Røysterett
(1) Kvar medlem har ei røyst på årsmøtet. Ein medlem kan dessutan røyste som fullmektig for ein annan medlem. Personar som har ein medlemskap saman, kan berre gi ei røyst.
(2) Vedtektene kan innehalde føresegner om at medlemmane kan ha fleire røyster, dersom røystene blir fordelte på medlemmane etter deira omsetning med foretaket. I sekundærsamvirke kan vedtektene dessutan fastsetje at røystene blir fordelte etter medlemstala eller den geografiske tilhøyrsla til primærsamvirka. Ein medlem kan ikkje ha eit fleirtal av røystene i foretaket.
(3) Vedtektene kan fastsetje at medlemmane skal kunne røyste skriftleg, også ved bruk av elektronisk kommunikasjon, i ein periode før årsmøtet. For slik røysting skal det nyttast ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. Vedtektene kan fastsetje nærmare krav til slik røysting.
Hvert medlem i et samvirke har i utgangspunktet én stemme på årsmøtet. Vedtektene kan gi regler for flere stemmer basert på omsetning, medlemstall eller geografi, men ingen kan ha flertallet av stemmene. Det kan være åpnet for skriftlig eller elektronisk avstemning før møtet.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).
Sammenheng
Koblinger for § 38 i samvirkelova.