Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 51. Opplysingsplikt for leiinga

Samvirkelova·Kapittel 5. Årsmøtet o.a.

Opplysingsplikt for leiinga

(1) Ein medlem kan krevje at styremedlemmar og dagleg leiar på årsmøtet gir tilgjengelege opplysingar om tilhøve som kan innverke på vurderinga av: 1) godkjenninga av årsrekneskapen og årsmeldinga, eventuelt anna rekneskap for foretaket, 2) saker som er lagde fram for medlemmane til avgjerd, 3) den økonomiske stillinga til foretaket, medrekna verksemda i andre samanslutningar som foretaket tek del i, og andre saker som årsmøtet skal ta opp, om dei opplysingane som krevst, kan givast utan for stor skade for foretaket. (2) Er medlemmane representerte ved utsendingar, kan berre utsendingane krevje slike opplysingar. (3) Dersom leiinga ikkje kan svare på årsmøtet fordi det må hentast inn opplysingar, skal det lagast skriftleg svar innan to veker etter møtet. Svaret skal sendast til alle medlemmar med kjend adresse eller på annan forsvarleg måte gjerast tilgjengeleg for medlemmane. Skriftleg svar skal alltid sendast til den medlemmen som har bede om å få opplysingar. Andre medlemmar har etter førespurnad krav på å få tilsendt svaret. Var medlemmane representerte ved utsendingar, er det nok å sende svaret til alle utsendingane.

Medlemmer kan be styret og daglig leder om informasjon på årsmøtet om økonomi, årsregnskap og andre saker som skal avgjøres. Hvis svaret ikke kan gis med en gang, skal det sendes skriftlig i etterkant.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 51 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →