærmare krav til elektronisk deltaking på årsmøtet. (5) Kallar tingretten eller anna offentleg mynde inn til årsmøte, avgjer dei møteforma. (6) Departementet kan gi forskrift med nærmare reglar om elektronisk deltaking på årsmøtet.

Årsmøtet skal holdes som et møte, og styret bestemmer om det skal være fysisk eller elektronisk. Ved fysiske møter skal det normalt holdes i kommunen der virksomheten har kontor. Ved elektroniske møter skal systemene sikre kontroll på deltakelse og avstemming.AI

Noter (1)
  • EndringTilføyd med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

IIIInnkalling til årsmøte

Kven som skal kalle inn

(1) Årsmøtet skal kallast inn av styret eller av det organet som vedtektene fastset. (2) Dersom styret eller det organet vedtektene fastset, ikkje kallar inn årsmøte som skal haldast etter lova, vedtektene eller tidlegare vedtak av årsmøtet, skal tingretten gjere dette snarast råd om det blir kravd av ein styremedlem, dagleg leiar, revisor eller ein medlem av foretaket. Har foretaket representantskap, kan leiaren av representantskapet setje fram eit slikt krav. Foretaket skal dekkje utgiftene.

Styret eller et annet organ i vedtektene skal kalle inn til årsmøte. Hvis dette ikke skjer, kan tingretten kalle inn møtet dersom visse personer krever det. Foretaket skal betale for utgiftene til dette.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667, tidlegare § 44).

omtalt i 1 kilde

Krav til innkallinga

(1) Alle medlemmar med kjend adresse skal ha skriftleg innkalling som opplyser om tid og stad for møtet. Skal medlemmane vere representerte ved utsendingar på årsmøtet, jf. § 37, er det nok å sende innkallinga til utsendingane. (2) Innkalling til årsmøtet skal sendast slik at den til vanleg er komen fram seinast ei veke før møtet skal haldast, om det ikkje er fastsett ein lengre frist i vedtektene. Ei slik vedtektsføresegn gjeld ikkje for innkalling etter § 42 andre ledd. (3) Innkallinga skal opplyse om møteforma, og eventuelt om framgangsmåten for å delta og røyste elektronisk. I foretak som opnar for røysting før årsmøtet etter § 38 tredje ledd, skal innkallinga opplyse om framgangsmåten for dette. (4) Innkallinga skal oppgi klart dei sakene som årsmøtet skal behandle. Framlegg til vedtektsendringar skal takast inn i innkallinga. Styret skal lage framlegg til sakliste i samsvar med lov og vedtekter.

Alle medlemmer med kjent adresse skal ha skriftlig innkalling til årsmøtet med informasjon om tid, sted og saksliste. Innkallingen skal normalt være fremme senest én uke før møtet, med mindre vedtektene krever lengre frist.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 37Samvirkelova § 42Samvirkelova § 38omtalt i 1 kildereferert av 1

Rett til å få saker opp på årsmøtet

Ein medlem har rett til å få tatt opp saker på årsmøtet. Eventuelle saker må meldast skriftleg til styret i så god tid at dei kan takast med i innkallinga. Er innkallinga allereie send, skal det sendast ny innkalling dersom den kan kome fram minst ei veke før årsmøtet skal haldast.

referert av 1

IVMøtereglar

Opning av møtet. Møteleiar

(1) Styreleiaren eller den styret har peikt ut, opnar årsmøtet. Er det fastsett i vedtektene kven som skal vere møteleiar eller at eit anna organ enn årsmøtet skal velje møteleiaren, jf. andre ledd andre punktum, opnar møteleiaren årsmøtet. Har tingretten innkalla årsmøtet, skal retten peike ut den som skal opne møtet. Avgjerda frå tingretten kan ikkje ankast. Blir årsmøtet halde som fysisk møte, skal den som opnar møtet delta fysisk. (2) Årsmøtet skal velje ein møteleiar, som ikkje treng vere medlem eller utsending. Vedtektene kan fastsetje kven som skal eller kan vere møteleiar, eller at eit anna organ enn årsmøtet skal velje møteleiaren. Blir årsmøtet halde som fysisk møte, skal møteleiaren delta fysisk. Vel årsmøtet møteleiar, må denne veljast blant dei som er fysisk til stades på årsmøtet.

Bestemmelsen forklarer hvem som åpner årsmøtet og hvordan møteleder blir valgt. Det stilles krav om fysisk tilstedeværelse dersom møtet avholdes fysisk.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

Liste over medlemmane på møtet

Den som opnar møtet, skal før første røysting setje opp ei liste over dei medlemmane som deltar, anten sjølve eller ved fullmektig. Dersom nokon av medlemmane har meir enn ei røyst, skal det gå fram av lista kor mange røyster desse har. Lista skal nyttast til den måtte bli endra av årsmøtet.

Den som åpner møtet må lage en liste over alle medlemmer som er til stede eller representert ved fullmakt før den første avstemningen. Listen skal vise om noen har mer enn én stemme og brukes frem til årsmøtet eventuelt endrer den.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Saker utanom saklista

(1) Saker som ikkje er melde til medlemmane etter reglane om innkalling av årsmøtet, kan ikkje avgjerast utan at alle medlemmane i foretaket samtykkjer. Er medlemmane representerte ved utsendingar, er det nok at alle utsendingane samtykkjer. (2) At saka ikkje er oppgitt i innkallinga, hindrar ikkje at: 1) det ordinære årsmøtet avgjer saker som etter lova eller vedtektene skal behandlast på møtet, 2) det ordinære årsmøtet avgjer framlegg om gransking etter § 59 første ledd, 3) det blir vedtatt å innkalle til nytt årsmøte for å avgjere framlegg som er gjorde i møtet.

Se ogsåSamvirkelova § 59

Opplysingsplikt for leiinga

(1) Ein medlem kan krevje at styremedlemmar og dagleg leiar på årsmøtet gir tilgjengelege opplysingar om tilhøve som kan innverke på vurderinga av: 1) godkjenninga av årsrekneskapen og årsmeldinga, eventuelt anna rekneskap for foretaket, 2) saker som er lagde fram for medlemmane til avgjerd, 3) den økonomiske stillinga til foretaket, medrekna verksemda i andre samanslutningar som foretaket tek del i, og andre saker som årsmøtet skal ta opp, om dei opplysingane som krevst, kan givast utan for stor skade for foretaket. (2) Er medlemmane representerte ved utsendingar, kan berre utsendingane krevje slike opplysingar. (3) Dersom leiinga ikkje kan svare på årsmøtet fordi det må hentast inn opplysingar, skal det lagast skriftleg svar innan to veker etter møtet. Svaret skal sendast til alle medlemmar med kjend adresse eller på annan forsvarleg måte gjerast tilgjengeleg for medlemmane. Skriftleg svar skal alltid sendast til den medlemmen som har bede om å få opplysingar. Andre medlemmar har etter førespurnad krav på å få tilsendt svaret. Var medlemmane representerte ved utsendingar, er det nok å sende svaret til alle utsendingane.

Medlemmer kan be styret og daglig leder om informasjon på årsmøtet om økonomi, årsregnskap og andre saker som skal avgjøres. Hvis svaret ikke kan gis med en gang, skal det sendes skriftlig i etterkant.AI

referert av 1

Protokoll

(1) Møteleiaren skal syte for at det blir ført protokoll for årsmøtet. (2) Protokollen skal opplyse om tid for årsmøtet og møteform. Vedtak i årsmøtet skal takast inn i protokollen saman med opplysing om røystetal. Lista over dei som har møtt, jf. § 49, skal takast inn i eller leggjast ved protokollen. (3) Møteleiaren og minst ein annan person som årsmøtet skal velje mellom dei som deltek, skal signere protokollen. Protokollen skal haldast tilgjengeleg for medlemmane av foretaket og skal takast forsvarleg vare på.

Det skal føres protokoll fra årsmøtet i et samvirke. Protokollen skal inneholde informasjon om tid, møteform, vedtak, stemmetall og fremmøte, og skal signeres av møtelederen og én annen valgt person. Dokumentet skal oppbevares trygt og være tilgjengelig for medlemmene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 49omtalt i 1 kilde

VFleirtalskrav o.a.

Vanleg fleirtalskrav

(1) Eit vedtak av årsmøtet krev fleirtal av dei røystene som er gitt, om ikkje anna er fastsett i lova. Står røystetalet likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til, også om møteleiaren ikkje har røysterett. Blanke røyster blir likestilt med røyster som ikkje er gitt. (2) Ved val eller tilsetjing skal den som får flest røyster, reknast som vald eller tilsett. Årsmøtet kan på førehand avgjere at det skal røystast på nytt dersom ingen får fleirtal av dei røystene som er gitt. Står røystetalet likt, blir avgjerda gjort ved loddtrekning. (3) Vedtektene kan setje andre vedtakskrav enn dei som følgjer av paragrafen her, og andre reglar om følgjene av like røystetal og blanke røyster.

Hovedregelen er at vedtak på årsmøtet kreves ved vanlig flertall av avgitte stemmer. Ved valg vinner den som får flest stemmer. Vedtektene kan fastsette andre regler for flertall og stemmegivning.AI

Vedtektsendring

(1) Årsmøtet kan vedta å endre vedtektene med to tredelar av dei røystene som er gitt. Vedtektene kan setje strengare vedtakskrav. (2) Vedtektsendringar som inneber 1) vesentlege endringar av formålsføresegna, 2) meir tyngjande heftereglar for medlemmane, 3) skjerping i plikta til å gjere innskot i foretaket, 4) innføring av omsetningsplikt med foretaket eller vesentleg skjerping av slik plikt, eller 5) avgrensingar i retten til å tre ut, krev tilslutning frå minst fire femdelar av dei røystene som er gitt. (3) Blir det gjort vedtektsendringar som nemnt i andre ledd, kan ein medlem som har røysta imot, tre ut av foretaket etter reglane i § 24 første ledd, om melding om det blir gitt seinast ein månad etter vedtaket. Første punktum gjeld ikkje for medlemmar som har vore representerte ved utsendingar.

Årsmøtet kan endre vedtektene med to tredjedels fleirtal, men visse store endringar krev fire femdelars fleirtal. Medlemmer som stemmer imot slike store endringar, kan i visse tilfelle tre ut av foretaket.AI

Se ogsåSamvirkelova § 24referert av 1

Misbruk av mynde

Årsmøtet kan ikkje gjere noko vedtak som er skikka til å gi visse medlemmar eller andre ein urimeleg fordel til skade for andre medlemmar eller foretaket.

Årsmøtet har ikke lov til å fatte beslutninger som gir enkelte medlemmer eller andre en urimelig fordel hvis dette går utover andre medlemmer eller selve foretaket.AI

referert av 1

VISøksmål om ugyldige vedtak

Kven som kan reise søksmål om ugyldige vedtak

Ein medlem av foretaket, ein styremedlem eller dagleg leiar kan reise søksmål med påstand om at eit vedtak av årsmøtet er ugyldig, fordi det er blitt til på ulovleg vis eller elles er i strid med lova eller vedtektene for foretaket. Slikt søksmål kan også reisast av eit fleirtal av dei tilsette eller alternativt av fagforeiningar som organiserer to tredelar av dei tilsette.

Bestemmelsen forklarer hvem som kan gå til søksmål for å få kjent et vedtak fra årsmøtet ugyldig. Dette gjelder dersom vedtaket er fattet på ulovlig vis eller bryter med loven eller foretakets vedtekter.AI

referert av 2

Frist for å reise søksmål

(1) Søksmål etter § 56 om at eit vedtak er ugyldig, må reisast innan tre månader etter at vedtaket er gjort. Elles er vedtaket gyldig. Er vedtaket gjort utanfor møte, blir fristen rekna frå den dagen protokollen vart sendt til medlemmane. (2) Reglane i første ledd gjeld ikkje når 1) vedtaket er av slikt slag at det ikkje kan gjerast sjølv med samtykke frå alle medlemmane, 2) lov eller vedtekter krev at visse medlemmar eller alle medlemmane må samtykke i vedtaket, og slikt samtykke ikkje er gitt, 3) det ikkje er kalla inn til årsmøtet, eller reglane om innkalling har vore sette vesentleg til side, 4) søksmål blir reist innan to år etter utgangen av fristen i første ledd, og tingretten kjem til at saksøkjaren har hatt rimeleg grunn til fristforsøminga, og at det ville føre til eit openbert urimeleg resultat om vedtaket skulle reknast som gyldig.

Søksmål for å få et vedtak kjent ugyldig må normalt reises innen tre måneder. Det finnes imidlertid unntak fra denne fristen i spesielle tilfeller, for eksempel ved manglende innkalling eller grove feil i vedtaket.AI

Se ogsåSamvirkelova § 56

Dom om ugyldig vedtak

(1) Ein dom som slår fast at eit vedtak av årsmøtet er ugyldig, eller som endrar vedtaket, har verknad for alle som har rett til å reise søksmål etter § 56. (2) Dommen kan berre gå ut på endring av vedtaket dersom det er lagt ned påstand om det, og retten kan slå fast kva innhald vedtaket skulle ha hatt. (3) Er vedtaket meldt til Foretaksregisteret, skal dommen meldast og registrerast der. Foretaket ber utgiftene.

En dom som fastslår at et vedtak fra årsmøtet er ugyldig eller endrer vedtaket, gjelder for alle som har rett til å saksøke. Retten kan endre vedtaket dersom det er bedt om det. Dommen skal registreres i Foretaksregisteret hvis vedtaket var meldt dit.AI

Se ogsåSamvirkelova § 56

VIIGransking

Framlegg om gransking

(1) Ein medlem kan gjere framlegg om gransking av stiftinga eller forvaltinga av foretaket eller nærmare oppgitte forhold ved forvaltinga eller rekneskapane. Framlegget kan gjerast i eit ordinært årsmøte eller på eit årsmøte der det går fram av innkallinga at sak om slik gransking skal takast opp. (2) Får framlegget tilslutning frå minst ein tidel av dei medlemmane som møter på årsmøtet, kan kvar medlem innan ein månad etter årsmøtet krevje at tingretten ved orskurd tek avgjerd om gransking.

Et medlem kan foreslå at det gjennomføres en gransking av hvordan foretaket er stiftet, styrt eller ført regnskap for. Hvis minst en tidel av medlemmene på årsmøtet støtter forslaget, kan medlemmer be tingretten avgjøre om gransking skal skje.AI

referert av 4

Avgjerd i tingretten

(1) Tingretten skal ta til følgje eit krav etter § 59 andre ledd om gransking dersom retten meiner at det har rimeleg grunn. (2) Før det blir tatt avgjerd, skal tingretten gi foretaket og i tilfelle den granskinga elles vil omfatte, høve til å uttale seg. (3) Retten skal oppnemne ein eller fleire granskarar. Det som er fastsett om rett til undersøking mv. for revisor i revisorloven § 2-2 og om sjølvstende og objektivitet for revisor i revisorloven §§ 8-1 til 8-8, gjeld tilsvarande for granskarane. Dei har teieplikt etter same reglar som revisor, jf. revisorloven § 10-1. (4) Retten skal fastsetje godtgjersle for granskarane. Kostnadene ved granskinga skal berast av foretaket. Retten kan fastsetje at foretaket skal deponere ein høveleg sum på førehand.

Tingretten kan bestemme at det skal gjennomføres en gransking av et samvirke dersom det er rimelig grunn til det. Retten utnevner granskere som skal være objektive og ha taushetsplikt, mens foretaket betaler for kostnadene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 20 des 2022 nr. 122.

Se ogsåSamvirkelova § 59Revisorloven § 2-2Revisorloven § 8-1Revisorloven § 8-8omtalt i 1 kilde

Granskingsrapporten

(1) Granskarane skal gi ein skriftleg rapport om granskinga til tingretten. (2) Retten skal kalle inn årsmøtet til behandling av granskingsrapporten. Rapporten skal sendast til kvar medlem med kjend adresse slik at den normalt er framme seinast ei veke før møtet. Skal medlemmane vere representerte ved utsendingar, jf. § 37, er det nok å sende rapporten til utsendingane.

Revisorene skal levere en skriftlig rapport fra granskingen til tingretten. Retten kaller inn til årsmøte for å behandle rapporten, og den skal sendes til medlemmene eller deres utsendinger før møtet.AI

Se ogsåSamvirkelova § 37referert av 2

VIIIRepresentantskap og kontrollkomité

Representantskap

(1) Dersom det er fastsett i vedtektene at foretaket skal ha representantskap, skal representantskapet veljast av årsmøtet. Styremedlem, dagleg leiar og revisor kan ikkje vere medlem av representantskapet. (2) Representantskapet skal føre tilsyn med at formålet til foretaket blir fremja i samsvar med lov, vedtekter og vedtak i årsmøtet, og elles utføre oppgåver som er fastsette i vedtektene. (3) Vedtektene kan fastsetje nærmare reglar om saksbehandlinga. Dersom vedtektene ikkje seier noko anna, gjeld reglane om saksbehandling i styret så langt dei høver.

Hvis et samvirkeforetak har et representantskap, skal dette velges av årsmøtet. Representantskapet skal passe på at foretaket følger loven, vedtektene og årsmøtets beslutninger.AI

Kontrollkomité

(1) Dersom det er fastsett i vedtektene at foretaket skal ha kontrollkomité, skal kontrollkomiteen veljast av årsmøtet. Styremedlem, leiar av representantskapet, dagleg leiar og revisor kan ikkje vere medlem av kontrollkomiteen. (2) Kontrollkomiteen skal føre tilsyn med verksemda til foretaket og sjå til at foretaket følgjer lover, forskrifter, vilkår, vedtekter og vedtak som organa i foretaket har gjort. Kontrollkomiteen kan ta opp alle forhold i foretaket til behandling. (3) Kontrollkomiteen kan alltid krevje å få lagt fram protokollane og dokumenta til foretaket og kan krevje at tillitsvalde og tilsette gir dei opplysingane som komiteen meiner er nødvendige for at den skal kunne utføre vervet. (4) Dersom foretaket er eit morforetak i eit konsern, jf. § 5, kan vedtektene fastsetje at andre og tredje ledd også skal gjelde i forhold til dotterforetak. (5) Vedtektene kan fastsetje nærmare reglar om saksbehandlinga. Dersom vedtektene ikkje seier noko anna, gjeld reglane om saksbehandling i styret så langt dei høver.

Hvis vedtektene krever det, skal årsmøtet velge en kontrollkomité. Komiteen skal føre tilsyn med at foretaket følger lover, regler og egne vedtak, og har rett til innsyn i dokumenter og informasjon fra ansatte.AI

Se ogsåSamvirkelova § 5

Kapittel 6. Leiinga av foretaket

IKrav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid o.a.

Styret

(1) Foretaket skal ha eit styre med minst tre medlemmar, dersom ikkje vedtektene seier at det skal vere to. Berre myndige personar kan vere styremedlemmar. (2) Styret skal velje styreleiaren om ikkje årsmøtet har gjort det, eller om det ikkje er gjort av eit vedtektsfesta foretaksorgan som etter vedtektene har mynde til å velje styreleiaren.

Et samvirke skal ha et styre med minst tre medlemmer, med mindre vedtektene tillater to. Kun myndige personer kan sitte i styret. Styrelederen velges av styret, årsmøtet eller et annet organ fastsatt i vedtektene.AI

Dagleg leiar

(1) Foretaket skal ha ein dagleg leiar om ikkje vedtektene seier noko anna. (2) Styret skal tilsetje dagleg leiar dersom ikkje vedtektene seier at eit anna vedtektsfesta organ skal gjere det.

Et samvirke skal normalt ha en daglig leder. Det er styret som ansetter denne lederen, med mindre vedtektene bestemmer noe annet.AI

Val av styremedlemmar

(1) Medlemmane av styret blir valde av årsmøtet, som også avgjer om det skal veljast varamedlemmar. Har styret to medlemmar, skal det veljast minst ein varamedlem. (2) Første ledd gjeld ikkje styremedlemmar som dei tilsette i foretaket skal velje etter § 67. (3) Vedtektene kan fastsetje at andre enn årsmøtet skal ha valretten etter første ledd. Årsmøtet skal likevel velje meir enn halvparten av styremedlemmane, om ikkje valretten blir overført til eit vedtektsfesta foretaksorgan. Valrett kan ikkje overførast til styret eller til ein styremedlem.

Årsmøtet velger vanligvis styremedlemmene og bestemmer om det skal være varamedlemmer. Hvis styret består av to personer, må det velges minst ett varamedlem. Vedtektene kan bestemme at andre enn årsmøtet skal velge styret.AI

Se ogsåSamvirkelova § 67

Rett for tilsette til å velje styremedlemmar

(1) I foretak med fleire enn 30 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør med varamedlemmar skal veljast av og mellom dei tilsette. (2) I foretak med fleire enn 50 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at opp til ein tredel og minst to av styremedlemmane med varamedlemmar skal veljast av og mellom dei tilsette. (3) I foretak med fleire enn 200 tilsette skal dei tilsette velje ein styremedlem med varamedlem eller to observatørar med varamedlemmar i tillegg til den representasjonen som følgjer av andre ledd. (4) Forskrifter etter aksjelova § 6-4 fjerde ledd gjeld tilsvarande for val etter paragrafen her så langt dei høver.

Ansatte i visse samvirkeforetak kan kreve å velge representanter til styret eller som observatører. Antall representanter avhenger av hvor mange ansatte foretaket har.AI

Se ogsåAksjeloven § 6-4omtalt i 2 kilderreferert av 7

Rett for tilsette til å velje styremedlemmar i konsern og føderative samvirke

(1) Når eit foretak høyrer til eit konsern, kan konsernet og eit fleirtal av dei tilsette, eller konsernet og ein eller fleire lokale fagforeiningar som omfattar eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, inngå skriftleg avtale om at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket. (2) Når eit foretak tilhøyrer eit konsern, og det ikkje føreligg ei avtale etter første ledd, kan Kongen etter søknad frå konsernet, eit fleirtal av dei tilsette eller ein eller fleire lokale fagforeiningar som omfattar eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, fastsetje at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket. (3) Første og andre ledd gjeld tilsvarande når eit foretak tilhøyrer ei gruppe av foretak som er knytt saman gjennom eigarinteresser eller sams leiing, medrekna føderativt samvirke. (4) Kongen kan fastsetje at paragrafen her berre skal gjelde for delar av eit konsern, eit føderativt samvirke eller ei anna gruppe som nemnd i tredje ledd.

I konsern og føderative samvirke kan det avtalast eller vedtakast at alle tilsette i konsernet skal reknast som tilsette i det enkelte foretaket når styremedlemmer skal veljast.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 20 juni 2014 nr. 25 (ikr. 1 juli 2014).

Se ogsåSamvirkelova § 67omtalt i 1 kildereferert av 22 forskrifter

Krav til kjønnssamansetjinga i styret

(1) Føresegnene i denne paragrafen gjeld for samvirkeforetak som på balansedagen for årsrekneskapen anten har: 1) samla driftsinntekter og finansinntekter på meir enn 50 millionar kroner, 2) fleire enn 30 tilsette, som skal reknast likt som etter § 67, eller 3) meir enn 500 medlemmar. (2) Har styret tre eller fleire medlemmar, skal kjønnssamansetjinga i styret oppfylle følgjande krav: 1) Har styret tre eller fire medlemmar, kan maksimalt to styremedlemmar ha same kjønn. 2) Har styret fem eller seks medlemmar, kan maksimalt tre styremedlemmar ha same kjønn. 3) Har styret sju medlemmar, kan maksimalt fire styremedlemmar ha same kjønn. 4) Har styret åtte medlemmar, kan maksimalt fem styremedlemmar ha same kjønn. 5) Har styret ni eller fleire medlemmar, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmane ha same kjønn. (3) Andre ledd gjeld tilsvarande for varamedlemmar. (4) Får eit foretak plikt til å oppfylle krava til kjønnssamansetjing, skal styret seinast ein månad etter første etterfølgjande ordinære årsmøte oppfylle krava til kjønnssamansetjing etter andre og tredje ledd. (5) For styremedlemmar som dei tilsette skal velje etter § 67, gjeld krava til kjønnssamansetjing i § 69 a. (6) Departementet kan gi forskrift med nærmare reglar om kva som skal reknast som driftsinntekter og finansinntekter etter første ledd nr. 1.

Visse samvirkeforetak må ha en balansert kjønnssammensetning i styret og blant varamedlemmene. Reglene gjelder basert på foretakets inntekter, antall ansatte eller antall medlemmer.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 20 des 2023 nr. 114 (i kraft 1 jan 2024).

Se ogsåSamvirkelova § 67Samvirkelova § 69 aomtalt i 2 kilderreferert av 31 forskrift

Krav til kjønnssamansetjing for styremedlemmar valde av og mellom dei tilsette

(1) Dersom det skal veljast to eller fleire styremedlemmar av og mellom dei tilsette etter § 67, kan ikkje alle desse styremedlemmane ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmar. Første og andre punktum gjeld ikkje dersom meir enn 80 prosent av det samla talet på dei tilsette i laget, har same kjønn. (2) I foretak med fleire enn 200 tilsette, skal kjønnssamansetjinga blant styremedlemmar som veljast av og mellom dei tilsette etter § 67, oppfylle krava i § 69 andre og tredje ledd, likevel slik at om det blir valt to styremedlemmar etter § 67, kan ikkje desse ha same kjønn. Talet på tilsette skal reknast likt som etter § 67.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 20 des 2023 nr. 114 (i kraft 1 jan 2024).

Se ogsåSamvirkelova § 67Samvirkelova § 69referert av 2

Tenestetid for styremedlemmane

(1) Styremedlemmar gjer teneste i to år. I vedtektene kan tenestetida setjast kortare eller lengre, men ikkje til meir enn fire år. Kortare tenestetid kan fastsetjast ved suppleringsval. (2) Tenestetida skal reknast frå valet om ikkje anna er fastsett. Den varer ut det ordinære årsmøtet det året tenestetida er slutt. (3) Sjølv om tenestetida er slutt, har styremedlemmen rett til å bli ståande i vervet til ein ny medlem er valt. (4) Første og andre ledd gjeld ikkje ein styremedlem som er valt etter § 67, jf. § 68.

Styremedlemmer har normalt en tjenestetid på to år. Vedtektene kan endre dette, men tiden kan ikke være lengre enn fire år. Medlemmer kan fortsette i vervet til en etterfølger er valgt.AI

Se ogsåSamvirkelova § 67Samvirkelova § 68

Avgang og avsetjing før tenestetida er slutt

(1) Ein styremedlem har rett til å gå av før tenestetida er slutt dersom det er særleg grunn til det. Styret og den som har valt styremedlemmen, skal ha rimeleg førehandsvarsel. (2) Ein styremedlem kan avsetjast av den som har valt styremedlemmen. Det gjeld ikkje ein styremedlem som er valt etter § 67, jf. § 68.

Et styremedlem kan slutte før tiden dersom det foreligger en spesiell grunn, mot at styret og den som valgte medlemmet får varsel. Styremedlemmer kan også bli fjernet av den som valgte dem, med visse unntak.AI

Se ogsåSamvirkelova § 67Samvirkelova § 68

Suppleringsval

(1) Fell vervet for ein styremedlem bort før tenestetida er slutt, og det ikkje finst varamedlem, skal resten av styret syte for val av ny styremedlem for resten av tenestetida. Det same gjeld dersom ein styremedlem blir fråteken rettsleg handleevne eller blir sett i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143. (2) Høyrer valet under årsmøtet, kan det vente til neste ordinære årsmøte dersom styret framleis er vedtaksført.

Hvis et styremedlem slutter før tiden og det ikke finnes en vara, skal resten av styret sørge for at et nytt medlem blir valgt. Dersom styret fortsatt kan ta beslutninger, kan valget ventes med til neste årsmøte.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 26 mars 2010 nr. 9 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 5 apr 2013 nr. 338) som endra med lov 5 apr 2013 nr. 12.

Se ogsåKonkursloven § 142 første leddKonkursloven § 143omtalt i 1 kilde

Varamedlemmar og observatørar

Føresegnene i lova om styremedlemmar gjeld tilsvarande for varamedlemmar og observatørar så langt dei høver.

Reglane som gjeld for styremedlemmer i eit samvirkeforetak, gjeld også for varamedlemmer og observatørar så langt det er naturleg.AI

Godtgjersle

Eventuell godtgjersle til styremedlemmar, varamedlemmar og observatørar skal fastsetjast av årsmøtet. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.

Årsmøtet bestemmer om styremedlemmer, varamedlemmer og observatører skal få betaling. Ved konkurs opphører retten til slik betaling fra det tidspunktet konkursen åpnes.AI

Krav om tilknyting

Dagleg leiar og minst halvdelen av styremedlemmane skal vere busette i ein EØS-stat, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland eller Konføderasjonen Sveits. Departementet kan ved enkeltvedtak gjere unntak frå første punktum.

Daglig leder og minst halvparten av styret må bo i et EØS-land, Storbritannia og Nord-Irland eller Sveits. Departementet kan i enkelte tilfeller gjøre unntak fra dette kravet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 des 2021 iflg. meddelelse 1 des 2021 nr. 3309, jf. res. 23. juni 2021 nr. 2064), 16 juni 2023 nr. 67 (i kraft 1 juli 2023 iflg. res. 16 juni 2023 nr. 905).

omtalt i 2 kilder1 forskrift

IIOppgåver for leiinga. Saksbehandling o.a.

Forvaltinga av foretaket

(1) Forvaltinga av foretaket høyrer under styret. Styret skal syte for forsvarleg organisering av verksemda. (2) Styret skal så langt det trengst, fastsetje planar og budsjett for verksemda. Styret kan også fastsetje retningslinjer for verksemda. (3) Styret skal halde seg orientert om den økonomiske stoda for foretaket og skal sjå til at det blir ført fullgod kontroll med verksemda, rekneskapen og formuesforvaltinga. (4) Styret kan setje i verk dei undersøkingane som det meiner det treng for å kunne utføre oppgåvene sine. Styret skal setje i verk slike undersøkingar dersom ein eller fleire av styremedlemmane krev det.

Styret har ansvaret for den daglige driften og organiseringen av foretaket. De skal sørge for planer, budsjetter og kontroll med økonomi og regnskap. Styret kan gjennomføre undersøkelser for å utføre oppgavene sine.AI

Tilsynsansvar for styret

Styret skal føre tilsyn med den daglege leiinga og verksemda i foretaket elles. Styret kan fastsetje instruks for den daglege leiinga.

Styret har ansvaret for å følge med på hvordan den daglige ledelsen og resten av virksomheten drives. Styret kan også bestemme hvilke instrukser den daglige ledelsen skal følge.AI

Dagleg leiing

(1) Dagleg leiar skal stå for den daglege leiinga av verksemda i foretaket og skal følgje dei retningslinjene og pålegga som styret har gitt. (2) Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter tilhøva i foretaket er av uvanleg slag eller har mykje å seie. (3) Dagleg leiar kan elles avgjere ei sak etter fullmakt frå styret i kvart einskild tilfelle eller når det er til vesentleg ulempe for foretaket å vente på styrevedtak. Styret skal ha melding om avgjerda snarast råd. (4) Dagleg leiar skal syte for at rekneskapen for foretaket er i samsvar med lov og forskrifter, og at formuesforvaltinga er ordna på ein fullgod måte.

Daglig leder har ansvaret for den daglige driften av foretaket og skal følge styrets instrukser. Store eller uvanlige saker må behandles av styret, med mindre det er gitt fullmakt eller det haster.AI

Plikter for dagleg leiar overfor styret

(1) Dagleg leiar skal minst kvar fjerde månad, i møte eller skriftleg, gi styret melding om verksemda i foretaket, stoda for foretaket og resultatutviklinga. (2) Styret kan til kvar tid krevje at dagleg leiar gir styret ei nærmare utgreiing om bestemte saker. Kvar styremedlem kan også krevje slik utgreiing. (3) Føresegna i første ledd kan fråvikast i vedtektene.

Dagleg leiar pliktar å informere styret om verksemda, stoda og resultatutviklinga minst kvar fjerde månad. Styret og enkelte styremedlemmer kan når som helst be om utdjupande informasjon om spesifikke saker. Regelen om hyppighet kan endrast i vedtektene.AI

Gjensidig opplysingsplikt i konsern og føderative samvirke

(1) Styret i eit dotterselskap skal gi styret i morforetaket opplysingar som trengst for å kunne vurdere stoda for foretaket og resultatet av verksemda i konsernet. (2) Morforetaket skal gi melding til styret i eit dotterselskap om forhold som kan ha noko å seie for heile konsernet. Morforetaket skal også gi melding til styret i dotterselskapet om vedtak som kan ha noko å seie for dotterselskapet, før endeleg vedtak blir gjort. (3) Føresegnene i første og andre ledd gjeld tilsvarande så langt dei høver for foretak som inngår i føderative samvirke.

Styret i et datterselskap plikter å gi morforetaket nødvendig informasjon om selskapets tilstand og resultater. Morforetaket skal på sin side informere datterselskapet om viktige forhold og vedtak som påvirker konsernet eller datterselskapet.AI

Kravsmål om gjelds- og konkursbehandling

(1) Kravsmål om gjeldsforhandling eller konkursbehandling for foretaket kan berre setjast fram av styret. (2) Styret representerer foretaket som konkursskyldnar.

Det er kun styret som kan begjære gjeldsforhandlinger eller konkurs for foretaket. Styret fungerer som foretakets representant i en slik prosess.AI

Noter (1)
  • EndringVert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 48 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

Saksbehandlinga i styret

(1) Styret skal behandle sakene i møte om ikkje styreleiaren meiner at saka kan leggjast fram skriftleg eller takast opp på annan måte. Behandlingsmåten skal vere forsvarleg. (2) Styreleiaren skal syte for at styremedlemmane lengst råd kan vere med på ei samla behandling av dei saker som blir behandla. Kvart styremedlem og dagleg leiar kan krevje at saka blir behandla i møte. Skal saka bli behandla i møte, bestemmer styreleiaren møteforma. Meir enn halvparten av styremedlemmane kan likevel krevje at møtet blir halde som fysisk eller elektronisk møte. (3) Styreleiaren leier saksbehandlinga. Er korkje styreleiaren eller varaleiaren med, vel styret ein leiar for styrebehandlinga. (4) Dagleg leiar har rett og plikt til å vere med på saksbehandlinga i styret og til å uttale seg, om ikkje anna er fastsett av styret i kvar einskild sak. (5) Føresegnene i denne paragrafen kan fråvikast i vedtektene.

Styret skal som hovedregel behandle saker i møter, men styrelederen kan velge andre metoder. Både styremedlemmer og daglig leder kan kreve at saker behandles i møte. Vedtektene kan fravike disse reglene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

Krav om styrebehandling o.a

Styreleiaren skal syte for behandling av aktuelle saker som høyrer under styret. Styremedlemmane og dagleg leiar kan krevje at styret tek opp bestemte saker.

Styreleiaren har ansvaret for at saker som styret skal avgjere, blir behandla. Både styremedlemmene og dagleg leiar kan krevje at styret tar opp spesifikke saker.AI

Førebuing av saker og varsling

(1) Dagleg leiar skal førebu styresakene i samråd med styreleiaren. Alle saker skal førebuast og leggjast fram slik at styret har eit tilfredsstillande grunnlag for behandlinga. (2) Styresakene skal varslast på tenleg måte og med nødvendig frist.

Daglig leder skal forberede styresaker sammen med styrelederen. Sakene må presenteres slik at styret har et godt nok grunnlag for å behandle dem. Styresakene skal varsles på en passende måte og innen nødvendig frist.AI

Styreinstruks

(1) I foretak der dei tilsette har representasjon i styret, skal styret fastsetje ein styreinstruks som gir nærmare reglar om styrearbeidet og saksbehandlinga. (2) Instruksen skal mellom anna innehalde reglar om kva saker som skal behandlast i styret, og om kva arbeidsoppgåver og plikter dagleg leiar har overfor styret. Instruksen skal også innehalde reglar for innkalling og behandling i møte. (3) Kongen kan gi forskrift om styreinstruks.

I foretak der ansatte sitter i styret, må styret lage en instruks for hvordan styrearbeidet og saksbehandlingen skal foregå. Instruksen skal beskrive styrets oppgaver, daglig leders plikter og regler for møter.AI

1 forskrift

Når kan styret gjere vedtak

(1) Styret kan gjere vedtak når meir enn halvparten av medlemmane er til stades eller er med på saksbehandlinga, om ikkje andre krav er fastsette i vedtektene. (2) Styret kan likevel ikkje gjere vedtak utan at alle styremedlemmane så langt det er mogleg har fått høve til å delta i behandlinga av saka. (3) Har nokon forfall, og det finst varamedlem, skal varamedlemmen kallast inn.

Styret kan ta beslutninger når over halvparten av medlemmene er til stede, med mindre vedtektene sier noe annet. Alle styremedlemmer skal så langt som mulig ha mulighet til å delta, og varamedlemmer skal kalles inn ved forfall.AI

referert av 1

Vanleg fleirtalskrav

(1) Eit styrevedtak krev at fleirtalet av dei styremedlemmar som er med på behandlinga av ei sak, har røysta for. Står røystene likt, gjeld det som møteleiaren har røysta for. Dei som har røysta for eit framlegg som inneber ei endring, må likevel alltid utgjere meir enn ein tredel av alle styremedlemmane. (2) Andre vedtakskrav kan fastsetjast i vedtektene.

Et styrevedtak krever normalt at flertallet av de fremmøtte stemmer for. Ved stemmelikhet avgjør møtelederens stemme. Endringer krever i tillegg at mer enn en tredel av alle styremedlemmene stemmer for.AI

Fleirtalskrav ved val og tilsetjingar

(1) Ved val og tilsetjing er den valt eller tilsett som får flest røyster. Styret kan på førehand fastsetje at det skal røystast på nytt dersom ingen får fleirtal av dei røystene som er gitt. (2) Står røystetalet likt ved val av styreleiar eller møteleiar, blir valet avgjort ved loddtrekning. I andre tilfelle der røystene står likt, gjeld det som møteleiaren har røysta for. (3) Andre vedtakskrav kan fastsetjast i vedtektene.

Ved val og tilsetjingar er det den som får flest røyster som vinn. Dersom det blir likt resultat ved val av styreleiar eller møteleiar, blir loddtrekning brukt. I andre tilfelle avgjer møteleiaren resultatet ved stemmelikskap.AI

Inhabilitet

(1) Ein styremedlem må ikkje vere med i behandlinga eller avgjerda av spørsmål som har så mykje å seie særleg for styremedlemmen eller for nærståande at medlemmen må reknast å ha ei klar personleg eller økonomisk særinteresse i saka. Det same gjeld for dagleg leiar. Ved avgjerda av om nokon er nærståande etter denne føresegna, gjeld aksjelova § 1-5 første ledd tilsvarande. (2) Ein styremedlem eller ein dagleg leiar må heller ikkje vere med i behandlinga av ei sak om lån eller annan kreditt til seg sjølv eller om trygdgiving for eiga gjeld.

Styremedlemmer og daglig leder kan ikke delta i saker der de har en sterk personlig eller økonomisk interesse. De kan heller ikke være med på å bestemme om lån, kreditt eller sikkerhet for egen gjeld.AI

Se ogsåAksjeloven § 1-5referert av 1

Misbruk av posisjon i foretaket o.a

(1) Styret og andre som etter §§ 92 til 94 representerer foretaket, må ikkje gjere noko som er skikka til å gi visse medlemmar eller andre ein urimeleg fordel til skade for andre medlemmar eller foretaket. (2) Styret eller dagleg leiar må ikkje etterkome noko vedtak av årsmøtet eller eit anna organ dersom vedtaket strir mot lov eller vedtekter.

Styret og andre representanter må ikke gi enkelte medlemmer eller andre en urimelig fordel som skader foretaket eller andre medlemmer. Styret og daglig leder kan ikke gjennomføre vedtak som bryter med loven eller vedtektene.AI

Se ogsåSamvirkelova § 92Samvirkelova § 94referert av 1

Styreprotokoll

(1) Det skal førast protokoll over styresakene som minst gir opplysing om tid og stad, deltakarane, behandlingsmåten og styrevedtaka. Det skal gå fram at saksbehandlinga oppfyller krava i § 86. (2) Er ikkje styrevedtaket samrøystes, skal det opplysast om kven som har røysta for og mot. Styremedlem og dagleg leiar som ikkje er samd i eit vedtak, kan krevje oppfatninga si ført inn i protokollen. (3) Protokollen skal signerast av styremedlemmane som har vore med på styrebehandlinga. Har styret minst fem medlemmar, og er vedtak gjort i møte, kan styret velje to til å signere. I så fall skal utskrift sendast til alle styremedlemmane med frist for merknader, som i tilfelle kan krevjast tekne inn i protokollen.

Styret i et samvirke må skrive referat fra sine møter. Protokollen skal vise hvem som var til stede, hva som ble bestemt og hvem som eventuelt var uenig i vedtakene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 86omtalt i 1 kilde

IIITilhøvet utetter

Representasjon

Styret representerer foretaket utetter og teiknar foretaksnamnet.

Styret har ansvaret for å representere foretaket utad. Det er styret som kan skrive under på vegne av foretaket.AI

referert av 2

Fullmakt til å teikne foretaksnamnet

(1) Styret kan gi styremedlemmar, dagleg leiar eller namngitte tilsette rett til å teikne foretaksnamnet. Slik fullmakt kan fastsetjast i vedtektene, som også kan avgrense det myndet styret har til å gi rett til å teikne foretaksnamnet. (2) Retten til å teikne foretaksnamnet kan når som helst kallast tilbake. Styret kan kalle tilbake ei vedtektsfesta fullmakt når ein ikkje utan skade for foretaket kan vente på vedtak i årsmøtet. (3) Føresegnene om dagleg leiar i § 89 gjeld tilsvarande for ein foretaksteiknar som ikkje er dagleg leiar eller medlem av styret.

Styret kan bestemme hvem som har lov til å signere på vegne av foretaket. Denne retten kan gis til styremedlemmer, daglig leder eller utvalgte ansatte, og kan tas tilbake av styret.AI

Se ogsåSamvirkelova § 89

Representasjon ved dagleg leiar

Dagleg leiar representerer foretaket utetter i saker som inngår i den daglege leiinga.

Dagleg leiar har rett til å representere foretaket utad i saker som gjelder den daglege leiinga.AI

referert av 2

Overskriding av mynde

Har nokon som representerer foretaket etter reglane i §§ 92 til 94, ved disposisjon på vegner av foretaket gått ut over sitt mynde, er disposisjonen ikkje bindande for foretaket når foretaket godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at myndet vart overskride, og det ville stride mot heider og god tru å gjere disposisjonen gjeldande.

Hvis en person som representerer et foretak gjør noe de ikke har lov til, er ikke avtalen bindende for foretaket. Dette gjelder dersom motparten visste, eller burde visst, at personen gikk utover sine fullmakter, og det ville være urimelig å kreve at avtalen holdes.AI

Se ogsåSamvirkelova § 92Samvirkelova § 94

Manglar ved val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar

Etter at val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar er registrert i Foretaksregisteret, kan manglar ved valet eller tilsetjinga ikkje gjerast gjeldande overfor ein tredjeperson, om ikkje foretaket godtgjer at tredjepersonen kjende til mangelen.

Feil ved valg av styremedlemmer eller ansettelse av daglig leder kan ikke brukes mot utenforstående etter at dette er registrert i Foretaksregisteret. Unntaket er dersom det kan bevises at den andre personen visste om feilen.AI

Kapittel 7. Revisjon

Val av revisor

(1) I foretak som har revisjonsplikt etter revisorlova, skal årsmøtet velje ein eller fleire revisorar og kan velje ein eller fleire vararevisorar. (2) Årsmøtet skal godkjenne godtgjersla til revisor.

I foretak som er pålagt å ha revisjon, skal årsmøtet velge revisorer og eventuelt vararevisorer. Det er også årsmøtets oppgave å godkjenne lønnen til revisoren.AI

Bortfall av oppdraget

(1) Revisor gjer teneste fram til ein annan revisor er valt. (2) Fell oppdraget for revisor bort før tenestetida er ute, skal styret utan opphald syte for val av ein ny revisor. Det same gjeld dersom revisor ikkje lenger fyller vilkåra for å kunne veljast til revisor i foretaket.

En revisor i et samvirke fortsetter i jobben til en ny revisor er valgt. Dersom revisoren slutter eller mister资格 til å være revisor før tiden er ute, må styret sørge for at en ny revisor velges med en gang.AI

referert av 1

Nyval av revisor

(1) Årsmøtet kan berre velje ny revisor når det er sagt i innkallinga at det vil bli gjort framlegg om nyval. Revisor har rett til å gjere greie for sitt syn på framlegget for årsmøtet. (2) Har årsmøtet forkasta framlegg om nyval av revisor, kan ein tidel av alle medlemmane innan ein månad etter årsmøtet krevje at tingretten ved orskurd oppnemner ein revisor i tillegg til andre revisorar i foretaket. Kravet skal takast til følgje dersom det har rimeleg grunn. (3) Tingretten fastset tenestetid og godtgjersle for revisor som retten har oppnemnt. Vil revisor slutte før tenestetida er ute, skal det givast rimeleg førehandsvarsel til tingretten.

Årsmøtet kan bare velge ny revisor hvis dette er varslet i innkallingen. Dersom årsmøtet avslår nyval, kan en del av medlemmene be tingretten om å utnevne en ekstra revisor. Retten bestemmer da revisorens lønn og tjenestetid.AI

referert av 1

Revisjonsmelding

Revisor skal gi revisjonsmelding til årsmøtet for kvart rekneskapsår. Revisjonsmeldinga skal vere styret i hende seinast to veker før det ordinære årsmøtet.

Revisor skal gi ei melding til årsmøtet for kvart rekneskapsår. Styret skal ha fått denne meldinga seinast to veker før det ordinære årsmøtet.AI

Revisor er med på årsmøtet

(1) Revisor skal delta i årsmøtet når det skal behandlast saker som gjer dette nødvendig. Utover dette har revisor rett til å delta i årsmøtet. (2) Revisor kan delta elektronisk på årsmøtet. Dersom årsmøtet blir halde som fysisk møte, kan styret krevje at revisor deltek fysisk.

Revisor har rett til å delta på årsmøtet og skal være til stede når det behandles saker som krever det. Deltakelsen kan skje elektronisk, men styret kan kreve fysisk oppmøte dersom møtet holdes fysisk.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Møte med revisor

Styret skal hvert år ha et møte med revisor uten at daglig leder eller andre fra den daglige ledelsen er til stede. Aksjeloven § 7-5 a gjelder tilsvarende.
Noter (1)
  • EndringTilføyd med lov 20 nov 2020 nr. 128 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 20 nov 2020 nr. 2420).

Se ogsåAksjeloven § 7-5 a

Berekraftsrapportering

(1) I foretak som har plikt til å utarbeide berekraftsrapportering etter regnskapsloven § 2-3, skal revisor attestere berekraftsrapporteringa. Årsmøtet kan i staden velje ein annan revisor til å attestere berekraftsrapporteringa eller ein uavhengig tilbydar av attestasjonstenester dersom det er høve til dette etter revisorloven § 1-3. Årsmøtet skal godkjenne godtgjersla. (2) Den som attesterer berekraftsrapporteringa, skal for kvart rekneskapsår gi ei attestasjonsmelding om berekraftsrapportering etter revisorloven § 9-7 a til årsmøtet. Meldinga skal vere styret i hende seinast to veker før det ordinære årsmøtet. (3) §§ 98, 99 og 101 gjeld tilsvarande for den som er vald til å attestere berekraftsrapporteringa etter første ledd.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 21 juni 2024 nr. 42 (i kraft 1 nov 2024 iflg. res. 11 okt 2024 nr. 2454).

Se ogsåRegnskapsloven § 2-3 første leddRevisorloven § 1-3Samvirkelova § 98Samvirkelova § 99

Kapittel 8. Fusjon

Fusjonsomgrepet

(1) Samanslåing av samvirkeforetak er omfatta av reglane om fusjon i kapitlet her når eit samvirkeforetak (overdragande foretak) skal overdra eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til eit anna samvirkeforetak (overtakande foretak), og medlemskap i det overdragande foretaket skal bytast om i medlemskap i det overtakande foretaket. (2) Det overtakande foretaket kan vere eit eksisterande foretak eller eit foretak som blir stifta ved fusjonen.

Reglene om fusjon gjelder når ett samvirkeforetak overfører alle sine eiendeler, rettigheter og plikter til et annet samvirkeforetak. Medlemmene i det foretaket som overfører verdiene, blir i stedet medlemmer i det foretaket som tar over.AI

omtalt i 2 kilder

Vedtak om fusjon

(1) I kvart samvirkeforetak blir vedtak om fusjon gjort ved at årsmøtet godkjenner ein fusjonsplan, jf. §§ 104 og 105. (2) Vedtak om fusjon blir gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Dersom fusjonen inneber at medlemmane av eit overdragande eller overtakande foretak får krav på ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krevst fire femdels fleirtal av dei røystene som er gitt i vedkomande foretak. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning. (3) Vedtektene kan fastsetje strengare vedtakskrav enn det som følgjer av andre ledd.

Et vedtak om fusjon i et samvirkeforetak gjøres ved at årsmøtet godkjenner en fusjonsplan. Det kreves vanligvis flertall som ved vedtektsendring, men i visse tilfeller kreves fire femdels flertall og godkjenning fra Stiftelsestilsynet.AI

Se ogsåSamvirkelova § 104 første leddSamvirkelova § 105referert av 31 forskrift

Fusjonsplan

(1) Styra i dei foretaka som skal fusjonere, skal utarbeide og vedta ein sams fusjonsplan. (2) Fusjonsplanen skal minst innehalde: 1) foretaksnamn for foretaka, forretningskommunar, adresser og organisasjonsnummer, 2) frå kva tid transaksjonar i det overdragande foretaket rekneskapsmessig skal sjåast å vere gjorde for rekning av det overtakande foretaket, 3) det vederlaget som skal ytast til medlemmane i det eller dei overdragande foretaka, medrekna storleiken på eit eventuelt vederlag utover medlemskapen i det overtakande foretaket (jf. § 106), 4) vilkår for utøving av rettar som medlem i det overtakande foretaket og for innføring i medlemsregisteret, 5) kva rettar medlemmar med særlege rettar i det eller dei overdragande foretaka skal ha i det overtakande foretaket, 6) særlege rettar eller fordelar som medlemmar av styret eller dagleg leiar skal få ved fusjonen, 7) utkast til opningsbalanse for det overtakande foretaket. Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. For foretak som er revisjonspliktige etter revisorlova, skal ein statsautorisert eller registrert revisor gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane. (3) Dersom det overtakande foretaket er eit eksisterande foretak, skal fusjonsplanen innehalde eventuelle framlegg til vedtektsendringar i det overtakande foretaket. Blir det overtakande foretaket stifta ved fusjonen, skal planen i staden innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande foretaket, jf. §§ 8 til 10. (4) Fusjonsplanen kan fastsetje at det overtakande foretaket skal overta forvaltinga av det eller dei overdragande foretaka så snart fusjonsplanen er godkjent av alle foretaka som er med på fusjonen. Eigedelane og sakene til det eller dei overdragande foretaka skal i så fall haldast åtskilde til fusjonen blir sett i verk.

Se ogsåSamvirkelova § 106Samvirkelova § 8Samvirkelova § 10referert av 3

Vedlegg til fusjonsplanen

Som vedlegg til fusjonsplanen skal følgje: 1) vedtektene til overdragande og overtakande foretak, 2) siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for dei foretaka som er med på fusjonen og som har rekneskapsplikt og revisjonsplikt.

Når to eller flere virksomheter skal fusjoneres, må visse dokumenter legges ved fusjonsplanen. Dette inkluderer vedtektene til selskapene og deres nyeste årsregnskap, årsberetning og revisjonsmelding dersom de har plikt til dette.AI

referert av 2

Fastsetjing av vederlagskrava

(1) Kvar medlem i det overdragande foretaket skal ved fusjonen få tildelt ein medlemskap i det overtakande foretaket, eller få auka eit eventuelt andelsinnskot dersom vedkomande er medlem i det overtakande foretaket når årsmøtet i det overdragande foretaket vedtek fusjonsplanen. Eventuelt vederlag utover dette skal fordelast mellom medlemmane på grunnlag av deira andel i omsetninga med foretaket dei siste fem åra. Vedtektene kan fastsetje ein annan periode enn fem år, likevel ikkje under eitt år. Tilleggsvederlag som nemnt i andre punktum, kan også fordelast på grunnlag av medlemmane si omsetning med det overtakande foretaket i ein overgangsperiode som ikkje kan vere lengre enn fem år. (2) Det samla fusjonsvederlaget til medlemmane i det overdragande foretaket må ikkje stå i mishøve til dei verdiane som det overdragande foretaket har tilført det overtakande foretaket ved fusjonen.

Ved en fusjon skal medlemmer i det selskapet som overføres få medlemskap eller økt innskudd i det mottakende selskapet. Eventuell ekstra godtgjørelse fordeles basert på medlemmenes omsetning med selskapet. Den totale godtgjørelsen må ikke være urimelig høy sammenlignet med verdiene som tilføres.AI

referert av 2

Rapport om fusjonen

Når fusjonsplanen er ferdig, skal styret i kvart foretak utarbeide ein skriftleg rapport om fusjonen og kva den vil ha å seie for foretaket. Rapporten skal gjere greie for grunngivinga for framlegget om fusjon, dei hovudsynspunkta som ligg til grunn for fastsetjinga av vederlaget, og kva fusjonen vil få å seie for dei tilsette i foretaket.

Styret i hvert selskap skal skrive en rapport når en plan om fusjon er klar. Rapporten skal forklare hvorfor selskapene skal fusjonere, hvordan vederlaget er bestemt og hva fusjonen betyr for de ansatte.AI

referert av 1

Utgreiing om fusjonsplanen

(1) I foretak som er revisjonspliktige etter revisorlova, skal styret syte for at det blir utarbeidd ei utgreiing om fusjonsplanen. I utgreiinga må styret grunngi og stadfeste at fusjonen ikkje vil vere i strid med kravet til forsvarleg eigenkapital i § 25, og at fusjonsvederlaget er fastsett i samsvar med føresegnene i § 106. (2) Utgreiinga skal stadfestast av ein statsautorisert eller registrert revisor. Stadfestinga må tidlegast vere datert åtte veker før årsmøtevedtaket om fusjon.

Styret i virksomheter med revisjonsplikt må lage en utredning om fusjonsplanen. Utredningen skal bekrefte at fusjonen ikke bryter med krav til egenkapital og at vederlaget er riktig fastsatt. En revisor må bekrefte utredningen.AI

Se ogsåSamvirkelova § 25Samvirkelova § 106

Forholdet til dei tilsette

(1) Tillitsvalde i dei foretaka som skal fusjonere, skal ha informasjon og har rett til drøfting i samsvar med reglane i arbeidsmiljølova § 16-5. (2) Fusjonsplanen med vedlegg og rapporten frå styret skal alltid gjerast kjent for dei tilsette i foretaka. Det kan skje ved bruk av elektronisk kommunikasjon, likevel slik at ein tilsett som ber om det, skal få tilgang til dokumenta i papirkopi. (3) Innkomne skriftlege fråsegner frå dei tilsette eller representantane deira skal vere ein del av saksdokumenta ved den vidare behandlinga av fusjonsplanen i foretaket.

Ved sammenslåing av virksomheter skal tillitsvalgte få informasjon og mulighet til å drøfte saken. De ansatte skal få innsyn i fusjonsplanen og styrets rapport, og skriftlige uttalelser fra ansatte skal tas med i saksbehandlingen.AI

Se ogsåArbeidsmiljøloven § 16-5referert av 1

Melding til medlemmane

(1) Seinast fire veker før årsmøtet skal behandle fusjonsplanen, skal det sendast ei melding til medlemmane med opplysing om dei viktigaste følgjene ein fusjon vil få for dei. Dersom medlemmar i eit overdragande foretak skal motta vederlag utover medlemskap i det overtakande foretaket, skal meldinga innehalde ei oversikt over kor mykje kvar einskild medlem skal motta i vederlag. (2) I meldinga skal medlemmane gjerast merksame på at dei etter førespurnad har krav på å få tilsendt fusjonsplanen med vedlegg, rapporten og utgreiinga frå styret og eventuelle fråsegner frå dei tilsette eller representantane deira. Dersom ein medlem ber om å få tilsendt desse dokumenta, skal dei sendast til medlemmen utan ugrunna opphald.

Medlemmer skal få beskjed om de viktigste konsekvensene av en fusjon før årsmøtet. Meldingen skal også inneholde oversikt over eventuell godtgjørelse. Medlemmer har rett til å få tilsendt fusjonsplanen og andre relevante dokumenter.AI

referert av 2

Opplysingsplikt

Styret i eit overdragande foretak skal gi opplysingar til sitt årsmøte og til styra i andre foretak som er med på fusjonen, om vesentlege endringar i eigedelar, rettar og skyldnader som har funne stad i tida mellom signeringa av fusjonsplanen og behandlinga av fusjonsplanen på årsmøtet. Dersom det overtakande foretaket er eit eksisterande foretak, har styret i dette ei tilsvarande opplysingsplikt.

Styret i foretak som fusjonerer, må informere årsmøtet og de andre styrene om viktige endringer i eiendeler, rettigheter og forpliktelser. Dette gjelder for endringer som skjer mellom signering og behandling av fusjonsplanen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

Søknad til Stiftelsestilsynet

(1) Dersom eit fusjonsvedtak krev godkjenning av Stiftelsestilsynet (jf. § 103 andre ledd), kan søknad om slik godkjenning tidlegast sendast når årsmøta i alle foretaka som er med på fusjonen, har gjort sine vedtak om fusjon. (2) Søknaden må innehalde fusjonsplanen med vedlegg og rapporten frå styret. Dei som har røysta imot fusjonen, skal ha høve til å gjere kort greie for hovudsynspunkta sine i eit vedlegg til søknaden.

Når en fusjon krever godkjenning fra Stiftelsestilsynet, kan søknaden først sendes etter at alle involverte foretak har fattet vedtak om fusjonen. Søknaden skal inneholde fusjonsplanen og styrets rapport, og de som stemte imot skal kunne legge ved sine hovedsynspunkter.AI

Se ogsåSamvirkelova § 103referert av 2

Melding til Foretaksregisteret

(1) Seinast ein månad etter at fusjonen er vedtatt i alle dei foretaka som er med på fusjonen, skal kvart foretak melde sine vedtak til Foretaksregisteret. (2) Dersom eit fusjonsvedtak krev godkjenning av Stiftelsestilsynet (jf. § 103 andre ledd), skal foretaka ikkje melde sine vedtak før godkjenning er gitt, og klagefristen etter forvaltningslova er ute, eller departementet har gjort vedtak i klagesaka. Fristen for å melde vedtaket er ein månad etter at klagefristen er overseten, eller departementet har gjort vedtak i klagesaka. Godkjenninga skal leggjast ved meldinga til Foretaksregisteret. (3) Er vedtaket ikkje meldt til Foretaksregisteret innan fristen i første og andre ledd, kan registrering ikkje finne stad. Vedtaket er då ikkje lenger bindande. Det same gjeld om registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.

Når foretak fusjonerer, må vedtaket meldes til Foretaksregisteret innen en bestemt frist. Hvis fusjonen krever godkjenning fra Stiftelsestilsynet, må denne foreligge før melding sendes. Blir fristen overskredet eller registrering nektet, faller vedtaket bort.AI

Se ogsåSamvirkelova § 103

Kreditorvarsel

Foretaksregisteret skal kunngjere vedtaka om fusjon i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og varsle kreditorane i foretaket om at motsegner mot fusjonen må meldast til vedkomande foretak innan seks veker frå kunngjeringa.

Foretaksregisteret skal kunngjøre vedtak om fusjon elektronisk. Kreditorer skal varsles om at innsigelser mot fusjonen må meldes til foretaket innen seks uker etter kunngjøringen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).

omtalt i 1 kildereferert av 2

Motsegn frå kreditor

(1) Dersom ein kreditor med uomtvista og forfalle krav kjem med motsegn innan fristen etter § 114, kan fusjonen ikkje gjennomførast før kravet er betalt. (2) Ein kreditor med omtvista krav eller krav som ikkje er forfalle, kan krevje fullgod trygd for kravet dersom det ikkje er sikra slik frå før. Tingretten avgjer tvist om kravet er til, og om trygda er fullgod. (3) Retten kan forkaste krav om trygd etter andre ledd når det er klart at kravet ikkje er til, eller at utsiktene til dekning ikkje blir dårlegare på grunn av fusjonen. (4) Kravsmål om avgjerd i tingretten må vere sett fram innan to veker etter at kreditor kravde betaling eller trygdgiving.

En kreditor kan i visse tilfeller stoppe eller stille krav ved en fusjon. Hvis et krav er klart og forfalt, må det betales før fusjonen kan gjennomføres. Ved usikre krav kan kreditor kreve sikkerhet.AI

Se ogsåSamvirkelova § 114referert av 2

Iverksetjing av fusjonen

(1) Når fristen for motsegn etter § 114 er ute for alle foretaka som er med på fusjonen, og tilhøvet til kreditorar som har kome med motsegn etter § 115, er avgjort, skal eit overdragande foretak gi melding til Foretaksregisteret om at fusjonen skal setjast i verk. Dersom det overtakande foretaket er eit eksisterande foretak, kan i staden dette foretaket gi melding om iverksetjing. (2) Sjølv om forholdet til kreditorar som har kome med motsegner etter § 115, ikkje er avklart, kan tingretten etter kravsmål frå det foretaket kravet gjeld, vedta at fusjonen kan gjennomførast og meldast til Foretaksregisteret. (3) Iverksetjinga av fusjonen skjer ved registrering av melding etter første eller andre ledd. Iverksetjinga har følgjande verknader: 1) det eller dei overdragande foretaka er oppløyste, 2) det overtakande foretaket er stifta og registrert, eller dei samla andelsinnskota i foretaket er auka, 3) medlemmane i det eller dei overdragande foretaka har blitt medlemmar i det overtakande foretaket, 4) det eller dei overdraganda foretaka har overført eigedelar, rettar og skyldnader til det overtakande foretaket, 5) andre verknader som følgjer av fusjonsplanen. (4) Det overtakande foretaket skal ta vare på rekneskapsmateriale og bøker frå det eller dei overdragande foretaka i samsvar med bokføringslova § 13 i minst ti år etter at fusjonen er registrert. Registrerte rekneskapsopplysingar i det overdragande foretaket på fusjonstidspunktet skal kunne bli gjengitt i samsvar med bokføringslova § 6 i minst ti år etter at fusjonen er registrert.

En fusjon gjennomføres når melding om dette er registrert i Foretaksregisteret. Dette fører til at de overdragende foretakene oppløses, og at alle eiendeler, rettigheter, plikter og medlemmer overføres til det overtakende foretaket.AI

Se ogsåSamvirkelova § 114Samvirkelova § 115Samvirkelova § 13Samvirkelova § 6referert av 2

Ugyldig fusjon

(1) Søksmål med påstand om at vedtak i foretaket om fusjon skal kjennast ugyldig, må reisast før fusjonen er registrert i Foretaksregisteret etter § 116. Søksmål som blir reist etter at fristen er gått ut, skal avvisast. (2) Blir det reist søksmål om at fusjonen er ugyldig, skal tingretten gi foretaket ein frist på tre månader for å rette det tilhøvet søksmålet byggjer på. (3) Dom som kjenner vedtak om fusjon ugyldig, har verknad for alle i foretaket. (4) Er vedtaket om fusjonen meldt til Foretaksregisteret etter § 116, skal retten utan opphald melde dommen til Foretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på foretaket sin kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. (5) Når vedtaket til årsmøtet blir kjent ugyldig, heftar foretaket solidarisk med dei andre foretaka som er med på fusjonen, for skyldnader frå tida etter at fusjonen skulle ha hatt verknad, og fram til kunngjeringa av dommen etter fjerde ledd.

Dette regelverket forklarer hvordan man kan få kjent en fusjon ugyldig gjennom søksmål. Det beskriver tidsfrister for rettslige skritt, rettens mulighet til å gi frist for retting, og hvem som er ansvarlig for gjeld hvis fusjonen blir opphevet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).

Se ogsåSamvirkelova § 116omtalt i 1 kildereferert av 1

Fusjon mellom samvirkeforetak og heileigd dotterselskap

(1) Dersom eit samvirkeforetak eig alle aksjane i eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, kan styra i foretaka vedta ein fusjonsplan som går ut på at dotterselskapet vederlagsfritt skal overføre eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til morforetaket. (2) For gjennomføringa av fusjonen gjeld aksjelova § 13-23 og allmennaksjelova § 13-24 tilsvarande.

Et samvirkeforetak som eier alle aksjene i et datterselskap, kan vedta at selskapet overfører alle sine eiendeler, rettigheter og plikter til foretaket uten at det betales vederlag.AI

Se ogsåAksjeloven § 13-23Allmennaksjeloven § 13-24omtalt i 1 kilde

Kapittel 9. Fisjon

Fisjonsomgrepet

(1) Deling av eit samvirkeforetak er omfatta av reglane om fisjon i kapitlet her når eigedelane, rettane og skyldnadene til foretaket skal fordelast på foretaket sjølv (det overdragande foretaket) og eitt eller fleire overtakande samvirkeforetak (overtakande foretak), og alle eller nokre av medlemmane i det overdragande foretaket får medlemskap i eitt eller fleire av dei overtakande foretaka. (2) Fisjon etter dette kapitlet ligg også føre dersom det overdragande samvirkeforetaket skal opphøyre ved fisjonen, og dei samla eigedelane, rettane og skyldnadene til foretaket skal fordelast på to eller fleire overtakande samvirkeforetak mot at medlemmane i det overdragande foretaket får medlemskap i eitt eller fleire av desse. (3) Eit overtakande foretak kan vere eit eksisterande foretak eller eit foretak som blir stifta ved fisjonen.

Bestemmelsen forklarer når deling av et samvirkeforetak regnes som en fisjon. Dette skjer når eiendeler, rettigheter og plikter fordeles mellom et eller flere foretak, og medlemmene får medlemskap i de overtakende foretakene.AI

omtalt i 2 kilder

Vedtak om fisjon

(1) Vedtak om fisjon blir gjort ved at årsmøtet godkjenner ein fisjonsplan, jf. § 121. (2) Vedtak om fisjon blir gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Dersom fisjonen inneber at medlemmane av eit overdragande eller overtakande foretak får krav på ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krevst fire femdels fleirtal av dei røystene som er gitt i vedkomande foretak. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning. (3) Vedtektene kan fastsetje strengare vedtakskrav enn det som følgjer av andre ledd.

En fisjon vedtas når årsmøtet godkjenner en fisjonsplan. Det kreves vanligvis flertall som ved vedtektsendringer, men i visse tilfeller kreves fire femdels flertall og godkjenning fra Stiftelsestilsynet.AI

Se ogsåSamvirkelova § 121referert av 11 forskrift

Fisjonsplan o.a

(1) Styret i det foretaket som skal delast, skal utarbeide og signere ein fisjonsplan som minst inneheld opplysingar om forhold som nemnt i § 104 andre ledd. I tillegg skal fisjonsplanen oppgi: 1) fordelinga av eigedelar, rettar og skyldnader på dei foretaka som er med på fisjonen, 2) fordelinga av medlemskap og eventuelt anna vederlag på medlemmane i det overdragande foretaket. (2) Dersom eit overtakande foretak er eit eksisterande foretak, skal fisjonsplanen innehalde eventuelle framlegg til vedtektsendringar i det overtakande foretaket. Dersom eit overtakande foretak skal stiftast ved fisjonen, skal planen i staden innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande foretaket, jf. §§ 8 til 10. (3) Ved fisjon ved overføring til eitt eller fleire eksisterande samvirkeforetak skal styra i dei foretaka som deltek, utarbeide ein sams fisjonsplan. (4) Føresegnene i §§ 105 til 110 gjeld tilsvarande.

Når et samvirkeforetak skal deles, må styret lage en fisjonsplan. Planen skal beskrive hvordan eiendeler, rettigheter, plikter og medlemskap skal fordeles mellom foretakene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 104 første leddSamvirkelova § 8Samvirkelova § 10Samvirkelova § 105omtalt i 1 kildereferert av 2

Opplysingsplikt

Styret i det foretaket som skal delast, skal gi opplysingar til sitt årsmøte og til styret i eit eksisterande overtakande foretak om vesentlege endringar i eigedelar, rettar og skyldnader som har funne stad i tida mellom signeringa av fisjonsplanen og behandlinga av fisjonsplanen på årsmøtet. Styret i eit eksisterande overtakande foretak har ei tilsvarande opplysingsplikt overfor sitt årsmøte og overfor styret i andre foretak som er med på fisjonen.

Styret i foretak som er med i en fisjon, må informere om viktige endringer i eiendeler, rettigheter og forpliktelser. Dette gjelder for perioden mellom signering av fisjonsplanen og årsmøtets behandling av planen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

Søknad til Stiftelsestilsynet, melding til Foretaksregisteret, kreditorvarsel o.a

Føresegnene i §§ 112 til 115 gjeld tilsvarande ved fisjon.

Reglene for søknad til Stiftelsestilsynet, melding til Foretaksregisteret og varsling av kreditorer ved fusjon gjelder også når et samvirkeforetak skal gjennomføre en fisjon.AI

Se ogsåSamvirkelova § 112Samvirkelova § 115

Iverksetjing o.a

(1) Føresegnene i § 116 gjeld tilsvarande ved fisjon, bortsett frå føresegnene i § 116 tredje ledd andre punktum. (2) Iverksetjinga av fisjonen har følgjande verknader: 1) det overdragande foretaket er oppløyst eller eksisterer for den gjenverande delen, 2) det eller dei overtakande foretaka er stifta og registrerte, eller dei samla andelsinnskota i eit eksisterande foretak er auka, 3) alle eller nokre av medlemmane i det overdragande foretaket er medlemmar i eitt eller fleire overtakande foretak, 4) eigedelane, rettane og skyldnadene til det overdragande foretaket er heilt eller delvis overført til eitt eller fleire overtakande foretak, 5) andre verknader som følgjer av fisjonsplanen.

Denne bestemmelsen forklarer hva som skjer når et samvirkeforetak deles i flere deler. Den beskriver hvordan foretaket kan oppløses eller fortsette, og hvordan eiendeler, rettigheter og plikter overføres til nye eller eksisterende foretak.AI

Se ogsåSamvirkelova § 116

Ugyldig fisjon

Reglane om ugyldig fusjon i § 117 gjeld tilsvarande ved fisjon.

Reglene for når en fusjon er ugyldig, gjelder også for fisjon.AI

Se ogsåSamvirkelova § 117

Fordeling av eigedelar, rettar og skyldnader

(1) Dersom det utfrå fisjonsplanen ikkje let seg gjere å fastsetje kva foretak som skal eige ein eigedel, er denne i sameige mellom foretaka etter forholdet mellom dei nettoverdiane foretaka er tilførte ved fisjonen. Det same gjeld for andre rettar enn eigedomsrett. (2) Dersom det ut frå fisjonsplanen ikkje let seg gjere å fastsetje kva foretak som skal hefte for ein skyldnad som var oppstått før iverksetjinga av fisjonen, heftar dei foretaka som er med på fisjonen, solidarisk for skyldnaden. (3) Dersom det foretaket som skal hefte for ein skyldnad etter fisjonsplanen, ikkje oppfyller skyldnaden, heftar dei foretaka som er med på fisjonen, solidarisk for skyldnaden. Heftinga er likevel for kvart av dei andre foretaka avgrensa til eit beløp tilsvarande den nettoverdien som foretaket vart tilført ved fisjonen.

Reglene bestemmer hvordan eiendeler, rettigheter og gjeld fordeles ved en fisjon når planen er uklar. De bestemmer også hvem som er ansvarlig dersom en gjeld ikke blir betalt.AI

Kapittel 10. Oppløysing o.a.

Vedtak om oppløysing

(1) Vedtak om å løyse opp samvirkeforetaket blir gjort av årsmøtet med fleirtal som for vedtektsendring. Vedtektene kan fastsetje eit strengare vedtakskrav. (2) Ligg det føre forhold som etter vedtektene skal medføre oppløysing av foretaket, eller skal foretaket løysast opp som følgje av ei lovføresegn, skal årsmøtet så snart som mogleg gjere vedtak om oppløysing av foretaket. Vedtaket blir gjort med fleirtal av dei røystene som er gitt. (3) Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak om oppløysing etter at foretaket er vedtatt oppløyst ved orskurd etter § 141.

Et samvirkeforetak kan løses opp gjennom et vedtak på årsmøtet. Det kreves vanligvis samme flertall som ved endring av vedtektene, med mindre vedtektene krever mer. Enkelte situasjoner kan tvinge frem en oppløsning.AI

Se ogsåSamvirkelova § 141referert av 1

Avviklingsstyre og andre organ i foretaket

(1) Når foretaket er vedtatt oppløyst, skal årsmøtet velje eit avviklingsstyre som kjem i staden for styret og dagleg leiar. Valet gjeld på ubestemt tid med ein oppseiingsfrist for medlemmane på tre månader. (2) Reglane om styret i kapittel 6, medrekna reglane om rett for tilsette til å velje styremedlemmar, gjeld tilsvarande for avviklingsstyret. (3) Reglane om årsmøte, representantskap og kontrollkomité gjeld så langt dei høver under avviklinga.

Når et foretak er vedtatt oppløst, skal årsmøtet velge et avviklingsstyre. Dette styret overtar oppgavene til det vanlige styret og daglig leder. De fleste reglene for styret, årsmøtet og kontrollkomiteen gjelder fortsatt under avviklingen.AI

Melding til Foretaksregisteret

Vedtak om å løyse opp foretaket skal meldast til Foretaksregisteret straks avviklingsstyret er valt. Meldinga skal innehalde opplysingar om medlemmane av avviklingsstyret.

Når det er bestemt at et samvirke skal avvikles, må dette meldes til Foretaksregisteret. Meldingen skal sendes så snart et avviklingsstyre er valgt, og må inneholde informasjon om hvem som sitter i styret.AI

referert av 1

Kreditorvarsel

(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing skal Foretaksregisteret kunngjere vedtaket om å oppløyse foretaket i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal kreditorane til foretaket varslast om at dei må melde sine krav til leiaren av avviklingsstyret innan seks veker frå kunngjeringa. Namn og adresse til leiaren av avviklingsstyret skal gå fram av kunngjeringa. (2) Alle kreditorar med kjend adresse skal så vidt mogleg varslast særskilt av foretaket.

Når eit foretak blir oppløyst, skal dette kunngjerast elektronisk slik at kreditorar får varsel. Kreditorane må melde krava sine til leiaren av avviklingsstyret innan seks veker. Foretaket skal også prøve å varsle alle kjende kreditorar direkte.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Stillinga for foretaket under avviklinga

(1) Når oppløysing er vedtatt, skal foretaket på brev, kunngjeringar og andre dokument leggje orda «under avvikling» til foretaksnamnet. (2) Verksemda til foretaket kan halde fram så langt det er ønskjeleg for ei tenleg gjennomføring av avviklinga. (3) Under avviklinga skal årsrekneskap avleggjast, reviderast og sendast til Rekneskapsregisteret etter same reglar som elles.

Når det er vedtatt at foretaket skal oppløses, må teksten «under avvikling» legges til foretaksnavnet på brev og dokument. Foretaket kan fortsette driften så lenge det er nødvendig for avviklingen. Reglene for årsregnskap gjelder som vanlig.AI

Avviklingsbalanse o.a

(1) Avviklingsstyret skal lage ei oppteikning over dei eigedelane, rettane og skyldnadene som foretaket har, og gjere opp ein balanse med sikte på avviklinga. For foretak som har revisjonsplikt etter revisorlova, skal balansen vere revidert. (2) Oppteikninga og balansen skal leggjast ut på foretakskontoret til ettersyn for medlemmane. Kopi av balansen, eventuelt med fråsegn frå revisor, skal sendast til alle medlemmar med kjend adresse eller på anna forsvarleg vis gjerast tilgjengeleg for medlemmane. Ein medlem har etter førespurnad krav på å få tilsendt kopi av balansen med fråsegn frå revisor.

Når et samvirkeforetak skal avvikles, må styret lage en oversikt over eiendeler og gjeld i en balanse. Denne balansen skal være tilgjengelig for medlemmene, og må være revidert dersom foretaket har revisjonsplikt.AI

Dekning av skyldnadene

(1) Avviklingsstyret skal syte for at dei skyldnadene foretaket har, blir dekte i den grad kreditor ikkje har fråfalle kravet sitt eller samtykkjer i å ta ein annan som debitor i staden. (2) Kan ein kreditor ikkje finnast, eller nektar ein kreditor å ta imot sitt tilgodehavande, skal summen deponerast i Noregs Bank etter reglane i lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve.

Avviklingsstyret skal sørge for at selskapets gjeld blir betalt. Dette gjelder med mindre kreditor har gitt opp kravet sitt eller godtar en annen som skyldner. Penger som ikke kan utbetales, skal settes inn i Noregs Bank.AI

referert av 1

Omgjering av eigedelar og rettar i pengar

Eigedelane og rettane til foretaket skal gjerast om i pengar så langt dette er nødvendig for å dekkje skyldnader. Utover dette skal eigedelane eller rettane gjerast om i pengar dersom ikkje medlemmane er samde om noko anna.

Eiendelene og rettighetene til foretaket skal selges for å få penger dersom det trengs for å betale gjeld. Ellers skal de gjøres om til penger med mindre medlemmene er enige om noe annet.AI

Utdeling til medlemmane og anna disponering over gjenverande midlar

(1) Utdeling til medlemmane eller anna disponering over gjenverande midlar kan ikkje finne stad før foretaksskyldnadene er dekte, og det er gått minst to månader frå kunngjeringa av kreditorvarselet i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon etter § 130. (2) Slike utbetalingar kan likevel skje dersom det berre står igjen uvisse eller omtvista skyldnader, og det blir sett av ein tilstrekkeleg sum til å dekke dei. Om ikkje anna er avtalt, skal summen setjast inn på ein felleskonto for foretaket og den kreditoren det gjeld, slik at uttak ikkje kan skje utan skriftleg samtykke frå begge partar eller endeleg dom. (3) Medlemmane i foretaket har rett til å få utbetalt andelsinnskota og inneståande på medlemskapitalkonti dersom det er midlar i foretaket etter at skyldnadene er dekte. Renter på andelsinnskot eller medlemskapitalkonti har medlemmane berre krav på å få utbetalt dersom det følgjer av vedtektene at forrenting skal skje. Vedtektene kan fastsetje at medlemmane ved oppløysing ikkje skal ha krav på å få utbetalt andelsinnskota eller inneståande på medlemskapitalkonti. (4) Gjenverande midlar utover dette skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål. I eit sekundærsamvirke skal midlane i staden fordelast på dei som er medlemmar på oppløysingstidspunktet, dersom ikkje noko anna følgjer av vedtektene. Føresegnene i femte ledd andre og tredje punktum gjeld i så fall tilsvarande. (5) Vedtektene kan fastsetje at dei gjenverande midlane heilt eller delvis skal gå til dei som er medlemmar på oppløysingstidspunktet, eventuelt også tidlegare medlemmar. Fordelinga av midlane må i tilfelle skje på grunnlag av deira omsetning med foretaket dei siste fem åra. Vedtektene kan fastsetje ein annan periode enn fem år, likevel ikkje under eitt år. (6) Ei vedtektsendring som inneber at medlemmane får ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krev fire femdels fleirtal av dei røystene som blir gitt. Slik vedtektsendring kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning. Godkjenninga skal leggjast ved meldinga til Foretaksregisteret om vedtektsendring.

Se ogsåSamvirkelova § 130referert av 7

Endeleg oppløysing

(1) Etter avslutta utdeling skal avviklingsstyret leggje fram revidert oppgjer for årsmøtet. Når oppgjeret er godkjent, skal det meldast til Foretaksregisteret at foretaket er endeleg oppløyst. Kravet i første punktum om at oppgjeret skal vere revidert gjeld ikkje for foretak som ikkje har revisjonsplikt etter revisorlova. (2) Føresegnene om skadebot i §§ 155 til 157 gjeld også etter endeleg oppløysing. (3) Avviklingsstyret skal syte for at rekneskapsmateriale blir tatt vare på etter bokføringslova § 13 i minst ti år etter den endelege oppløysinga. Det same gjeld bøkene til foretaket. Registrerte rekneskapsopplysingar skal kunne bli gjengitt i samsvar med bokføringslova § 6 i minst ti år etter den endelege oppløysinga.

Når utdelingen er ferdig, skal årsmøtet godkjenne det reviderte oppgjeret før foretaket blir endeleg oppløyst i Foretaksregisteret. Rekneskap og bøker skal takast vare på i minst ti år etter dette.AI

Se ogsåSamvirkelova § 155Samvirkelova § 157Samvirkelova § 13Samvirkelova § 6

Etterutlodding

Det som måtte tilfalle foretaket av summar som er sette av etter § 135 andre ledd, eller som elles måtte vise seg å tilhøyre det oppløyste foretaket, skal behandlast som fastsett i § 135 tredje til femte ledd. Er beløpet så lite at ei etterutlodding til medlemmane vil valde uforholdsmessig ulempe eller kostnad, kan avviklingsstyret i staden nytte det til samvirkeformål eller til allmennyttige formål.

Penger som tilfaller et oppløst foretak skal i utgangspunktet behandles etter faste regler. Hvis beløpet er så lite at utbetaling til medlemmene blir for dyrt eller vanskelig, kan pengene i stedet brukes til samvirkeformål eller allmennyttige formål.AI

Se ogsåSamvirkelova § 135 første ledd

Ansvar for udekte skyldnader

(1) Overfor kreditorar som ikkje har fått dekning etter § 133 og heller ikkje er tilstrekkeleg sikra ved avsetjing etter § 135 andre ledd, heftar medlemmane solidarisk inntil verdien av det som vedkomande har mottatt som utdeling etter § 135. Overfor ein slik kreditor heftar dessutan medlemmane av avviklingsstyret solidarisk utan avgrensing, dersom det ikkje blir godgjort at dei har handla forsvarleg. (2) I regressomgangen skal fordelinga skje mellom medlemmane i forhold til det kvar einskild har fått utdelt. Lov 17. februar 1939 nr. 1 om gjeldsbrev § 2 tredje ledd gjeld tilsvarande. (3) Krav etter første ledd blir forelda tre år etter at den endelege oppløysinga av foretaket vart registrert i Foretaksregisteret.

Medlemmer i et samvirke kan bli holdt ansvarlige for gjeld som ikke er dekket ved oppløsning, begrenset til verdien av utdelingene de har mottatt. Medlemmer av avviklingsstyret kan være ubegrenset ansvarlige dersom de ikke har handlet forsvarlig.AI

Se ogsåSamvirkelova § 133Samvirkelova § 135 første leddGjeldsbrevlova § 2

Omgjering av vedtak om oppløysing

(1) Vedtak om å løyse opp foretaket kan gjerast om av årsmøtet med det fleirtalet som var nødvendig for vedtaket om oppløysing. Er foretaket oppløyst på grunn av føresegner i lov eller vedtekter, kan vedtaket berre gjerast om når oppløysingsgrunnen ikkje lenger ligg føre. (2) Har foretaket delt ut midlar til medlemmane etter § 135, kan omgjering berre skje dersom medlemmane fører tilbake midlane til foretaket. (3) Omgjeringa av eit vedtak om oppløysing og medlemmane av det nye styret skal straks meldast til Foretaksregisteret.

Et vedtak om å legge ned et samvirke kan omgjøres av årsmøtet. Hvis penger allerede er utbetalt til medlemmene, må disse betales tilbake før vedtaket kan endres. Endringen må meldes til Foretaksregisteret.AI

Se ogsåSamvirkelova § 135 første ledd

Tingretten overtek ansvaret for avviklinga

(1) Tingretten kan ved orskurd vedta å overta ansvaret for avviklinga av foretaket når særlege grunnar talar for det, dersom 1) foretaket ikkje er meldt endeleg oppløyst til Foretaksregisteret seinast eitt år etter registrering av melding etter § 129, eller 2) minst ein femdel av medlemmane krev det. (2) Styret eller i tilfelle avviklingsstyret skal få høve til å uttale seg før avgjerda blir tatt. Foretaksregisteret skal gi tingretten melding om at fristen etter første ledd nr. 1 er ute. (3) Har tingretten overtatt avviklinga, skal den vidare avviklinga skje etter reglane i § 144. Orskurden har verknad som ein orskurd om konkursopning etter konkurslova kapittel VIII. (4) Er foretaket oppløyst på grunn av føresegner i lov eller vedtekter, kan buet leverast tilbake til foretaket etter konkurslova § 136 dersom oppløysingsgrunnen ikkje lenger er til stades. § 139 andre ledd gjeld tilsvarande.

Tingretten kan ta over ansvaret for å avvikle et foretak hvis det er spesielle grunner for det. Dette kan skje dersom foretaket ikke er meldt oppløst innen en viss tid, eller hvis en del av medlemmene krever det.AI

Noter (1)
  • EndringVert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 48 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

Se ogsåSamvirkelova § 129Samvirkelova § 144Konkursloven § 136Konkursloven § 139omtalt i 2 kilderreferert av 2

Oppløysing etter orskurd frå tingretten

(1) Dersom ikkje årsmøtet vedtek oppløysing, skal tingretten ved orskurd vedta foretaket oppløyst i desse tilfella: 1) når foretaket skal løysast opp som følgje av føresegner i lov eller vedtekter, 2) når foretaket ikkje har meldt til Foretaksregisteret eit styre som fyller dei vilkåra som følgjer av føresegnene gitt i eller i medhald av lov, 3) når foretaket etter lova skal ha dagleg leiar, og ikkje har meldt til Foretaksregisteret ein dagleg leiar som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov, 4) når foretaket er revisjonspliktig etter revisorlova og ikkje har meldt til Foretaksregisteret ein revisor som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov, 5) når årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding som foretaket skal sende til Rekneskapsregisteret etter rekneskapslova § 8-2, ikkje er innsende innan seks månader etter fristen for slik innsending, eller når Rekneskapsregisteret når fristen er ute, ikkje kan godkjenne det innsende materialet som årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding. (2) Retten kan berre vedta foretaket oppløyst som følgje av føresegner i vedtektene når ein medlem har sett fram krav om det og årsmøtet har lete vere å gjere vedtak om oppløysing etter § 127.

Tingretten skal vedta at et samvirke oppløses dersom visse lovbestemte krav ikke er oppfylt, eller hvis vedtektene krever det. Dette gjelder blant annet manglende styre, daglig leder, revisor eller for sene regnskap.AI

Se ogsåRegnskapsloven § 8-2 første leddSamvirkelova § 127omtalt i 1 kildereferert av 5

Behandling av saker om oppløysing etter § 141

(1) Når vilkåra i § 141 første ledd nr. 1 til 4 er oppfylte, skal Foretaksregisteret sende foretaket varsel om dette. I tilfelle som nemnt i § 141 første ledd nr. 5, skal Rekneskapsregisteret sende varselet. Foretaket skal få ein frist på ein månad til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast. (2) Har foretaket ikkje retta tilhøvet når fristen går ut, skal Foretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret ta opp igjen varselet ved kunngjering i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal det opplysast at vilkåra for oppløysing av foretaket er oppfylte, og at foretaket har ein frist på fire veker frå kunngjeringa til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast. (3) Dersom det er tenleg, kan tingretten gi varsel etter føresegna her.

Når vilkåra for oppløysing er oppfylte, skal Foretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret sende varsel til foretaket. Foretaket får fristar til å rette tilhøvet, og manglande retting kan føre til kunngjering om oppløysing. Tingretten kan i visse tilfelle gi varselet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 24 juni 2011 nr. 33 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 647), 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).

Se ogsåSamvirkelova § 141omtalt i 2 kilderreferert av 1

Orskurden frå tingretten

(1) Er varsel til foretaket kunngjort etter § 142 andre ledd, og har foretaket ikkje halde fristen i kunngjeringa, skal Foretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret varsle tingretten om dette. (2) Tingretten skal utan vidare varsel ved orskurd vedta foretaket som oppløyst etter § 141, dersom ikkje vedtak om oppløysing allereie er gjort av årsmøtet. Orskurden har verknad som orskurd om konkursopning etter konkurslova kapittel VIII. (3) Dersom vesentlege samfunnsmessige omsyn tilseier det, kan Kongen av eige tiltak gjere vedtak om at foretaket kan drive vidare, og at saka likevel ikkje skal sendast til tingretten for tvangsoppløysing, men at foretaket skal få ein ytterlegare frist før tvangsoppløysing blir gjennomført. Kongen skal gjere vedtak om at foretaket i så fall skal betale ei løpande tvangsmulkt til staten frå ein frist som blir sett og fram til forholdet er retta.

Hvis et foretak ikke overholder fristen i et varsel, kan tingretten beslutte at foretaket skal oppløses. Kongen kan imidlertid bestemme at foretaket får fortsette driften mot at det betales en løpende tvangsmulkt til staten.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 24 juni 2011 nr. 33 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 647). Vert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 48 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

Se ogsåSamvirkelova § 142Samvirkelova § 141omtalt i 1 kilde1 forskrift

Avvikling av foretaket

(1) Når tingretten har vedtatt foretaket oppløyst, skal foretaket avviklast etter føresegnene i konkurslova og dekningslova. (2) Buet kan berre leverast tilbake til foretaket etter konkurslova § 136 dersom oppløysingsgrunnen ikkje lenger er til stades.

Når tingretten har bestemt at et foretak skal oppløses, skal det avvikles etter reglene i konkursloven og dekningsloven. Boet kan kun leveres tilbake til foretaket hvis årsaken til oppløsningen ikke lenger eksisterer.AI

Se ogsåKonkursloven § 136referert av 4

Kapittel 11. Omdanning til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap

Omdanningsomgrepet

(1) Føresegnene i kapitlet her gjeld omdanning av samvirkeforetak til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. (2) Ei omdanning ligg føre dersom eit samvirkeforetak overdreg eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap som blir stifta ved omdanninga, og medlemmane i det omdanna samvirkeforetaket blir aksjeeigarar i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet. (3) Omdanninga krev ikkje samtykke frå kreditorane.

Bestemmelsen forklarer når et samvirkeforetak blir regnet som omdannet til et aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Dette skjer når alle eiendeler, rettigheter og forpliktelser overføres til et nytt selskap, og medlemmene blir aksjeeiere. Kreditorer trenger ikke gi sitt samtykke til dette.AI

Vedtak om omdanning

(1) Vedtak om omdanning blir gjort ved at årsmøtet godkjenner ein omdanningsplan, jf. §§ 147 og 148. (2) I samvirkeforetak der medlemmane har krav på alle gjenverande midlar ved oppløysing, blir vedtak om omdanning gjort med fleirtal som for vedtektsendring, dersom ikkje vedtektene inneheld strengare vedtakskrav. I andre foretak krevst fire femdels fleirtal av røystene. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning. (3) Samvirkeforetaket må ved omdanninga ha ein eigenkapital som minst svarer til den aksjekapitalen selskapet skal ha som aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Reglane i aksjelova og allmennaksjelova § 2-6 og § 2-7 gjeld tilsvarande, dersom ikkje noko anna går fram av lova her.

Et samvirkeforetak kan beslutte å bli et aksjeselskap eller allmennaksjeselskap ved at årsmøtet godkjenner en omdanningsplan. Det kreves at foretaket har nok egenkapital til å dekke den nye aksjekapitalen.AI

Se ogsåSamvirkelova § 147Samvirkelova § 148Allmennaksjeloven § 2-6 første leddAllmennaksjeloven § 2-7referert av 31 forskrift

Omdanningsplan

(1) Styret skal utarbeide og signere ein omdanningsplan med framlegg til vedtektsendring. (2) Omdanningsplanen skal minst innehalde: 1) frå kva tid transaksjonar i det omdanna foretaket rekneskapsmessig skal sjåast å vere gjorde for rekninga av aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet, 2) fordelinga av aksjar mellom medlemmane i samvirkeforetaket, jf. tredje ledd, 3) kven som skal vere medlemmar av styret i selskapet, og kven som skal vere revisor for selskapet, 4) særlege rettar eller fordelar som medlemmar av styret eller dagleg leiar skal få ved omdanninga, 5) framlegg til vedtekter for selskapet, jf. aksjelova og allmennaksjelova § 2-2. (3) Fordelinga av aksjar skal skje etter føresegnene i § 135 femte ledd andre og tredje punktum.

Styret må lage og signere en plan hvis et samvirkeforetak skal gjøres om til et aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Denne planen skal beskrive blant annet hvordan aksjene fordeles, hvem som skal styre selskapet og hvordan vedtektene skal se ut.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåAllmennaksjeloven § 2-2Samvirkelova § 135 første leddomtalt i 1 kildereferert av 1

Vedlegg til omdanningsplanen

(1) Som vedlegg til omdanningsplanen skal følgje: 1) siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for samvirkeforetak med rekneskaps- og revisjonsplikt, 2) utkast til opningsbalanse for selskapet. (2) Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. Ein statsautorisert eller registrert revisor skal gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane. Opningsbalansen med fråsegn frå revisor skal tidlegast vere datert åtte veker før årsmøtevedtaket om omdanning. Kongen kan gi forskrift med nærmare reglar om kravet til opningsbalanse. I forskrifta kan det gjerast unntak frå reglane i første til tredje punktum.

Når et samvirkeforetak skal gjøres om til et aksjeselskap, må det legges ved dokumenter som siste årsregnskap, årsmelding og revisjonsmelding. Det kreves også en åpningsbalanse som er bekreftet av en revisor.AI

referert av 11 forskrift

Rapport om omdanninga, forholdet til dei tilsette, melding til medlemmane

Føresegnene i §§ 107, 109 og 110 gjeld tilsvarande ved omdanning så langt dei høver.

Reglene for rapportering, forholdet til ansatte og varsling av medlemmer ved omdanning til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap følger de samme prinsippene som ved andre lignende prosesser i samvirkelaget.AI

Se ogsåSamvirkelova § 107Samvirkelova § 109Samvirkelova § 110

Søknad til Stiftelsestilsynet

Føresegna i § 112 gjeld tilsvarande ved omdanning.

Reglene for søknad til Stiftelsestilsynet ved omdanning av et samvirke til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap er de samme som i § 112.AI

Se ogsåSamvirkelova § 112

Melding til Foretaksregisteret

(1) Foretaket skal melde omdanningsvedtaket til Foretaksregisteret innan tre månader etter at årsmøtet godkjende omdanningsplanen, jf. § 146 første ledd. (2) Dersom vedtaket krev godkjenning av Stiftelsestilsynet (jf. § 146 andre ledd), skal foretaket ikkje melde vedtaket før godkjenning er gitt, og klagefristen etter forvaltningslova er ute, eller departementet har gjort vedtak i klagesaka. Fristen for å melde vedtaket er tre månader etter at klagefristen er overseten, eller departementet har gjort vedtak i klagesaka. Godkjenninga skal leggjast ved meldinga til Foretaksregisteret. (3) Er vedtaket ikkje meldt til Foretaksregisteret innan fristen i første og andre ledd, kan registrering ikkje finne stad. Vedtaket er då ikkje lenger bindande. Det same gjeld om registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.

Når et samvirke bestemmer at det skal bli et aksjeselskap, må dette meldes til Foretaksregisteret innen tre måneder. Hvis det kreves godkjenning fra Stiftelsestilsynet, må denne foreligge før melding sendes. Blir fristen overskredet eller registrering nektet, faller vedtaket bort.AI

Se ogsåSamvirkelova § 146

Iverksetjing av omdanninga

Omdanninga til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap skjer når omdanningsvedtaket blir registrert i Foretaksregisteret. Iverksetjinga har følgjande verknader: 1) samvirkeforetaket er omdanna til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, 2) medlemmane i samvirkeforetaket er blitt aksjeeigarar i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet, 3) eigedelane, rettane og skyldnadene til samvirkeforetaket er overtatt av aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet, 4) andre verknader som følgjer av omdanningsplanen.

Et samvirkeforetak blir til et aksjeselskap eller allmennaksjeselskap når vedtaket om dette er registrert i Foretaksregisteret. Medlemmene blir aksjeeiere, og alle eiendeler, rettigheter og forpliktelser overføres til det nye selskapet.AI

Kapittel 12. Skadebot m.m.

Skadebotansvar

(1) Foretaket, medlem eller andre kan krevje at dagleg leiar, styremedlem, medlem av representantskapet eller kontrollkomiteen, granskar eller medlem skal erstatte skade som dei i den nemnde eigenskapen forsettleg eller aktlaust har valda vedkomande. (2) Foretaket, medlem eller andre kan også krevje skadebot av den som forsettleg eller aktlaust har medverka til skadevalding som nemnd i første ledd. Skadebot kan krevjast av medverkaren sjølv om skadevaldaren ikkje kan haldast ansvarleg fordi han eller ho ikkje har handla forsettleg eller aktlaust.

Ledere, styremedlemmer og medlemmer i et samvirke kan bli erstatningsansvarlige hvis de påfører andre skade gjennom bevisst eller uaktsom oppførsel i sin rolle. Dette gjelder også personer som har bidratt til at skaden skjedde.AI

referert av 3

Vedtak om å fremje krav

(1) Årsmøtet avgjer om foretaket skal fremje skadebotkrav etter § 153. Er det opna gjeldsforhandling eller konkurs, gjeld føresegnene i konkurslova. (2) Første ledd gjeld tilsvarande for inngåing av førehandsavtale mellom foretaket og nokon som er nemnd i § 153, som regulerer eller avgrensar skadebotansvaret deira.

Årsmøtet bestemmer om verksemda skal krevje erstatning. Dette gjeld også dersom verksemda vil inngå ein avtale som regulerer eller avgrensar dette ansvaret. Ved konkurs eller gjeldsforhandling er det konkurslova som gjeld.AI

Noter (1)
  • EndringVert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 48 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

Se ogsåSamvirkelova § 153referert av 1

Krav på vegner av foretaket

(1) Har årsmøtet gitt ansvarsfritak eller forkasta framlegg om å krevje skadebot etter § 153, kan ein tidel, men minst fem, av medlemmane som har teikna medlemskap før siste årsskifte, gjere skadebotansvar gjeldande på vegner av og i namnet til foretaket. Er søksmål om skadebot reist, kan det halde fram sjølv om nokre medlemmar trekkjer seg frå søksmålet eller melder seg ut av foretaket. (2) Søksmålet om skadebot må reisast ved sams fullmektig innan tre månader etter at vedtaket vart gjort av årsmøtet. Er det kravd gransking etter §§ 59 til 61, blir fristen rekna frå den dagen kravet er endeleg avslege eller i tilfelle granskinga er avslutta. (3) Kostnadene med søksmålet om skadebot er foretaket uvedkomande. Kostnadene kan likevel krevjast dekte av foretaket med opp til den summen som er komen foretaket til gode ved søksmålet. (4) Paragrafen her gjeld ikkje når vedtak som nemnt i første ledd er gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Det same gjeld ved inngått forlik.

En gruppe medlemmer kan kreve skadebot på vegne av foretaket dersom årsmøtet har gitt ansvarsfritak eller avvist kravet. Søksmålet må reises innen bestemte frister, og utgiftene bæres som hovedregel av medlemmene selv.AI

Se ogsåSamvirkelova § 153Samvirkelova § 59Samvirkelova § 61referert av 1

Ansvarsfritak

Har årsmøtet gjort vedtak om ansvarsfritak eller om at ansvar ikkje skal gjerast gjeldande, kan foretaket likevel fremje krav grunna på omstende som årsmøtet på vesentlege punkt ikkje fekk rette og fullstendige opplysingar om då vedtaket vart gjort.

Selv om årsmøtet har bestemt at styret eller ledelsen skal slippe ansvar, kan virksomheten likevel kreve erstatning. Dette gjelder dersom årsmøtet ikke fikk riktig og fullstendig informasjon om viktige forhold da beslutningen ble tatt.AI

referert av 2

Konkurrerande krav

Medlemmar, kreditorar eller andre som har lide tap fordi foretaket er påført tap, er bundne av skadeoppgjer med foretaket, og deira krav står tilbake for foretaket sitt krav.

Personer som har lidt tap fordi et samvirkeforetak har lidt tap, må følge det skadeoppgjøret foretaket har gjort. Foretakets egne krav skal prioriteres før kravene fra disse personene.AI

Kapittel 13. Rettargangsreglar

Rettssak mellom foretaket og styret

I saker mellom foretaket og styret eller enkelte styremedlemmar skal årsmøtet velje ein eller fleire personar til å representere foretaket i saka. Blir ikkje det gjort, kan forkynning for foretaket skje til ein av medlemmane.

Hvis det oppstår en rettssak mellom et samvirke og styret eller enkelte styremedlemmer, skal årsmøtet bestemme hvem som skal representere foretaket. Dersom ingen blir valgt, kan varsler sendes til et av medlemmene.AI

Saksbehandlinga i tingretten o.a

(1) Når tingretten behandlar saker etter lova her, gjeld reglane i arvelova § 169 når ikkje anna går fram av lova her. (2) Orskurdar og andre avgjerder som tingretten tek etter lova her, kan ankast dersom ikkje noko anna går fram av lova her. (3) Ein anke kan ikkje grunnast på at orskurden eller avgjerda er utenleg eller uheldig. Dette gjeld ikkje orskurd etter §§ 59 til 61.

Saker etter samvirkeloven følger i utgangspunktet reglene i arveloven for saksbehandling i tingretten. Dommer og avgjørelser kan ankes med mindre loven sier noe annet. En anke kan normalt ikke baseres på at avgjørelsen er utenkelig eller uheldig.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149.

Se ogsåArveloven § 169Samvirkelova § 59Samvirkelova § 61omtalt i 1 kilde

Kapittel 14. Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover

Iverksetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Dei einskilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid.

Loven trer i kraft fra det tidspunktet Kongen bestemmer. Enkelte deler av loven kan begynne å gjelde på ulike tidspunkter.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 jan 2008 iflg. res. 23 nov 2007 nr. 1287 .

Overgangsreglar

Samvirkelag eller økonomiske foreiningar som er stifta før lova blir sett i verk, er ikkje underlagde lova før det har gått fem år frå iverksetjinga. Årsmøtet kan med fleirtal som for vedtektsendring vedta at samanslutninga skal registrerast som samvirkeforetak (SA) i Foretaksregisteret på eit tidlegare tidspunkt. Samanslutninga skal i så fall meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter at vedtaket er gjort. Elles fell vedtaket bort. Foretaket er underlagt lova frå registreringstidspunktet. Samvirkelag og økonomiske foreiningar som er stifta før lova blir sett i verk, skal bringe vedtektene i samsvar med lova innan fem år etter iverksetjinga, eller innan eit eventuelt tidlegare tidspunkt etter nr. 1 andre punktum. Vedtektsendringane skal meldast til Foretaksregisteret. Vedtektsendringar som er nødvendige for å bringe vedtektene i samsvar med lova, kan årsmøtet vedta med fleirtal av dei røystene som er gitt. Står røystetalet likt, avgjer møteleiaren kva vedtaket skal gå ut på, sjølv om møteleiaren ikkje har røysterett. Er vedtektene ikkje brakt i samsvar med lova innan fristen etter første ledd, og gjer ikkje foretaket dei nødvendige endringane etter krav frå Foretaksregisteret, skal tingretten etter melding frå Foretaksregisteret vedta foretaket oppløyst. Føresegnene i §§ 141 til 144 gjeld tilsvarande. Foretak som på tidspunktet for iverksetjing av lova har ei ordning med omsetjelege andelar, kan oppretthalde ordninga også etter at lova er sett i verk. Andelar kan berre omsetjast til andre medlemmar, eller til personar som blir medlemmar ved kjøp av andelar. Foretak som på tidspunktet for iverksetjing av lova har vedtekter som gir dei tilsette rett til å vere representerte i årsmøte og eventuelt representantskap, kan oppretthalde ordninga også etter at lova er sett i verk. Endringa i § 164 nr. 22 i lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn (foretaksnavneloven) § 2-2 gjeld også for foretaksnamn som er tatt i bruk før iverksetjinga av foretaksnamnelova. Det skal ikkje betalast gebyr for Foretaksregisterets kunngjering av endringar i foretaksnamn som følgje av § 164 nr. 22. For bustadbyggjelag og gjensidige forsikringsselskap som er stifta og registrerte i Foretaksregisteret før § 164 nr. 35 og 38 blir sett i verk, skal styret vere sett saman i samsvar med lova innan to år etter iverksetjinga. Kongen kan gi nærmare overgangsføresegner.

Se ogsåSamvirkelova § 141Samvirkelova § 144Foretaksnavneloven § 2-2 første leddSamvirkelova § 164

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva er et samvirkeforetak?

Loven gjelder for samvirkeforetak, som er foretak der hovedmålet er å fremme medlemmenes økonomiske interesser gjennom deres deltakelse i virksomheten. Medlemmene har ikke personlig ansvar for foretakets gjeld.

Åpne § 1
Kan man avtale noe annet enn det som står i loven?

Reglene i denne loven kan fravikes dersom loven selv åpner for det, eller hvis det følger av sammenhengen.

Åpne § 2
Må jeg betale gjeld som samvirket skylder til andre?

Medlemmer i et samvirke er ikke ansvarlige for foretakets gjeld til kreditorer. Medlemmer har som hovedregel ikke plikt til å skyte inn penger i foretaket, med mindre dette er avtalt skriftlig eller følger av vedtektene.

Åpne § 3
Hva er et føderativt samvirke?

Loven definerer hva et føderativt samvirke er. Det består av et sekundærsamvirke og to eller flere primærsamvirker. Et sekundærsamvirke er et foretak der medlemmene er samvirkeforetak, eller der disse har avgjørende innflytelse.

Åpne § 4
Hva utgjør et konsern?

Et konsern består av et morforetak og ett eller flere dotterforetak. Et samvirkeforetak er et morforetak hvis det har avgjørende innflytelse over et annet foretak, for eksempel gjennom eierskap eller styrekontroll.

Åpne § 5
Kan foretaket sende meg informasjon elektronisk?

Foretaket kan sende meldingar og dokument elektronisk til medlemmer som har sagt ja til dette. Medlemmer kan også sende meldingar elektronisk til foretaket dersom foretaket har fastsett ein e-postadresse eller annan metode for dette.

Åpne § 6
Hva regnes som et møte i denne loven?

Loven definerer hva et møte er. Det kan være et møte der deltakerne er fysisk til stede, eller et møte som foregår elektronisk.

Åpne § 6a
Hvordan regnes en frist i uker, måneder eller år?

Reglene forklarer hvordan tidsfrister regnes når de er oppgitt i uker, måneder eller år. Hvis fristen utløper på en helgedag eller helligdag, forlenges den til neste virkedag.

Åpne § 7

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2026

  2. 2023

  3. 2020

  4. 2007

Forarbeider og bakgrunn

Vis alle 16 kilder

Forskrifter med hjemmel i denne loven

3 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Samvirkelova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.