Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 41. Ordinært årsmøte

Samvirkelova·Kapittel 5. Årsmøtet o.a.

Ordinært årsmøte

(1) Foretaket skal halde ordinært årsmøte innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår. Foretak som ikkje har rekneskapsplikt, skal halde ordinært årsmøte ein gong kvart kalenderår. (2) Det ordinære årsmøtet skal ta opp og avgjere saker som etter lova eller vedtektene høyrer under årsmøtet. I foretak med rekneskapsplikt etter rekneskapslova skal årsmøtet godkjenne årsrekneskapen og årsmeldinga, medrekna disponering av årsoverskot. (3) Dokument som nemnt i andre ledd andre punktum og ei eventuell revisjonsmelding skal seinast ei veke før årsmøtet sendast til alle medlemmar med kjend adresse. Vedtektene kan setje ein lengre frist. Vedtektene kan fastsetje at dokumenta berre skal sendast til medlemmar som ber om det, eller at dokumenta kan gjerast tilgjengelege for medlemmane på anna forsvarleg vis enn ved utsending. Innkallinga til årsmøtet må i så fall opplyse om korleis medlemmane kan få tilgang på dokumenta. Skal medlemmane vere representerte ved utsendingar på årsmøtet, jf. § 37, er det nok å sende dokumenta til utsendingane, om ikkje vedtektene seier noko anna.

Samvirkeforetak skal holde et ordinært årsmøte hvert år. På dette møtet skal saker som hører hjemme der avgjøres, og for foretak med regnskapsplikt skal årsregnskapet og årsberetningen godkjennes.AI

Se ogsåSamvirkelova § 37omtalt i 6 kilderreferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1
Nevnt i6
Endringshistorikk1

Koblinger for § 41 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →