Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 14. Innmelding

Samvirkelova·Kapittel 3. Medlemskap i samvirkeforetak

Innmelding

(1) Forbrukarar, næringsdrivande og andre som kan få sine økonomiske interesser varetatt av eit samvirkeforetak, har rett til å bli medlem av foretaket ved innmelding. Foretaket kan berre nekte nokon å bli medlem dersom det er sakleg grunn for det. Vedtektene kan innehalde vilkår for å bli og for å vere medlem så langt det er sakleg grunn for det. (2) Innmelding skal skje ved søknad til foretaket. Det høyrer under styret å avgjere søknader om medlemskap. Styret kan delegere sin avgjerdskompetanse til einskilde styremedlemmar, dagleg leiar eller andre personar og organ i foretaket. Innmelding kan ikkje skje i perioden mellom stiftinga av foretaket og registreringa av foretaket i Foretaksregisteret. (3) Søkjaren skal få melding om utfallet av søknaden snarast mogleg, og seinast to månader frå den dagen foretaket mottok søknaden. Har søkjaren ikkje fått melding innan to månader, skal søknaden reknast for godkjent. I sekundærsamvirke er fristen seks månader. Søkjer fysiske personar medlemskap i eit sekundærsamvirke, er fristen likevel to månader overfor desse. Vedtektene kan fastsetje kortare fristar enn dei som følgjer av dette leddet. (4) Dersom søkjaren blir tildelt medlemskap, skal innføring i medlemsregisteret skje utan ugrunna opphald. Når medlemmen er innført i registeret, skal foretaket gi medlemmen ei melding om tidspunktet for innføringa og om kva slags opplysingar som er registrert om vedkomande. Blir det som er registrert endra, skal medlemmen ha melding med opplysing om kva endringane går ut på.

Personer og bedrifter som kan få ivaretatt sine økonomiske interesser, har som hovedregel rett til å bli medlem i et samvirkeforetak. Foretaket kan bare nekte medlemskap dersom det finnes en saklig grunn til det.AI

Les hele loven i sammenheng →