Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 22. Utmelding

Samvirkelova·Kapittel 3. Medlemskap i samvirkeforetak

Utmelding

(1) Ein medlem kan bringe medlemskapen til opphøyr ved skriftleg utmelding til foretaket. Dersom medlemskapen går ut på ein bestemt dato, treng medlemmen ikkje å gi melding til foretaket om opphøyr av medlemskapen. (2) Vedtektene kan fastsetje ein utmeldingsfrist som ikkje kan vere lenger enn tre månader rekna frå den dagen meldinga om utmelding kom fram til foretaket. I sekundærsamvirke kan fristen ikkje vere lenger enn tolv månader. Har eit sekundærsamvirke fysiske personar som medlemmar, kan fristen overfor desse ikkje vere lenger enn tre månader. Dersom det ligg føre tungtvegande, saklege grunnar, kan vedtektene fastsetje skrankar for høvet til å tre ut utover det som følgjer av første til tredje punktum. (3) Ved utmelding har medlemmen krav på å få tilbakebetalt eit eventuelt andelsinnskot, dersom ikkje vedtektene seier noko anna. Renter på andelsinnskotet har medlemmen berre krav på å få utbetalt dersom det følgjer av vedtektene at andelsinnskota skal forrentast. Medlemmen og foretaket har ved utmelding ein gjensidig rett til å gjere opp kontraktsrettslege rettar og plikter som har oppstått i tilknyting til medlemskapen. Dersom det blir gjort vedtak om etterbetaling innan eitt år etter utløpet av det kalenderåret utmeldinga fann stad, har medlemmen også krav på etterbetaling basert på medlemmen si omsetning med foretaket i den perioden etterbetalinga knyter seg til. Vedtektene kan fastsetje at ein utmeld medlem ikkje skal ha krav på etterbetaling. (4) I samvirkeforetak der medlemmane er tilsette i foretaket, kan vedtektene fastsetje at ein medlem som melder seg ut, skal ha krav på å få utbetalt sin andel av nettoformuen i foretaket.

Et medlem kan avslutte medlemskapet sitt ved å sende en skriftlig melding til foretaket. Ved utmelding har medlemmen som hovedregel krav på å få tilbakebetalt andelsinnskuddet sitt, med mindre vedtektene bestemmer noe annet.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 22 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →