Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 46. Krav til innkallinga

Samvirkelova·Kapittel 5. Årsmøtet o.a.·Sist endret 1. juni 2021

Krav til innkallinga

(1) Alle medlemmar med kjend adresse skal ha skriftleg innkalling som opplyser om tid og stad for møtet. Skal medlemmane vere representerte ved utsendingar på årsmøtet, jf. § 37, er det nok å sende innkallinga til utsendingane. (2) Innkalling til årsmøtet skal sendast slik at den til vanleg er komen fram seinast ei veke før møtet skal haldast, om det ikkje er fastsett ein lengre frist i vedtektene. Ei slik vedtektsføresegn gjeld ikkje for innkalling etter § 42 andre ledd. (3) Innkallinga skal opplyse om møteforma, og eventuelt om framgangsmåten for å delta og røyste elektronisk. I foretak som opnar for røysting før årsmøtet etter § 38 tredje ledd, skal innkallinga opplyse om framgangsmåten for dette. (4) Innkallinga skal oppgi klart dei sakene som årsmøtet skal behandle. Framlegg til vedtektsendringar skal takast inn i innkallinga. Styret skal lage framlegg til sakliste i samsvar med lov og vedtekter.

Alle medlemmer med kjent adresse skal ha skriftlig innkalling til årsmøtet med informasjon om tid, sted og saksliste. Innkallingen skal normalt være fremme senest én uke før møtet, med mindre vedtektene krever lengre frist.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 42Samvirkelova § 38Samvirkelova § 37omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også3
Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 46 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →