Lov
Nynorsk
§ 15. Medlemsrettar
Medlemsrettar
(1) Medlemmar av samvirkeforetak har desse rettane:
1) rett til å bli innkalla og til å delta i årsmøtet, jf. §§ 46 og 36, jf. § 37,
2) rett til å få tatt opp saker på årsmøtet, jf. § 47,
3) rett til å røyste på årsmøtet, jf. § 38,
4) rett til å få tilgjengelege opplysingar på årsmøtet frå leiinga, jf. § 51,
5) rett til å få tilsendt årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga til foretaket, jf. § 41 tredje ledd,
6) rett til del av overskotet i foretaket basert på medlemmen si omsetning med foretaket, jf. § 27,
7) andre rettar som følgjer av lov eller vedtekter.
(2) Ein medlem kan ikkje utøve medlemsrettane tidlegare enn den dagen medlemmen blir innført i medlemsregisteret.
(3) Ved overgang av medlemskap, jf. § 20, kan avhendaren utøve medlemsrettar inntil desse har gått over på ervervaren, dersom ikkje vedtektene fastset at medlemsrettane til avhendaren skal falle bort tidlegare.
Medlemmer i et samvirkeforetak har rett til å delta, foreslå saker og stemme på årsmøtet. De har også rett til informasjon, regnskap og en del av overskuddet basert på omsetningen sin. Rettighetene gjelder fra man er ført inn i medlemsregisteret.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).
Se ogsåSamvirkelova § 46Samvirkelova § 36Samvirkelova § 41Samvirkelova § 37omtalt i 1 kilde →
Sammenheng
Se også9
Koblinger for § 15 i samvirkelova.