Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 12. Melding av foretaket til Foretaksregisteret

Samvirkelova·Kapittel 2. Stifting av samvirkeforetak·Sist endret 1. juni 2021

Melding av foretaket til Foretaksregisteret

(1) Foretaket skal meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet er signert. (2) Før foretaket blir meldt til Foretaksregisteret, skal ein eventuell innskotskapital frå stiftarane vere fullt innbetalt. I meldinga til Foretaksregisteret skal det opplysast om at foretaket har mottatt eventuelle innskot. Ein statsautorisert eller registrert revisor skal stadfeste at innskotskapitalen er fullt innbetalt. Dersom innskota utelukkande er gjort med pengar, kan i staden eit finansforetak gi stadfesting. (3) Er foretaket ikkje meldt til Foretaksregisteret innan fristen, kan foretaket ikkje registrerast. I så fall fell stiftinga bort, og eventuelle krav på innskot er ikkje lenger bindande. Det same gjeld dersom registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.

Et samvirkeforetak må meldes til Foretaksregisteret innen tre måneder etter at stiftelsesdokumentet er signert. Eventuell innskuddskapital må være fullt innbetalt og bekreftet av revisor eller finansforetak før meldingen sendes.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 apr 2015 nr. 17 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 10 apr 2015 nr. 350), 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 12 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →