Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 20. Overgang av medlemskap

Samvirkelova·Kapittel 3. Medlemskap i samvirkeforetak

Overgang av medlemskap

(1) Medlemskap i samvirkeforetak kan ikkje gå over til ein ny medlem. Medlemskap som er knytt til fast eigedom, kan likevel gå over til ein ny medlem saman med eigedomen dersom ikkje vedtektene seier noko anna. (2) Vedtektene kan fastsetje at medlemskap skal kunne gå over til ein ny medlem med samtykke frå styret, dagleg leiar eller andre. Den som har søkt om samtykke, skal få melding om utfallet snarast råd, og seinast to månader frå den dagen foretaket mottok søknaden. Har søkjaren ikkje mottatt melding innan to månader, skal samtykke reknast for å vere gitt. I sekundærsamvirke er fristen seks månader. Har ein fysisk person søkt om samtykke til medlemskap i eit sekundærsamvirke, er fristen likevel to månader i forhold til denne. Vedtektene kan fastsetje kortare fristar enn dei som følgjer av dette leddet. (3) Innføring i medlemsregisteret skal skje straks det er på det reine at det ikkje ligg føre hindringar for ervervet. Når medlemmen er innført i registeret, skal foretaket gi medlemmen ei melding om kva slags opplysingar som er registrert om vedkomande. (4) Overgangen av medlemskap medfører at avhendaren sine samla rettar og plikter overfor foretaket går over på ervervaren. Dette gjeld likevel ikkje rettar og plikter som har oppstått uavhengig av medlemskapen. Den tidlegare medlemmen held fram med å hefte for sine økonomiske skyldnader overfor foretaket, dersom ikkje noko anna følgjer av vedtektene eller av særskilt avtale med foretaket. (5) Første til fjerde ledd gjeld også dersom ein medlem dør. Ved dødsfall må ein søknad om å ta over medlemskapen setjast fram innan seks månader. Elles fell medlemskapen bort. Dersom medlemskapen ikkje blir overtatt, gjeld § 22 tredje ledd tilsvarande. Andre til fjerde punktum i leddet her gjeld ikkje for medlemskap som er knytt til fast eigedom, unntatt der vedtektene gjer overgang av medlemskap avhengig av samtykke frå foretaket.

Se ogsåSamvirkelova § 22referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 20 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →