Iverksetjing av fusjonen
(1) Når fristen for motsegn etter § 114 er ute for alle foretaka som er med på fusjonen, og tilhøvet til kreditorar som har kome med motsegn etter § 115, er avgjort, skal eit overdragande foretak gi melding til Foretaksregisteret om at fusjonen skal setjast i verk. Dersom det overtakande foretaket er eit eksisterande foretak, kan i staden dette foretaket gi melding om iverksetjing.
(2) Sjølv om forholdet til kreditorar som har kome med motsegner etter § 115, ikkje er avklart, kan tingretten etter kravsmål frå det foretaket kravet gjeld, vedta at fusjonen kan gjennomførast og meldast til Foretaksregisteret.
(3) Iverksetjinga av fusjonen skjer ved registrering av melding etter første eller andre ledd. Iverksetjinga har følgjande verknader:
1) det eller dei overdragande foretaka er oppløyste,
2) det overtakande foretaket er stifta og registrert, eller dei samla andelsinnskota i foretaket er auka,
3) medlemmane i det eller dei overdragande foretaka har blitt medlemmar i det overtakande foretaket,
4) det eller dei overdraganda foretaka har overført eigedelar, rettar og skyldnader til det overtakande foretaket,
5) andre verknader som følgjer av fusjonsplanen.
(4) Det overtakande foretaket skal ta vare på rekneskapsmateriale og bøker frå det eller dei overdragande foretaka i samsvar med bokføringslova § 13 i minst ti år etter at fusjonen er registrert. Registrerte rekneskapsopplysingar i det overdragande foretaket på fusjonstidspunktet skal kunne bli gjengitt i samsvar med bokføringslova § 6 i minst ti år etter at fusjonen er registrert.
En fusjon gjennomføres når melding om dette er registrert i Foretaksregisteret. Dette fører til at de overdragende foretakene oppløses, og at alle eiendeler, rettigheter, plikter og medlemmer overføres til det overtakende foretaket.AI
Se ogsåSamvirkelova § 114Samvirkelova § 115Samvirkelova § 13Samvirkelova § 6referert av 2 →
Sammenheng
Koblinger for § 116 i samvirkelova.