Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 13. Verknader av registreringa

Samvirkelova·Kapittel 2. Stifting av samvirkeforetak

Verknader av registreringa

(1) Før foretaket er registrert, kan det ikkje erverve andre rettar og pådra seg andre skyldnader overfor tredjepersonar enn dei som følgjer av stiftingsdokumentet eller av lov. (2) For skyldnader som er pådregne i foretaket sitt namn før registreringa, og som foretaket ikkje heftar for etter første ledd, er dei som har pådrege skyldnaden, personleg og solidarisk ansvarlege når ikkje noko anna er avtalt med kreditor. Ved registreringa overtek foretaket skyldnaden. (3) Er det før registreringa inngått ein avtale som ikkje bind foretaket etter første ledd, og visste den andre parten i avtalen at foretaket ikkje var registrert, kan denne gå frå avtalen dersom foretaket ikkje er meldt til Foretaksregisteret innan fristen i § 12, eller dersom meldinga blir avvist innan fristen. Var parten ukjent med at foretaket ikkje var registrert, kan parten gå frå avtalen fram til foretaket blir registrert. Føresegnene i dette leddet kan fråvikast ved avtale.

Før et samvirkeforetak er registrert, kan det i utgangspunktet ikke få rettigheter eller plikter overfor andre. Personer som pådrar seg forpliktelser på vegne av foretaket før registrering, kan bli personlig ansvarlige. Foretaket overtar pliktene når det blir registrert.AI

Se ogsåSamvirkelova § 12referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 13 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →