Fisjonsplan o.a
(1) Styret i det foretaket som skal delast, skal utarbeide og signere ein fisjonsplan som minst inneheld opplysingar om forhold som nemnt i § 104 andre ledd. I tillegg skal fisjonsplanen oppgi:
1) fordelinga av eigedelar, rettar og skyldnader på dei foretaka som er med på fisjonen,
2) fordelinga av medlemskap og eventuelt anna vederlag på medlemmane i det overdragande foretaket.
(2) Dersom eit overtakande foretak er eit eksisterande foretak, skal fisjonsplanen innehalde eventuelle framlegg til vedtektsendringar i det overtakande foretaket. Dersom eit overtakande foretak skal stiftast ved fisjonen, skal planen i staden innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande foretaket, jf. §§ 8 til 10.
(3) Ved fisjon ved overføring til eitt eller fleire eksisterande samvirkeforetak skal styra i dei foretaka som deltek, utarbeide ein sams fisjonsplan.
(4) Føresegnene i §§ 105 til 110 gjeld tilsvarande.
Når et samvirkeforetak skal deles, må styret lage en fisjonsplan. Planen skal beskrive hvordan eiendeler, rettigheter, plikter og medlemskap skal fordeles mellom foretakene.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).
Se ogsåSamvirkelova § 104 første leddSamvirkelova § 8Samvirkelova § 10Samvirkelova § 105omtalt i 1 kilde →referert av 2 →
Sammenheng
Se også5
Referert av2
Koblinger for § 121 i samvirkelova.