Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 16. Medlemsplikter

Samvirkelova·Kapittel 3. Medlemskap i samvirkeforetak

Medlemsplikter

(1) Medlemmar av samvirkeforetak har desse pliktene: 1) plikt til å betale eit eventuelt innskotsbeløp, 2) plikt til å etterleve vedtak som er lovleg treft av eit foretaksorgan, 3) andre plikter som følgjer av lov eller vedtekter. (2) Medlemspliktene oppstår den dagen medlemmen blir innført i medlemsregisteret, dersom ikkje noko anna følgjer av lov eller vedtekter. Vedtektene kan ikkje fastsetje at plikter som medlemmane har etter lova, skal oppstå seinare enn det som følgjer av første punktum. (3) Ved overgang av medlemskap fell avhendaren sine medlemsplikter bort den dagen ervervaren blir innført i medlemsregisteret, dersom ikkje eit seinare tidspunkt følgjer av lov eller vedtekter.

Medlemmer i et samvirkeforetak må betale innskudd og følge lovlige vedtak og vedtekter. Pliktene starter vanligvis når man føres inn i medlemsregisteret. Ved overdragelse av medlemskap overtas pliktene av den nye medlemmen.AI

Les hele loven i sammenheng →