Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 36. Rett til å delta. Fullmektig

Samvirkelova·Kapittel 5. Årsmøtet o.a.·Sist endret 1. juni 2021

Rett til å delta. Fullmektig

(1) Alle medlemmane har rett til å delta i årsmøtet. Ein medlem kan delta ved fullmektig etter eige val, dersom ikkje vedtektene seier at medlemmane ikkje kan delta ved fullmektig. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein medlem, men der fleire har ein medlemskap saman, kan dei ha sams fullmektig. Retten til å delta kan ikkje avgrensast i vedtektene på anna vis enn det som følgjer av § 37. (2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg og datert fullmakt. Dersom fullmakta blir lagt fram ved bruk av elektronisk kommunikasjon, skal det vere nytta ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. Fullmakta gjeld berre for det førstkomande årsmøtet dersom det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Medlemmen kan når som helst kalle tilbake fullmakta. (3) Kvar medlem kan delta med ein rådgivar, som årsmøtet kan gi talerett. Første punktum kan fråvikast i vedtektene.

Alle medlemmer har rett til å delta på årsmøtet. Man kan bruke en fullmektig hvis vedtektene tillater det, og man kan ha med seg en rådgiver.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Se ogsåSamvirkelova § 37omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 36 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →