Lov
Nynorsk
§ 68. Rett for tilsette til å velje styremedlemmar i konsern og føderative samvirke
Rett for tilsette til å velje styremedlemmar i konsern og føderative samvirke
(1) Når eit foretak høyrer til eit konsern, kan konsernet og eit fleirtal av dei tilsette, eller konsernet og ein eller fleire lokale fagforeiningar som omfattar eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, inngå skriftleg avtale om at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket.
(2) Når eit foretak tilhøyrer eit konsern, og det ikkje føreligg ei avtale etter første ledd, kan Kongen etter søknad frå konsernet, eit fleirtal av dei tilsette eller ein eller fleire lokale fagforeiningar som omfattar eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, fastsetje at dei tilsette i konsernet ved bruk av § 67 skal reknast som tilsette i foretaket.
(3) Første og andre ledd gjeld tilsvarande når eit foretak tilhøyrer ei gruppe av foretak som er knytt saman gjennom eigarinteresser eller sams leiing, medrekna føderativt samvirke.
(4) Kongen kan fastsetje at paragrafen her berre skal gjelde for delar av eit konsern, eit føderativt samvirke eller ei anna gruppe som nemnd i tredje ledd.
I konsern og føderative samvirke kan det avtalast eller vedtakast at alle tilsette i konsernet skal reknast som tilsette i det enkelte foretaket når styremedlemmer skal veljast.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 20 juni 2014 nr. 25 (ikr. 1 juli 2014).
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 68 i samvirkelova.